Læreplassar sikrar rekrutteringa

Lærlingar

Læreplassar sikrar rekrutteringa

I fjor fekk 2034 av totalt 2199 søkjarar tilbod om lærlingplass i Hordaland.  Behovet for lærlingplassar vil truleg berre auke framover. 

Etterlyser fleire lærebedrifter
- Lærlingar er den einaste måten for mange verksemder å sikre rekrutteringa på, seier fagopplæringssjef i Hordaland, Inge Alver. - I åra som kjem er det særleg viktig at private verksemder i alle bransjar og offentleg sektor i Hordaland kjem på bana med fleire læreplassar.

I 2011 fekk Hordaland fylkeskommune tildelt 18,3 millionar kroner frå staten for å motivere fleire lærebedrifter til å ta inn lærlingar og lærekandidatar. Målet er at alle søkjarar med ungdomsrett kan få eit tilbod. Midlane har vore brukte til å gi ekstra tilskot til bedrifter som har tatt inn lærlingar i fag der ein manglar lærlingplassar. Likevel har det vore vanskeleg å skaffe alle søkjarar plass. I 2011 sto 165 søkjarar utan lærlingplass.

– I den ideelle verda ville det alltid ha stått ein ledig læreplass for alle som går ut av VG2 yrkesfag, seier Alver. – Det gjer det ikkje, men vi er ikkje så langt unna. Nett no er det rikeleg med læreplassar innan byggje- og anleggsektoren, men det skuldast særs gode konjunkturar for tida. For berre få år sidan var tilhøva heilt annleis i denne bransjen.

Bygg og anlegg på topp
Det er flest lærlingar i bygg- og anleggssektoren, i følgje Bedriftsundersøkinga. To av tre byggje- og anleggsverksemder svarar at dei har hatt lærlingar dei to siste åra. Innan olje- og energisektoren og offentleg og privat tenesteyting svarar litt over 40 prosent det same, medan det i industrien berre er 30 prosent som melder at dei har hatt lærlingar dei siste to åra.

Det er nettopp i industrien at behovet for fleire læreplassar vil auke, trur Alver. – Utfordringane framover blir å få fleire læreplassar innan elektrofag og metallfag. Innan industrimekanikarfaget, plate- og sveisefag, samt bilfaget treng vi alltid fleire læreplassar. Særleg no når det er gode tider skulle vi hatt med fleire verksemder.

Treng både lærlingar og lærlingplassar
Talet på lærlingkontraktar følgjer konjunkturane, viser tal frå fagopplæringskontoret. I 2008 vart det til saman inngått 2186 nye lærlingkontraktar i fylket. Året etter, då finanskrisa gjorde seg gjeldande, var talet nede i 1956. Sidan då har talet auka sakte. I 2011 vart det inngått til saman 2034 nye lærekontraktar i Hordaland.

Men for somme fag kan ikkje mangelen på læreplassar forklarast med konjunkturutviklinga. Alver peikar på helsefaga som døme. - Helsefagarbeidarar er noko vi veit vi vil trenge i framtida. Men ungdomane vegrar seg for å søkje denne vegen fordi dei ikkje er garantert fulle stillingar når dei er ferdige med læretida. Dette er ei utfordring for læreordninga, som kommunane og helseføretaka ikkje ser ut til å ta på alvor, seier Alver.

Skal fylket få dekka behovet for kvalifisert arbeidskraft i åra som kjem, trengst ei satsing både på rekruttering av lærlingar og verksemder som kan tilby lærlingplassar. Estimat frå NAV viser at fylket manglar 1300 handverkarar. Samstundes viser tal frå SSB at Hordaland ligg godt bak nabofylket Rogaland i talet på lærlingar. For kvar tiande yrkesfagelev i Hordaland, går fire vidare til ei lærlingordning. Både Rogaland og Sør-Trøndelag har fleire lærlingar per yrkesfagelev, høvesvis 55 og 47 prosent. Det kan vere eit uttrykk for at det vert satsa sterkare på lærlingordninga i desse fylka.

Fagopplæring først
Det finst i dag i hovudsak tre ulike lærlingordningar, der lengda på læretida varierer. Verksemdene i Bedriftsundersøkinga ser ut til å føretrekke ei jamn fordeling mellom fagopplæring i skulen og læreperiode. To av tre verksemder som har hatt lærlingar dei to siste åra, oppgir at ordninga med to år yrkesfag før to års læreperiode er viktigast for dei. Berre 15 prosent føretrekker ei ordning med eitt år yrkesfag og tre års læretid. Svært få, berre åtte prosent, ønskjer å ta inn lærlingar utan at dei har hatt yrkesfagleg opplæring først.