Kva no, olje-Noreg?

Petroleumsnæringa

Kva no, olje-Noreg?

Kortvarig nedkjøling eller byrjinga på slutten? Det er spørsmålet mange stiller seg i oljefylket Hordaland.

Dagleg leiar i HOG Energi, Ove Lunde, vil ikkje skrive under på nokon av desse merkelappane. – Like lite som eg trur på spådomane om at oljenedturen snart er over, trur eg på utsegnene om at oljealderen går mot slutten, seier Lunde. – Vi skal leve av olja i lang tid framover, men på eit meir realistisk nivå.  Kostnads- og aktivitetsnivået frå dei siste åra var ikkje berekraftig. På sikt vil vi difor kome styrka ut av denne prosessen.

Bitter medisin
Vurderingane til talsmannen for energinæringa sin interesseorganisasjon i Hordaland, er ikkje tekne ut av lufta. Dei siste månadene har Lunde og kollega Nelson Rojas hatt samtalar med over 40 bedriftsleiarar og andre sentrale personar i næringa. Biletet dei teiknar er dramatisk.

At omstilling er naudsynt, gjer den ikkje mindre smertefull. – Situasjonen for leverandørverksemdene i Hordaland er i utgangspunktet svært alvorleg, og vi trur endå det vil ta tid før botnen er nådd, seier Lunde.

«30 prosent ned»
Frå alle ledd i næringa breier det seg ei oppfatning om at prisar og kostnader må kuttast med snart ein tredel om ein skal overleve. – «30 prosent ned» er blitt det nye mantraet, seier Rojas. Redusert oppdragsmengde, kostnadskutt og prispress breier seg som ringar i vatnet. Det gjer at alle må ta grep og tilpasse seg den nye situasjonen.

Den siste tida har det heller ikkje mangla på handfaste signal frå næringa om at situasjonen spissar seg til. Ei rekkje verksemder har permittert og kutta i talet på tilsette. Nye rundar er varsla. Dette gjeld i alle ledd i verdikjeda frå dei store operatørverksemdene – via oljeservice og leverandørindustri, til dei mange små og mellomstore underleverandørane på botnen av verdikjeda. Lunde og Rojas trur vi så langt berre har sett starten på denne utviklinga, og at vi kan vente fleire rundar med oppseiingar og permitteringar framover.

Todelinga i revers
At situasjonen er alvorleg, finn vi òg støtte for i Næringsbarometeret sin forventingsindeks. Det har dei siste åra vore snakka mykje om den todelte økonomien, der oljenæringa har stått for optimismen og dynamikken og dei andre næringane har sakka etter. Utviklinga det siste året har tilsynelatande snudd dette biletet på hovudet. Så seint som i mai-utgåva av Næringsbarometeret frå 2014, var det kjerneverksemdene i oljenæringa som såg lysast på framtida med ein samla forventingsindeks på 24 poeng. Eitt år etter har forventingane i denne gruppa falle med heile 50 poeng til -26.

Noko liknande – om ikkje like dramatisk – skjer blant verksemdene som leverer varer og tenester til oljenæringa. Her fell forventingsindeksen frå +22 til -10. For verksemder utan oljetilknyting er det derimot berre små endringar å spore. Denne delen av næringslivet, som for eit år sidan hadde dei svakaste forventingane til framtida, er i dag den einaste gruppa med ein positiv forventingsindeks.

Ingen snarleg opptur
– Ting tyder på at politikarane, både regionalt og sentralt, ikkje heilt har teke alvoret inn over seg, meiner Ove Lunde. Han meiner fleire av dei analysane  som har vore lagt fram den siste tida er for optimistiske. Det gjeld mellom anna Rystad Energy, som ventar at vi allereie mot slutten av 2016 kan vente ny vekst i oljenæringa. Også Statoil har gitt signal om at aktiviteten vil ta seg opp att mot slutten av 2016, mellom anna som ei følgje av Johan Sverdrup utbygginga. (Statoils konsernsjef Arne Sigve Nylund til BT 09.04.2015.)

Verksemdene som HOG Energi har snakka med, er jamt over meir pessimistiske. Enkelte ser inga betring før 2018. Dette er meir i tråd med Oljedirektoratet sine vurderingar: Dei hevdar at oppturen først vil kome i 2018.

