Låg arbeidsløyse trass i auke

Arbeidsmarknaden

Låg arbeidsløyse trass i auke

Hittil i år har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane auka med 11 prosent. Auken er fordelt på mange næringar, men i industrien er det liten auke. 

Lågast arbeidsløyse i landet
Auken i arbeidsløysa er litt mindre enn det NAV hadde rekna med i prognosen for 2014, og fylket har framleis låg arbeidsløyse. Ved utgangen av april var 1 203 personar i Sogn og Fjordane – 2,1 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein auke på seks prosent frå april 2013.

Hittil i år (til og med april) har arbeidsløysa auka med 11 prosent i Sogn og Fjordane, mot 10 prosent på landsnivå.

Til tross for auken, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. I 1. tertial i år hadde Sogn og Fjordane i gjennomsnitt 2,2 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 2,9 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,3 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,7 prosent på landsnivå (figur 1).

Størst auke innan barne- og ungdomsarbeid
Arbeidsløysa har auka i dei fleste yrkesgrupper frå nyåret og ut april i år (figur 2). Auken har vore størst innan barne- og ungdomsarbeid. Ufaglærte står for det meste av auken her. Av dei større gruppene er det industrien som kjem best ut, med ein auke på berre tre prosent.   

Auke i alle regionar utan Sogn
Regionane Sunnfjord, Ytre Sogn/Ytre Sunnfjord og Nordfjord har ein auke i gjennomsnittleg arbeidsløyse på høvesvis 20, 18 og 12  prosent frå 1. tertial 2013 til 1. tertial 2014. Sogn har uendra arbeidsløyse. I Sunnfjord står Førde og Flora for mykje av auken, mens Gulen i Ytre Sogn/Ytre Sunnfjord og Stryn i Nordfjord står for mykje av auken i sine regionar. 

Til tross for auken, har framleis Ytre Sogn/Ytre Sunnfjord lågast arbeidsløyse med 1,6 prosent, mens Nordfjord har høgast arbeidsløyse med 2,9 prosent. I Nordfjord er det særleg Vågsøy og Selje som dreg opp gjennomsnittet.

Ventar auke i arbeidsløysa i 2014
Ifølgje dei siste prognosane frå NAV, kan den gjennomsnittlege arbeidsløysa auke med 12 prosent på landsnivå i 2014. NAV Sogn og Fjordane trur at det i Sogn og Fjordane kan bli ein auke på 14 prosent, året sett under eitt. Det kan dermed bli om lag 1 250 heilt ledige i gjennomsnitt i 2014, mot 1 100 i 2013. Til tross for den venta auken, vil fylket framleis ha ei forholdsvis låg arbeidsløyse.

Artikkelen er utarbeidd av NAV