Eit varsel på kva vi har i vente

Leiar

Eit varsel på kva vi har i vente

Høgt kostnadsnivå i petroleumsnæringa kombinert med låg oljepris og svak kronekurs er tre faktorar som kjem til å påverka næringslivet på Vestlandet i 2015. 

Næringsbarometeret viser at det er i dei petroleumsretta verksemdene at forventingane fell mest. I fleire år har desse verksemdene hatt høgare forventingar til framtidig vekst enn selskap som ikkje har hatt petroleumsrelatert omsetnad. I år ligg forventingane omtrent på same nivå. Ei endring etter fleire år med rekordhøg aktivitet til det som kan kallast normale tider i denne bransjen, får likevel ringverknader for næringslivet på Vestlandet. Men sjølv om varselslampane har byrja å blinka, er det ikkje krisetilstandar i Hordaland. Investeringane er framleis høge i eit historisk perspektiv, og Hordaland er framleis skjerma for den store nedturen på grunn av høg aktivitet i andre bransjar.

Trass i forventingar om ein magrare økonomi, peikar Næringsbarometeret på at det samla sett ikkje ligg an til ein reell nedgang i sysselsettinga i 2015. Blant dei mest petroleumsintensive verksemdene er det framleis langt fleire som trur på vekst, enn kutt i arbeidsstokken. Det kan tyde på at dei som blir overflødige i éin del av næringa vil bli fanga opp av verksemder i andre delar av næringa. Krisa blir dermed ikkje så omfattande som enkelte spådomar kan tyde på, sjølv om omstillingsprosessen som no så smått er sett i gang er eit lite varsel på kva vi har i vente når oljeinntektene etter kvart gradvis blir fasa ut av økonomien vår. Ei anna motvekt til lågare forventningar i petroleumsnæringa er Euro-kursen, som har auka frå godt og vel sju kroner til litt over ni kroner i løpet av to år. Sjølv om feriane våre på Rivieraen no vert dyrare, er svakare kronekurs gull verdt for eit fylke som er stor eksportør av laks og andre varer til EU.

For Hordaland fylkeskommune gir denne utviklinga signal om at våre verkemiddel må nyttast meir effektivt i åra framover. Vi må også gradvis førebu oss på ei framtid som gjer næringslivet mindre avhengig av petroleumsøkonomien og betre i stand til å møta endringar som vil koma.