Mangfald og metall inst i fjorden

Regionalt utsyn

Mangfald og metall inst i fjorden

Aluminiumsverka i Årdal og Høyanger kjempar med låge prisar og må skjere ned for å overleve i framtida. Men i Sogn finst òg andre vekstkraftige næringar.

Sogn kjem på jumboplass i årets Næringsbarometer med ein samla forventingsindeks på 11 poeng. Det skuldast først og fremst at investeringslysta er særleg låg i regionen. Den negative investeringsindeksen i figur 1 viser at det er langt fleire som ventar å redusere framfor å auke investeringane i år. Dei andre indikatorane står det betre til med. Mellom anna ligg forventingane til tilsette på nokolunde same nivå som Nordfjord som kjem ut på topp.

To hovudskiljeliner
Det finst ei tydeleg todeling i næringslivet i Sogn. På den eine sida er dei mange små verksemdene ein finn i mest kvar ei bygd. På den andre finn vi dei store tungindustriverksemdene representert ved Norsk Hydro sine anlegg i Årdal og Høyanger. Men i mange kommunar er landbruk framleis ei sentral næring og reiseliv blir stadig viktigare i fleire kommunar. Sogn ligg framleis godt under landssnittet med omsyn til prosentdelen tenesteytande næringar, både innan offentleg og privat sektor. Sogndal og Leikanger skil seg ut med eit veksande tal tilsette innan tenesteytande næringar.

Olje eller ikkje olje
Eit anna skilje som blir tydelegare, er skiljet mellom verksemder som på eitt eller anna vis er knytt opp mot leveransar til petroleumssektoren – og dei som ikkje er det.  Vi tel seks verksemder, pluss nokre klatrarar og breførarar frå Jostedalen som arbeider som tilkomstklatrarar på boreplattformar i Nordsjøen. Dei klatrar der ingen andre kjem til.

Trauste sogningar
– Sogn og Fjordane er det fylket i landet med høgast overlevingsprosent for nyetablerte verksemder dei siste åra, fortel næringssjef i Luster Olav Grov. Han er også leiar av næringsnettverket i Sogn. Etter fem år hadde 40 prosent av verksemder etablert i 2005 overlevd i Sogn og Fjordane. I Hordaland er talet 28 prosent, og 30 prosent for landet sett under eitt. – Dette hengjer nok saman med at Sogn og Fjordingar er litt trauste og ikkje tek dei største sjansane, seier Grov. – Det er lite konkursar i Sogn og Fjordane. Samtidig gjer dette særtrekket at det også er få nyetableringar. Her ligg heile fylket under landssnittet. Grov undrar seg på om ei av årsakene til dette er at det i små samfunn der alle kjenner alle er ei ekstra belasting å mislukkast. – Den som lukkast med å etablere ei verksemd i fylket, får godord både frå kommunen og bygdefolket, men om ein etablerer ei verksemd som går konkurs, får ein gjerne høyre «kva var det eg sa». Denne mentaliteten må bort om ein skal få fleire initiativlystne sogningar til å våge å satse på nyetablering.  

Sogndal - vekstsenteret
Regionsenteret Sogndal vart i NHO sitt Nærings-NM nyleg kåra til den fjerde beste kommunen i landet å drive næring i. Det er òg den kommunen som har den mest markante folketalsveksten i Sogn. Nabokommunane Luster og Leikanger opplever òg folketalsvekst. Desse kommunane har anten eit høgt innslag tenesteytande næringar innan både privat og offentleg sektor, eller dei har ein variert og mangslungen industri i ikkje-konjunkturavhengige næringar. Verre stilt er industrikommunane Årdal, Høyanger og Vik, som alle har opplevd nedgang i folketalet dei siste åra.

Det er ingen automatisk samanheng mellom folketilvekst og positiv næringsutvikling. Men i eit lokalsamfunn med tilflytting vil det gjerne etter kvart kome til nye verksemder som gir nye og spanande arbeidsplassar. Såkalla moderne næringar innan tenesteyting og den kreative sektor vil i sin tur trekkje nye tilflyttarar, eller attendeflyttarar. Regionsenteret Sogndal står her fram som den klart beste kandidaten til å få ytterlegare folketilvekst – og fleire nye og spanande arbeidsplassar.

