Vekst i krisetider

Leiar

Vekst i krisetider

Todelinga i Vestlandet sin økonomi, den stramme arbeidsmarknaden og internasjonal finansiell uro har vore faste tema i Næringsbarometeret i fleire år. Dei same tendensane gjer seg gjeldande også i denne utgåva.

Todelinga i Vestlandet sin økonomi, den stramme arbeidsmarknaden og internasjonal finansiell uro har vore faste tema i Næringsbarometeret i fleire år. Dei same tendensane gjer seg gjeldande også i denne utgåva. Men Næringsbarometeret viser at det er liv laga også utanfor oljeøkonomien. Fleire bransjar som ikkje er knytt til olje- og gassnæringa melder om gryande optimisme. Også eksportnæringa i Hordaland er grunnleggjande optimistisk med tanke på det komande året. Dette gjeld også dei som eksporterer til det kriseramma EU.

Næringslivet på Vestlandet er privilegert, og skil seg frå andre regionar ved at det er knytt sterkt til olje- og leverandørindustrien.  Med det som utgangspunkt er det viktig også å ta i bruk Næringsbarometeret som grunnlag for å tenkje nytt når ein ser framover. Svaret frå verksemdene no er å sjå etter smartare og meir rasjonell produksjon.

For Hordaland fylkeskommune gir dette signal om korleis verkemiddel bør nyttast  i tida framover. Vi ønskjer å leggje til rette for variasjon i næringslivet, og for å lukkast trengs det nytenking for å vega opp for ulemper knytt til høge produksjonskostnader. Dette vil gjere næringslivet meir robust og mindre utsett for svingingar innan enkeltbransjar. Døme på slike satsingar kan være kunnskaps- og kulturbaserte næringar, og ikkje minst industri med vekt på innovasjon innan avansert automatisering og effektivisering.

Eit anna viktig trekk er rapportane om god vekst innan segment av europeiske marknader. Eit døme frå barometeret er marknaden for sjømat, der ein forventar auka etterspurnad. Staten legg i 2013 opp til ny berekraftig vekst i akvakultur med 45 nye laksekonsesjonar. Dette vil gje akvakulturnæringa nye muligheiter.

I eit globalt langsiktig perspektiv er det merksemd om at verdiar som miljø, berekraft og klima må vektleggjast som ein stadig viktigare premiss for næringslivet. For næringslivet kan denne utfordringa vise veg mot vekst innan smarte- og berekraftige segment. Klimavennleg produksjon og produkt kan i framtida bli eit viktig konkurransefortrinn, og fylkeskommunen vil stimulere til utvikling i denne retninga.