Merkar omstillingsbehovet best

Industri

Merkar omstillingsbehovet best

Omstillingsaktiviteten i industrien er høgare enn i andre næringar. Odda Coating Technology valde å utvide då dei såg kva veg vinden bles.

– Vi kunne nok ha drive vidare slik vi gjorde, om vi var sikre på at den tradisjonelle industriproduksjonen i Odda ville halde fram, seier dagleg leiar i Odda Coating Technology, Bjarne Sørum. OCT er blant selskapa som har gjort store omstillingsgrep dei siste åra. Frykta for nedbygging av lokal industri gjorde at selskapet trong fleire bein å stå på.

Etter fleire års planlegging opna selskapet i fjor eit nytt og moderne produksjonsanlegg for  overflatebehandling retta mot subsea-marknaden. Prosessen har skjedd i samarbeid med NLI Odda, selskapets største kunde. – NLI ønskte å få til denne type overflatebehandling lokalt, seier Sørum. – Samtidig gav det oss høve til å løfte kompetansen mange hakk innanfor generell overflatebehandling. Subsea-marknaden utgjer no nær halvparten av verksemda, og er veksande.

Ut i verda
Også i marknadsarbeidet skjer det endringar. Nesten halvparten av industribedriftene vil satse på nye kundegrupper neste år, og éi av tre planlegg å rette seg mot nye geografiske marknader. Aker Solutions er blant selskapa som har lang erfaring med internasjonalt marknadsarbeid. – Suksess i andre land med ulike kulturar krev god forståing av den lokale marknaden og langsiktig tilnærming. Det er også viktig å trekke til seg og oppretthalde lokal arbeidskraft i organisasjonen, seier kommunikasjonsrådgivar i Aker Solutions i Bergen, Stina Kildedal-Johannessen.

Selskapet er til stades i 20 land og har dei siste åra vunne store kontraktar i land som Brasil og Angola. Dei ventar ytterlegare vekst i desse regionane framover. – Etterspurnaden etter MMO-tenestene (Maintenance, Modifications and Operations) er også aukande i andre delar av verda, som Canada, Brunei, Storbritannia og Malaysia.

Forventingar på botnnivå
Næringsbarometeret viser at over halvparten av verksemdene i industrien opplever at behovet for omstilling har auka det siste året. Omstillingsbehovet kan henge saman med dei låge forventingane som no pregar industrien. Med ein forventingsindeks på tre poeng ligg næringa på same nivå som under finanskrisa. Uroa gir seg utslag i reduserte investeringar i næringa, og færre nye tilsettingar. Sju prosent av verksemdene sa opp tilsette i fjor, og like mange planlegg det i 2015. Industrien er i tillegg ei næring med ein stor del petroleumsretta verksemder. Dei låge forventingane i industrien er difor ikkje overraskande etter ein haust prega av turbulens i oljenæringa.

Vellukka snuoperasjon
Situasjonen i oljenæringa er likevel ikkje den einaste forklaringa på dei låge forventingane i industrien. Næringsbarometeret viser at forventingane framleis er noko høgare blant industriverksemder med omsetnad frå petroleumsnæringa. Fleire trur dessutan at nedgangen i oljesektoren er midlertidig. Også i Odda er dei positive, sjølv om nedskjeringane kom på eit verst tenkeleg tidspunkt. – Vi fekk nyhenda akkurat då vi var produksjonsklare, seier Bjarne Sørum. – Ei stund var vi veldig uroa for at vi var for seint ute. Men vi ser jo at oppdraga kjem på laupande band. Ordretilgangen frå subsea-marknaden er faktisk aukande, og i starten av juni fekk vi global godkjenning frå FMC på overflatebehandling. Det har opna mange dører for oss, avsluttar han.

I november kom dessutan meldinga om at Boliden skal investere 350 millionar kroner for å auke kapasiteten ved sinkverket i Odda. Verket har gjennomført ein større snuoperasjon dei siste åra for å redusere kostnader. At dei har lukkast, gir gode utsikter framover også for andre lokale aktørar som OCT.