Kjend for fotballen
Kanskje er det noko som er viktigare enn andre næringar i Sogndal – nemleg fotballen. For nordmenn flest er Sogndal truleg meir synonymt med fotball enn saftproduksjon, høgskule eller vekstkraftig regionsenter i Sogn. 550 personar i Sogndal har idrett som heiltidsverksemd, skriv Bergens Tidende. I følgje avisa gjer dette Sogndal til landets nest største idrettsmiljø. Berre miljøet kring Olympiatoppen og Norges idrettshøgskule i Oslo er større i Noreg.

Årdal - industrisenteret
Skal ein skrive om Sogn, kjem ein ikkje utanom Årdal. Industrisamfunnet ligg om lag så langt inn i fylket ein kan kome. Med ei dominerande hjørnesteinsverksemd som produserer for eksport, har lokalsamfunnet vore vant med skiftande etterspurnader og konjunkturar.

At metallindustrien i Årdal og Høyanger slit, hengjer saman med sviktande etterspurnad i ein global marknad, samt hard konkurranse frå lågkostland som Kina. Den delen av industrien i Sogn som produserer investeringsvarer som maskiner, røyrsystem eller driv med reparasjon og installasjon av maskiner, går det betre for. Dei opplever større produksjonsvolum og kraftig oppgang i sysselsettinga. Her er det kapasitetsvanskar og mangel på kvalifisert arbeidskraft som kan kome til å bremse produksjonsveksten. Næringsmiddelindustrien i regionen som t.d. Lerum, opplever som metallindustrien tøffe tider, men av heilt andre årsaker. Dette er omtalt i industrikapitlet.

Meir enn metall
– Årdal handlar ikkje berre om aluminium, understrekar Terje Laberg ved Årdal Utvikling. Kommunen har også ei rekkje andre industriverksemder som går bra. – Nedbemanninga ved Årdal Metallverk råkar likevel også etter kvart dei mange lokale verksemdene som leverer tenester og varer til Hydro. Vi har det tøft no ved at produksjonsverksemdene slit. Det viktige er at underleverandørar slik som HMR er i ferd med å finne nye marknader. Dei nyttar no nedgangstidene til å posisjonere seg i El-kraft marknaden, seier Laberg i eit intervju på Årdal Utvikling si heimeside.

Luster - mangfaldskommunen
I Luster kommune finn vi mykje spennande næringsaktivitet. Fleire industriverksemder har god utvikling. Avery Dennison NTP er eit døme. I over 20 år har dei produsert sjølvutvikla transfermerker i fabrikken i Gaupne. Verksemda har utvikla ein teknologi innan løysingar for merking av tekstilar som har gjort dei til ei av verdas leiande på området. Løysinga er lisensiert ut til produksjon over heile verda. I dag er Avery Dennison NTP den største private verksemda i Luster med rundt 110 tilsette.

For å vise noko av breidda i industrien og næringslivet i Luster nemner næringssjef Olav Grov Luster Mekaniske Industri (sjå eiga sak), den grafiske gaselleverksemda Digital Etikett (sjå eiga sak) og Fjordglas som produserer vindauge. Fjordglas investerer nett no i heilt ny produksjonsteknologi, noko som gjer at Fjordglas vil ha eit av dei mest moderne produksjonsanlegga for vindauge i heile Europa. IT-selskapet Bluefjords har storstilte planar om eit datalagringssenter ved Statkraftanlegget Leirdøla kraftverk. Området er 27 dekar stort, og finansieringa kom på plass i desember 2012.

Bluefjords sin serverpark vil då bli etablert ca. fire kilometer frå Gaupne ved vegen til Jostedalen. Her vil det bli bygd bygg for datalagring, etablert redundant tilførsel av store energimengder, redundant fiber og kjøling basert på kaldt brevatn frå Jostedalselva.

Trekkjer turistar
Også reiseliv blir det satsa på i Sogn. Ei av dei store satsingane i Luster står den utflytta lustringen Oddvar Røysi bak. Verksemda Skjolden Resort har investert i fleire hundre overnattingssenger i tillegg til cruisekai. I 2012 var det 22 cruiseanløp til Skjolden. For sesongen 2013 er det i skrivande stund booka 50 skip til Skjolden cruisekai.
 

Kjelder
http://www.nho.no/kommunekaringer    
SSB Statistikkbanken, befolkningsutvikling
Bergens Tidende: Desember 2012
Årdal utvikling: http://www.ardal-utvikling.no/
SSB: Statistikkbanken