Me må heie fram ein nyskaparkultur

Leiar

Me må heie fram ein nyskaparkultur

Verda står framfor store utfordringar for samfunn og miljø. Ikkje minst er klimaendringane ein sentral trussel mot velferd, økonomisk vekst, sosial stabilitet og fred. 

Klimautfordringane heng godt saman med vår eiga nasjonale utfordring: Å legge om motoren i eigen økonomi, olje- og gassnæringa, og skape nye næringar, bedrifter og arbeidsplassar for å sikre finansiering av vår felles velferd.

Dei miljømessige utfordringane er ikkje berre ein trussel, men også ei stor moglegheit for Norge. Verda vil spørje etter  teknologi og kunnskap som kan vere med på å løyse problem. Vi har store fordelar samanlikna med mange andre land. Vi har mange bedrifter i Sogn og Fjordane med unik kompetanse som kan brukast i berekraftig retning.

Men vi er eit lite fylke i eit lite land med eit avgrensa folketal. Vi kan ikkje satse på alt. Vi må ta utgangspunkt i dei områda som gjev oss konkurransefortrinn, som kan erstatte dei store inntektene vi har vore vane med og som kan bidra til å løyse globale utfordringar. Vi må ta strategiske val, val næringslivet ikkje kan stå for aleine, men som næringslivet må vere med på å konkretisere.

Difor har Innovasjon Norge mobilisert næringslivet og andre aktørar i alle regionar og næringar til å diskutere innovasjon og omstilling (drømmeløftet), ei satsing der skaparkrafta i norsk næringsliv skal mobiliserast i møtet med dei store utfordringane. Vi treng både nye produkt og tenester som kan konkurrere på verdsmarknadene og den eksisterande produksjonen må bli meir produktiv: Bedriftene må produsere meir for mindre, og det gjeld både varer og tenester.

Den gode nyheten er at næringslivet i Sogn og Fjordane er god på innovasjon og omstilling. Mange bedrifter har hatt store utfordringar som følgje av lønspresset frå Nordsjøen, og når så mange har takla det er det fordi dei mellom anna har auka produktiviteten gjennom bruk av ny teknologi, nye forretningsmodellar, kort sagt: Nye måtar å gjere ting på. Og det er innovasjon.

Vidare har vi her i landet eit høgt utdanningsnivå og eit godt utbygd velferdssystem som reduserer risiko og gjev folk rom for å ta sjansar. Det er lite korrupsjon og folk har tillit til styresmaktene. Mykje tyder også på at vi har ein kultur som kan få fram uavhengige og sjølvdrivne individ, med stor evne til problemløysning (og trass!). Det er akkurat det vi treng for å få fram ein nyskaparkultur.

Halvor Flatland
Direktør Innovasjon Norge