Liv laga i oljeskuggen

Industri

Liv laga i oljeskuggen

Den oljerelaterte industrien lever glade dagar. Men skilnadene til verda utanfor er mindre enn ein skulle tru. Også tradisjonelle industriverksemder gjer det godt og tek grep for å tryggje framtida.

Offshore og onshore
- Vi har lagt bak oss eit svært godt offshore-år, samstundes som vi slit med lønsemda innanfor skipsbyggingsaktiviteten, seier kommunikasjonsdirektør Øyvind Risnes i Bergen Group til Næringsbarometeret. Stemningsrapporten frå eit av dei leiande industrikonserna i fylket er eit talande uttrykk for den todelinga av norsk økonomi som i aukande grad uroar både industrileiarar og ekspertar. Mellom anna melder NHO i sitt økonomibarometer frå fjerde kvartal 2012 at den tradisjonelle industrien slit og at investeringsaktiviteten i fastlandsindustrien nærmar seg eit historisk lågt nivå. 

Betre i Hordaland
Men mykje tyder på at Hordaland ikkje har det like ille som landet sett under eitt. Fylket har ein sterk og ekspansiv leverandørindustri som nyt godt av det rekordhøge aktivitetsnivået i petroleumssektoren. Samstundes ser den meir tradisjonelle industrien ut til å klare seg rimeleg bra til tross for oljedriven kostnadsvekst og svakare internasjonal etterspurnad.

- Sjølv om det er krevjande, går innanlandsmarknaden òg bra, seier Risnes i Bergen Group. – I den norske marknaden har vi jo den hyggjelege situasjonen at dei to nyaste prosjekta ved BMV er leveransar til lokale kundar i Hordaland. I januar leverer Bergen Group eit flunkande nytt offshore-skip til Atlantic Offshore på Sotra. I tillegg arbeider konsernet på eit milliard-prosjekt for det Austevoll-baserte selskapet North Sea Shipping. Dette avanserte offshore-skipet, som skal stå ferdig i 2014, var den største enkeltkontrakten som Bergen Group-konsernet teikna i 2012. 

Få teikn på krise
I følgje Næringsbarometeret si undersøking er det lite krisestemning å spore hos industrien i Hordaland. Berre 17 prosent av verksemdene melder om dårlege marknadstilhøve og heile 40 prosent meiner at dei er gode eller særs gode.  Og sjølv om ein tredjedel av verksemdene seier at ordrereservane er lågare enn for eit år sidan, er det like mange som har opplevd vekst.

Industrien i Hordaland er også rimeleg positiv for det komande året. Den samla forventingsindeksen går opp frå 17 til 24 poeng frå mai 2012. Dette er likevel godt under målinga frå i januar 2012, då indeksen nådde sitt høgste nivå på denne sida av finanskrisa. Det er først og fremst når det gjeld talet på tilsette og investeringar at industriverksemdene har blitt meir positive det siste halve året. For investeringar går forventingsindeksen opp frå 4 til 24 poeng. Det bryt markert med dei observasjonane som NHO har gjort for industrien i Norge sett under eitt. Resultatet bryt også med SSB sine prognosar for investeringar i industrien der det er venta ein svak nedgang i 2013. Når det gjeld talet på tilsette, aukar forventingsindeksen frå 21 til 30 poeng. Om Næringsbarometeret sitt estimat for tilsettingsvekst slår til, vil det bli vel 400 fleire tilsette i industrien i Hordaland i løpet av det komande året. 

Todeling, men kva så?
Skilnadene mellom industriverksemder innanfor og utafor petroleumsnæringa er likevel synlege også i Hordaland.  Medan 57 prosent av dei petroleumsretta verksemdene ventar vekst i omsetnaden det neste året, er det tilsvarande talet for dei utanfor oljeøkonomien 32 prosent. To av tre petroleumsretta verksemder ventar vekst i sysselsettinga, mot ein av tre i den andre gruppa. Stemninga hos verksemder utan direkte tilknyting til oljeøkonomien er likevel langt frå pessimistisk. Alle indikatorane ligg trygt på den positive sida og skilnaden i den samla forventingsindeksen er slett ikkje så stor (22 versus 29 poeng). 

Høge investeringar på land
Når det gjeld investeringar, er det faktisk hos verksemder utan petroleumsretta omsetnad at ekspansjonstrongen er størst. Heile 46 prosent av verksemdene i denne gruppa planlegg å auke investeringstakta det komande året. Mest ingen ventar reduksjon. Dette skulle tyde på at økonomien i den landbaserte industrien er solid. Dei utfordringane ein måtte stå oppe i blir møtt med fornying og ekspansjon.

Lid Jarnindustri i Norheimsund er truleg ein typisk representant for den landbaserte industrien i fylket. Verksemda med vel 50 tilsette produserer vedmaskiner og snøryddingsutstyr og kan vise til ein jamn vekst dei seinare åra. Marknaden er i all hovudsak innanlands og er i svært liten grad påverka av dei internasjonale konjunkturane. – Vi er meir avhengige av kalde og snørike vintrar enn av krisa i Europa, seier dagleg leiar Svein Ove Lid. – Men den innanlandske konkurransen er hard, og vi må heile tida evne å fornye oss.

Verksemda har åtte tilsette som berre jobbar med produktutvikling. Det blir stadig investert i nye sveiserobotar, lakkeringsmaskiner og anna utsyr som kan redusere produksjonskostnadane. – Lønsnivået for den type arbeidskraft som vi treng ligg nok 5-10 prosent høgare i Hordaland enn i resten av landet grunna den store etterspurnaden frå offshore-verksemda. Derfor må vi heile tida satse på betre produkt og meir effektiv produksjon, seier Lid.

Truleg er den oljedrivne kostnadsveksten ei sterkt medverkande årsak til at ein så stor del av den landbaserte industrien planlegg å auke investeringane det komande året. Det høge lønsnivået og den harde konkurransen om arbeidskrafta stiller krav til omstilling. Men samstundes er forventingane om auka investeringar eit uttrykk for at den landbaserte industrien har økonomisk ryggrad til å handtere denne omstillinga.

Investeringstoppen nådd i leverandørindustrien?
Kva som er årsaka til at berre ein av fire petroleumsretta verksemder ventar auka investeringar i 2013, er vanskelegare å forklare. I følgje SSB sine investeringsprognosar vil nærare 208 milliardar kroner bli investert i olje- og gassverksemda i det komande året – endå nokre hakk opp frå toppåret 2012. Dette gjeld investeringar i leiting, feltutbygging og landbasert verksemd – aktivitetar som normalt vil stimulere etterspurnaden hos leverandørindustrien i Hordaland. Ei mogleg årsak er at investeringstakta i leverandørindustrien, etter eit par særs gode år, allereie ligg på eit svært høgt nivå. Det er såleis naturleg at investeringstakta avtar. Likevel tyder lite på at det høge aktivitetsnivået i olje- og gassverksemda vil reduserast med det første. 

Kjelder
NHO Økonomibarometer, 4. kvartal 2012
SSB, Investeringsstatistikk. Industri, bergverksdrift og kraftforsyning, 4. kvartal 2012
SSB, Investeringsstatistikk. Olje- og gassvirksomheten 4. kvartal 2012