Rekrutteringskrise bremsar innovasjon

Leiar

Rekrutteringskrise bremsar innovasjon

Næringslivet i fylket melder om kompetansemangel, særleg innan realfag, og det er ikkje overraskande. Dette er ei utfordring for innovasjonsfylket Hordaland. 

Norge er avhengig av eit nyskapande næringsliv. Vi kan aldri bli billegast, difor må vi vere best og mest innovativ. Næringsbarometeret syner at det framleis er vekst i økonomien i Hordaland. Og det er bra! Utfordringa ligg no i å passe på at kompetansemangelen, særleg innan realfag, ikkje gjer at vi misser konkurranseevne.  

Og éin ting er det behovet som blir meldt inn i eksisterande bedrifter, men kva med dei bedriftene som ikkje enno er skapte? Vi i Innovasjon Noreg ønskjer oss fleire gode gründerar og levedyktige oppstartsbedrifter. Å ta ei bedrift frå etablering til vekst, krev tilgang på rett og relevant kompetanse. Vi veit at det er ein positiv samanheng mellom oppgangstider og tal på nyetableringar. Kompetansemangel kan lett ha motsett verknad.      

Vi høyrer frå OWEC Tower, ei framtidsretta bedrift innan miljøteknologi, at dei ikkje klarar å konkurrere med oljeindustrien om arbeidskrafta. Særleg for unge bedrifter som treng realfagleg kompetanse blir kompetansemangelen eit hinder for vidare vekst. Det kan gå ut over innovasjonstakta i regionen vår, samstundes som vi risikerer å bli endå meir einsretta i næringslivet vårt.

Hordaland har mange gode klynger og innovative næringsmiljø, slik som NCE Subsea. Koplinga som ligg i næringsklyngene mellom bedriftene, forskings- og innovasjonsmiljøa og utdanningsinstitusjonane er heilt avgjerande for konkurransekrafta i fylket. Det at vi har ein auke i talet på søkjarar til subsea-linja og til ingeniørutdanninga i Bergen er ein konsekvens av dette samarbeidet. Samspelet mellom forskingsmiljøa og næringslivet er avgjerande når vi skal skape morgondagens næringsliv. 

Ei anna utfordring er at det er store regionale skilnader i fylket på dei fleste indeksane. Eg trur vi må bli flinkare til å tenkje arbeidsmarknadsregion framfor kommunegrenser i fylket vårt. I takt med utbyggingar innan samferdsle, kjem kommunane nærare kvarandre og pendleregionane kan bli utvida. I dag må ein kunne tilby relevante jobbar til to og vi er nøydde til å tenkje større enn eigen kommune for å få dette til. Vi må spele kvarandre gode her i Hordaland. Samarbeid gir attraktivitet, vekst og innovasjon. 

Nina Broch Mathisen
Direktør Innovasjon Norge