Lågare forventingar, men framleis stor aktivitet

Leiar

Lågare forventingar, men framleis stor aktivitet

Næringsbarometeret for Hordaland viser lågare forventingar til 2014 enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Dette er ein tendens som er fanga opp av fleire undersøkingar i det siste, mellom anna i NHO sitt Økonomibarometer for 4. kvartal 2013. 

Verksemdene har dei siste åra meldt om lågare investeringar. I Næringsbarometeret vi legg fram no, ser vi for første gong ei negativ forventing til 2014. Investeringane i konkurranseutsett næringsliv på fastlandet ligg på eit historisk lågt nivå. No fell også bustadinvesteringane trass i høg etterspurnad etter bustader. Innføringa av særnorske kapitalreglar for bankane ser ut til å påverke den økonomiske utviklinga i stor grad.

Treng investeringar
Dei internasjonale konjunkturane, i tillegg til avdempa innanlandsk etterspurnad, fører til at mange verksemder ventar lågare vekst i 2014. Norge har vore eit annleisland i tida etter 2008, og i stor grad skjerma frå tilbakegangen i internasjonal og europeisk økonomi. Vårt store olje- og gassrelaterte næringsliv har trekt resultatet i positiv retning. Samtidig har konkurranseutsett industri som ikkje direkte er relatert til olje og gass, meldt om ein tøffare internasjonal marknad med redusert ordreinngang som følgje av krisa.

Difor er det no viktig at regjeringa prioriterer konkurransefremmande tiltak i tida framover. Det er i dei gode tidene at ein må sko seg for å møte dei dårlege. Vi treng fleire investeringar som styrkjer vår konkurranseevne. For Vestlandet sin del inneber det å satse på forsking og utvikling, samt samferdsleprosjekt som utvidar arbeidsmarknadsregionane. Når ROGFAST og HORDFAST er ferdigstilt vil ein tur mellom Bergen og Stavanger ta om lag like lang tid som ein tur mellom Lillehammer og Oslo.

Fleire må med
Resultata for fagutdanninga viser at Hordaland er nest best i landet når det gjeld talet på læreplassar. Sjølv om det er bra, er vi sjølvsagt ikkje nøgd før vi har inntatt trona att. Det som er urovekkjande, er det høge fråfallet i utdanninga. Heile 50 prosent fell frå før avslutta utdanning, og mange elevar blir pressa inn i VG3-løp i staden for eit tilbod om opplæring i bedrift med avsluttande fag- eller sveinebrev.

Sjølv om det skulle kome ein liten nedgang no, viser alle framskrivingar av arbeidsmarknaden at Vestlandet vil ha stort behov for fagarbeidarar og handverkarar i åra som kjem. Til no har arbeidsinnvandring dekka verksemdene sine behov, men det er ein kortsiktig tanke. Den dagen det går litt betre i Europa, vil mange reise tilbake. Difor er det så viktig å satse på fagutdanninga også i eit langsiktig perspektiv.

Næringslivet i Hordaland treng alle gode krefter og har ikkje råd til at så mange fell frå utdanningsløpet. Eg ser positivt på at den nye regjeringa signaliserer eit løft for fagutdanninga. Saman må vi snakke opp og heve statusen til fagutdanninga slik at fleire ser moglegheita for eit attraktivt karriereløp.

Tom Knudsen
Regiondirektør NHO Hordaland