Godt nok er nok
I følgje HOG Energi er dei små og mellomstore verksemdene særleg utsette. Trond W. Nilsen, dagleg leiar i Sotra Contracting AS – ei verkstadbedrift med om lag 30 tilsette – er samd i dette, men hevdar samstundes at dei små aktørane har eigenskapar som kan kome til nytte i ei tid der kostnadsreduksjon er blitt førsteprioritet.

– Vi merkar oljenedturen med stor tyngd, både når det gjeld oppdragsmengda, og ikkje minst prispress. Men mange av dei potensielle kundane våre er òg på jakt etter leverandørar som er fleksible og lite byråkratiske, og som har evne til å finne billige måtar å utføre arbeidet på, seier Nilsen. I forhandlingane med kundane blir dei stadig oftare bedne om å gje to prisar – ein for å levere etter spesifikasjon og ein annan der dei får sjansen til  å finne enklare og billegare løysingar. For denne typen oppdrag er kanskje ingeniørar med praktisk erfaring frå golvet betre til å finne slike «godt nok»-løysingar enn «skrivebordingeniørane».

– Vi har levd i ei boble i denne næringa  i fleire år, seier Nilsen. – Dette kunne ikkje vare. No må vi tilpasse oss og finne smartare måtar å løyse utfordringane på. Konkursane vil nok kome, men kanskje helst mellom dei nyare og mindre erfarne aktørane som har skumma fløyten av  kostnadsboomen frå dei siste få åra. Sotra Contracting AS har så langt ridd stormen av og har berre gjort marginale kutt i staben.

Sterkare saman
Sotra Contracting AS er ein sentral medspelar i det strategiske samarbeidet som er utvikla mellom eit tjuetals verkstadbedrifter i Sotra-området. Samarbeidet, som har røter i Verkstedsgruppen under Vest Næringsråd, står mellom anna bak etableringa av Sotra Engineering, som skal sikre dei ulike aktørane i gruppa tilgang på relevant kompetanse. No står nyskapinga Sotra Industrial Group (SIG) for tur – eit selskap som skal gjere det enklare for aktørane å sikre seg større kontraktar. Målet er å bli rekna som ein totalleverandør for oljeselskapa gjennom samordning av  tilbod og felles marknadsføring.

– Vi har gått ein lang veg når det gjeld å sjå nytten av samarbeid, seier Nilsen. - For nokre år sidan var vi nøgde om ei kontrakt gjekk til Stavanger så lenge den ikkje enda opp hos naboverksemda. Vi har etter kvart erkjent at ein fleksibel samarbeidsmodell vil styrke oss alle, der vi i fellesskap klarar å synleggjere den samla kapasiteten og kompetansen som Sotra-miljøet representerer.

Kutt for vekst
Ei av verksemdene som har sett seg nøydd til å kutte i staben er Bergen Engines (Rolls-Royce) på Hordvikneset. Av ein stab på rundt 900 tilsette har først 70 midlertidig tilsette og no 135 av dei faste, mista jobben. – Vi planla for vekst, men ser no at det er naudsynt å tilpasse kapasiteten til fallet i eterspurnaden, seier kommunikasjonsdirektør Helge Skaar. Når nærare 90 prosent av verksemda sine motorar det siste året vart selde til offshore-marknaden, seier det seg sjølv at bråstoppen i bygginga av nye fartøy får konsekvensar.

– Kor lenge dette vil vare er umogleg å seie, meiner Skaar. – I mellomtida tek vi grep for å gjere oss meir konkurransedyktige. Vi har effektivisert produksjonen og har gjennom samarbeid med andre einingar i Rolls-Royce-konsernet fått eit mykje kraftigare globalt salsnett. – Men mest av alt har vi stor tru på den nyutvikla serien av motorar som no blir lansert, seier han. – Denne kjem i eit stort spenn av variantar som vil kunne nyttast til fleire formål, både på skip og på land. Det er ein motor med svært lave utslepp som vil stå sterkt i marknaden når krava til utsleppsreduksjon etter kvart blir skjerpa.

Kjelder
http://www.holga.no/default.asp?ID=325&K=10
http://www.vnr.no/sammen-om-et-vindmolleprosjekt/
Bergens Tidende (papirutgåva  21.04.2015): Spår at den store oljenedturen uteblir