Målretta marknadsarbeid og mindre uvisse

Finansiell og forretningsmessig tenesteyting

Målretta marknadsarbeid og mindre uvisse

Ulikt dei andre næringane, viser forventingsindeksen ein klar oppgang blant Hordalandsbedriftene innan finans og forretningstenester. 

Forventingane til omsetnad for 2014 har auka med 14 poeng jamført med 2013, medan forventingane til lønsemd og investeringar har auka med 8 poeng. Når det gjeld rekruttering ventar bedriftene stort sett å halde seg på same nivå som i fjor. Det tyder på at bedriftene klarar å produsere meir med den same bemanninga.

Stabilisering av bank og bustadmarknad
Jan Erik Fåne i Finans Noreg peikar på at stabilisering av bustadprisane kan vere ei forklaring på dei positive forventingane i næringa. – I løpet av dei første månadene av 2014 viste det seg at utviklinga vi såg i bustadprisane i siste halvdelen av 2013 dreia seg om ei justering, og ikkje eit krakk. Då var det mange som pusta letta ut. Fåne peikar òg på at det har vore uvisse om rammevilkåra til finansnæringa, og at det særleg har ramma bankane.

Dagleg leiar Kenneth Vaule i Sigma Revisjon i Åsane trur òg at mindre strenge krav frå bankane gjer at fleire tør å satse igjen. Det skapar etterspurnad etter rådgjevingstenestene Sigma tilbyr. – Vi ser at det er mange bedrifter i Hordaland som har behov for tenestene våre, og vi opplever litt større etterspurnad etter rådgjevingstenester. Servicebransjen og  restaurantbransjen er særleg på hogget, men vi ser òg at dei som driv med eigedomsutvikling ynskjer å satse no som bankane er meir villige til å gje lån, seier Vaule.

Tenkjer nytt
Bedriftsundersøkinga viser at over halvparten av bedriftene som driv med juridisk tenesteyting, rekneskap, revisjon og skatterådgjeving ventar auka omsetnad i 2014. Vaule kjenner seg att, og fortel at Sigma Revisjon har hatt ein god start på 2014. Når det gjeld rekruttering er bedrifta òg på linje med resultata i bedriftsundersøkinga. – Etter at revisjonsplikta for dei minste aksjeselskapa vart fjerna i 2011 hadde vi ikkje behov for å rekruttere. Vi var nøydde til å tenke nytt, og det førte til at vi utvikla rådgjevingstenester. Det hadde vi ikkje tenkt på tidligare, fordi vi var nærmast i ei verna boble der vi ikkje rakk å ha fokus på nye marknader, seier han.

Utfordringane har likevel ført til ei positiv utvikling. Vaule trur at å tilby eit breiare tenestespekter gjer dei meir effektive. – Revisjonsjobben er veldig konsentrert, med eit stort arbeidspress om våren og fram til sommarferien. Tidligare var det mindre å gjere i hausthalvåret, og vi var «mette» etter å ha jobba hardt på vårparten. No er vi meir vakne for å skaffe rådgjevingsoppdrag i hausthalvåret, og utnyttar tida betre. Det hadde vi ikkje så mykje fokus på tidlegare.

Bemanningsbedriftene rekrutterer
I følgje Bedriftsundersøkinga er det berre i bemanningsbransjen at fleirtalet forventar å rekruttere. Ei av desse er Visma Personnel AS. Firmaet tilbyr utleige og rekruttering av personell innanfor økonomisk-administrative stillingar og IT. – Vi satsar på rekruttering, og ynskjer å auke rekrutteringa i forhold til fjoråret. Hittil i år har vi nådd måla våre, fortel Hildegunn Stokke, avdelingsleiar ved Bergensavdelinga. Visma Personnel forventar også vekst i omsetnad og lønsemd. – I fjor hadde vi ein vekst i omsetnaden på 25 prosent, og vi trur på vekst også i år. Prosentvis ventar vi at botnlinja vil auke meir enn omsetnaden, spår Stokke.

På same måte som Vaule, trur Stokke at veksten dei opplever heng saman med forhold dei sjølve påverkar. – Det har med vår strategiske satsing å gjere, både når det gjeld å drive på ein mest mogleg lønsam måte og å setje i verk marknadsretta tiltak. Vi har lukkast med å identifisere det som har vore våre svake punkt og jobbar målretta med dette, fortel ho. – Det er viktig å jobbe med å gjere marknaden meir kjent med tenestene vi tilbyr, avsluttar ho.