Meir enn saft og silisium

Industri

Meir enn saft og silisium

Bransjen har fått trua på auka lønsemd tilbake. Men tilhøva er framleis tøffe for delar av industrien, noko som kan råke lokalsamfunn hardt.

Flytt til kysten?
– Staten bør betale arbeidstakarar i den kraftkrevjande industrien for å flytte frå fjordbygdene og ut til kysten, seier Lars Mathiesen, professor ved Noregs Handelshøgskule, til NRK Vestlandsrevyen (3. september 2012). – Der skrik næringslivet etter meir kompetanse. Bakgrunnen for den dramatiske utsegna er dei mange arbeidsplassane som er gått tapt i industribygda Årdal den siste tida. Dei gradvise nedskjeringane i Hydro og nedlegginga av dørfabrikken Dooria er nokre døme. Før jul varsla også solcellefabrikanten Norsun permitteringar for sine 220 tilsette, men trekte dei nyleg tilbake. Sjølv kommunen har sagt at arbeidsstokken truleg må reduserast grunna reduserte skatteinntekter og fallande folketal.

Langt frå krisestemning
Permitteringsvarsla når avisoverskriftene. Men i røynda tyder mykje på at det står tåleg bra til i industrien i Sogn og Fjordane. Det syner dei ferske tala frå Næringsbarometeret si Bedriftsundersøking. Heile 35 prosent av industriverksemdene opplever marknadssituasjonen som god eller svært god og ytterlegare 40 prosent seier den er tilfredsstillande. Det er også fleire som har opplevd aukande ordrereservar i løpet av det siste året enn som har opplevd reduksjon (40 mot 26 prosent).

Industrien i Sogn og Fjordane er også rimeleg positiv når det gjeld det komande året. Den samla forventingsindeksen går opp frå 15 til 24 poeng frå mai i 2012. Dette er likevel eit stykkje under målinga frå eit år sidan då indeksen nådde sitt høgaste nivå på denne sida av finanskrisa. Auken i forventingane er særleg sterk når det gjeld lønsemd, der indeksen går opp med heile 15 poeng sidan mai. Faktisk ventar så mykje som 43 prosent av industrien i fylket å betre driftsresultatet i år. Dette bør tolkast som eit teikn på at den underliggjande økonomien i industriselskapa jamt over er god. Også når det gjeld omsetnad og investeringar er det klare framsteg samanlikna med i mai. Den einaste delindikatoren som er uendra sidan siste måling, er sysselsetjing. Medan vel 30 prosent av industriverksemdene ventar å auke talet på tilsette i løpet av året, vil rundt 10 prosent skjere ned. Om Næringsbarometeret sitt estimat for tilsettingsvekst slår til, vil det bli skapt vel 240 nye stillingar i industrien i Sogn og Fjordane i år.

Inga enkel todeling
Er det då slik at det er den kystnære industrien som står for optimismen og vekstviljen, medan industrien i fjordbygdene slit? Vi finn ikkje prov på dette i Næringsbarometeret. Rett nok ligg den samla forventingsindeksen rundt fire poeng høgare i kystområda enn i innlandet. Men det er fjordbygdene som har høgast forventingar til framtidige investeringar. Heller ikkje ser tilknytinga til oljeøkonomien ut til å vere avgjerande for framtidstrua i industrien. Det er ikkje noko teikn til at industriverksemder med petroleumsretta omsetnad er meir optimistiske enn andre industriverksemder. Den samla forventingsindeksen er om lag lik i dei to gruppene. Enkle motsetnader som kyst versus innland eller innanfor versus utanfor oljeøkonomien, fortel derfor ikkje heile historia.

Dyrare råvarer
Metallindustrien og næringsmiddelindustrien er næringar som sleit tungt i 2012, i følgje tal frå SSB. Sogn og Fjordane har mange sysselsette i desse greinene av industrien (til saman rundt 40 prosent av industrisysselsettinga i fylket). Og her ligg kanskje den største utfordringa for fylket. Begge næringane er hardt ramma av konjunkturane. Metallindustrien opplever sviktande etterspurnad og svake prisar i verdsmarknaden.

Også store delar av næringsmiddelindustrien har opplevd fallande etterspurnad i heimemarknaden med hardare konkurranse om kundane som følgje. I tillegg har dyrare råvareprisar gjort situasjonen vanskelegare for mange. Det merkast mellom anna på Lerum fabrikkar. – I 2011 sette høge prisar på bær og frukt ein brå stopp for veksten, seier Trine Lerum Hjellaug. Lerum har hatt fleire år med aukande lønsemd. Men i 2011 opplevde selskapet eit markert fall i driftsresultatet, sjølv om dei kom ut på den positive sida. Lerum Hjellaug er også frustrert over den særskilte produktavgifta på sukkerhaldige alkoholfrie drikkevarer. Avgifta rammar Lerum særleg hardt fordi saft utgjer ein så stor del av den samla produksjonen. Lerum Fabrikkar er likevel varsamt optimistiske med tanke på framtida.

Kan råke lokalsamfunn hardt
Typisk for både metallindustri og næringsmiddelindustri er at desse bransjane har store verksemder med mange tilsette. Når dei slit, kan det få store konsekvensar i lokalsamfunna. Ofte gjeld det fjordbygder der det finst få andre jobbar. Næringsbarometeret gir derimot eit representativt bilete av heile industrien i fylket der forventingane til små og store verksemder tel likt. Det tar såleis ikkje høgde for at konsekvensane av både oppgang og nedgang er større når det gjeld store verksemder enn små. Det bør ein ha i mente når ein tolkar resultata.

Ingen planar om permitteringar
Men det finst metallindustri i Sogn og Fjordane som klarar seg bra trass tøffe tider. Dette gjeld til dømes Elkem si verksemd i Bremanger. Dei leverer høgrensa silisiumsmetall som er ein innsatsfaktor i elektronikk- og solcelleindustrien, og ferrosilisium til jarnstøyperi i Europa, Asia og Amerika. – Sjølv om det er store utfordringar i begge desse marknadssegmenta, har vi i all hovudsak klart å halde oppe produksjonen, seier verksleiar Gabriel Ossenkamp. – På sikt ventar vi at etterspurnaden skal ta seg opp i begge marknadene. Vi har også gjennomført to større investeringsprogram i løpet av året som vil betre marknadsposisjonen vår. Hos oss er det ingen planar om permitteringar.

Veks og trivst i fjordbygdene
Bør så permitteringstruga industritilsette frå fjordbygdene flytte til kysten for å få seg jobb, slik NHH-forskaren tilrår? Kanskje ikkje. Sjølv om mange av dei konjunkturutsette verksemdene er lokalisert i fjordbygdene, finn ein også mange gode døme på nye verksemder som klarar seg godt. Ei av desse er Digital Etikett, som etter fem års drift og ein formidabel vekst, er i ferd med å bli for store for lokala sine i Gaupne. Verksemda, med for tida seks tilsette, utformar og produserer etikettar til flasker, boksar og glas. Dei har kundar over heile landet, og er fast leverandør til fleire av dei kjente merkevarene frå fylket som Lerum, Ægir og Kinn. Eit lite steinkast unna finn vi Avery Dennison NTP. Med sine godt over hundre tilsette er dei den største verksemda i Luster. Avery Dennison NTP har utvikla teknologi og løysingar for merking av kler, såkalla transfermerke. Teknologien er verdsleiande og er lisensiert ut til produksjon over heile verda.

 

Kjelde
NRK Vestlandsrevyen, 3.9.2012.