Litt høgare arbeidsløyse i 2013

Arbeidsmarknaden

Litt høgare arbeidsløyse i 2013

Dei siste månadane har reduksjonen i arbeidsløysa i Sogn og Fjordane bremsa opp, og NAV trur at vi kan få ein liten auke i 2013. 

Det er ingen dramatikk i dette, då fylket framleis har svært låg arbeidsløyse. Det er likevel ein del uvisse kring situasjonen på arbeidsmarknaden i 2013. Dette skuldast særleg eksportverksemder som opplever svikt i marknaden. I eit lite fylke som Sogn og Fjordane kan oppseiingar og permitteringar i enkeltverksemder slå mykje ut på arbeidsløysetala. 

Sogn og Fjordane med lågast arbeidsløyse i landet
Ved utgangen av desember var 971 personar i Sogn og Fjordane – 1,7 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein reduksjon på to prosent frå desember 2011.

I 2012 hadde Sogn og Fjordane, året sett under eitt, ein reduksjon i arbeidsløysa på åtte prosent. På landsnivå var reduksjonen på fem prosent.

Sogn og Fjordane hadde, saman med Rogaland, lågast arbeidsløyse i landet i 2012. Fylket hadde i gjennomsnitt 1,8 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 2,5 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,3 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,6 prosent på landsnivå (figur 1).

Arbeidsløysa mest ned i bygg og anlegg
I Sogn og Fjordane har gjennomsnittleg arbeidsløyse gått ned i dei fleste yrkesgruppene frå 2011 til 2012 (figur 2). Nedgangen er størst innanfor bygg og anlegg og butikk- og salsarbeid. Innanfor barne- og ungdomsarbeid, kontorarbeid og serviceyrke, har arbeidsløysa auka. 

Nedgang i arbeidsløysa i Sunnfjord og ytre Sogn
Regionane Sunnfjord og ytre Sogn/ytre Sunnfjord har ein reduksjon i gjennomsnittleg arbeidsløyse på høvesvis 24 prosent og 19 prosent frå 2011 til 2012. Sogn har ein auke på sju prosent og Nordfjord på to prosent. Ytre Sogn/ytre Sunnfjord har lågast arbeidsløyse med 1, 3 prosent, mens Nordfjord har høgast arbeidsløyse med 2,4 prosent. I Sunnfjord er det Høyanger som står for størsteparten av reduksjonen i arbeidsløysa, medan det i Sogn er Årdal som står for auken i arbeidsløysa.

Ventar auke i arbeidsløysa i 2013
Ifølgje dei siste prognosane frå NAV, kan gjennomsnittleg arbeidsløyse auke med 2,4 prosent på landsnivå i 2013. NAV Sogn og Fjordane trur at det i Sogn og Fjordane kan bli ein auke på ti prosent. Det kan dermed bli om lag 1 100 heilt ledige i gjennomsnitt i 2013, mot 1 000 i 2012. Til tross for den venta auken, vil fylket framleis ha ei svært låg arbeidsløyse. Prognosen er litt usikker, fordi det er uvisse knytt til utviklinga i internasjonal økonomi og situasjonen for enkeltverksemder i fylket.