merkar uroa best

KUNNSKAPSSENTRUM: Bergensregionen har ein styrke i eit solid FoU-miljø, mellom anna innan marin sektor. Bergen Teknologioverføring bidrar til å kommersialisere forsking frå fleire forskingsinstitusjonar i Bergen. Foto: Business Region Bergen.

Kutta i oljesektoren råkar Bergensregionen hardt: Forventingsindeksen er halvert sidan i fjor. Eit solid forskingsmiljø kan bidra til nødvendig nyskaping i regionen.

– Vi merka det allereie for eitt år sidan, seier Linda Fagerbakke, dagleg leiar i Logiteam. Selskapet er spesialist på Supply Chain Management innan oljesektoren, og merkar også den reduserte aktiviteten. Selskapet ventar nullvekst i 2014 og låg vekst i 2015. – Alle våre kundar er i oljesektoren, og Statoil har vore den viktigaste. Det merkast, seier Fagerbakke. – Sjølv om det tek seg opp igjen, vil vi ikkje få den veksten vi har hatt til no, seier Fagerbakke.

Størst fall i forventingane


Logiteam er ikkje dei einaste som merkar ringverknadene. Næringsbarometeret viser at Bergensregionen, som omfattar Bergen og Os, har det største fallet i forventingar sidan i fjor. I 2014 hadde regionen dei høgaste forventingane i fylket. I år er forventingsindeksen redusert til det halve og endar på 9 poeng (figur 1). Med det ligg Bergensregionen lågare enn både Nordhordland og Hardanger/Midthordland. Også i naboregionane i sør og vest går forventingane ned.

Skilnadene mellom regionane kan delvis forklarast med næringsstruktur: Bergensregionen har relativt sett ein større prosentdel verksemder i dei næringane kor forventingane går mykje ned. Det gjeld særleg finansiell og forretningsmessig tenesteyting, kor forventingane har falle med 14 poeng. Denne næringa har også ein høg del verksemder med oljerelatert omsetnad.

Nordhordland mindre råka


Men funna i Næringsbarometeret kan tyde på at ikkje alle delar av oljeservicenæringa blir råka like hardt. Delen verksemder som angir å ha oljerelatert omsetnad, er like stor i Nordhordland som i Bergensregionen, rundt 25 prosent. Likevel aukar forventingane i Nordhordland samanlikna med i fjor. Noko av årsaka til dette kan vere dei positive signala regionen har fått frå Statoil det siste året, trass i selskapet sine nedskjeringar. Ilandføringa av olje frå Johan Sverdrup-feltet til Mongstad er eit døme. I tillegg har Statoil overført meir av forsyningsaktiviteten til Mongstadbasen.

Kanskje heng det også saman med at oljeserviceverksemda i Bergensregionen er meir prosjektbasert og retta mot vedlikehald og modifikasjonar. – Verksemder som er knytt til drift er truleg meir skjerma, den daglege drifta held jo fram, seier Fagerbakke. Ho trur dessutan at Statoil sin dominerande posisjon i Bergensregionen gjer den meir sårbar enn til dømes Stavanger, kor oljeservicenæringa leverer til fleire store aktørar.

– Kan gi meir innovasjon


Lågare aktivitet på norsk sokkel har tvinga fleire selskap i regionen til å gjere kraftige justeringar i arbeidskapasiteten. Store aktørar som Aker Solutions og Odfjell Drilling kutta fleire titals stillingar i Bergen i fjor. Logiteam har så langt ikkje sjølv vore nøydde til å skjere ned og Fagerbakke håpar å unngå det ved å omstille selskapet til å satse på nye marknader og andre typar tenester. – Vi er jo spesialistar på anskaffingar og kan gå inn i ulike marknader, seier Fagerbakke. Ho er optimistisk, og meiner åra framover kan gi grobotn for innovasjon som kan gjere industrien meir konkurransedyktig.

Fagerbakke har truleg eit poeng. Næringsbarometeret viser at dei regionane som har størst nedgang i forventingane, også er dei som opplever det største omstillingsbehovet. I Bergensregionen svarar 41 prosent av verksemdene at omstillingsbehovet har auka det siste året. I Nordhordland svarar berre 30 prosent det same.

Frå forsking til næringsliv


Nedgangen i oljeaktiviteten har fått mange til å spørje seg korleis næringslivet kan førebu seg på ei framtid med mindre oljedriven vekst. Med posisjonen som kunnskapssentrum i fylket og nærværet av store FoU-miljø burde Bergensregionen ha eit godt utgangspunkt.

Bergen Teknologioverføring er eit døme på kva samspelet mellom forsking og næringsliv kan føre til. Selskapet blei etablert i 2004 og tener åtte forskingsinstitusjonar i Bergen: Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Havforskningsinstituttet, Høgskolen i Bergen, UniResearch, Christian Michelsen Research, Nofima og NIFES. Mandatet er å bidra til at resultat frå forsking kjem samfunnet til gode ved å kommersialisere forsking frå desse institusjonane, og bidra til at nye bedrifter blir etablert.

– Vi bidrar med å spisse ideane, skape ein forretningsmodell og skaffe kapital, seier dagleg leiar Anders Haugland. Sidan starten har selskapet bidrege med å tilføre om lag 450 millionar kroner i ekstern kapital til selskap som har spunne ut frå forsking. Halvparten av dette har vore private investeringar.

Stort FoU-potensial


Haugland skulle gjerne sett at regionen fekk si eiga entreprenørskapsutdanning. Med landets største ingeniørutdanning og den største businessutdanninga i Norge burde tilhøva ligge til rette for det. Han etterlyser dessutan ei tettare samordning mellom dei ulike aktørane som arbeider med innovasjon og entreprenørskap. – Forskingsmiljøa, næringslivet og det offentlege må dra i same retning. Haugland meiner forskingsmiljøa har eit hovudansvar for å byggje tettare band til næringslivet. – Det er ei mindre og meir einskapleg gruppe, som gjer det lettare å samle seg om eit slikt initiativ.

Kvart år vurderer selskapet opp mot hundre innovative idear og teknologiske løysingar utvikla ved dei åtte forskingsinstitusjonane. Haugland anslår at rundt 50 forskarar og forskingsgrupper i dag brenn for kommersielt retta forsking. – Det er ei betydeleg auke sidan BTO blei oppretta, men med 4 000 forskarar i regionen er det framleis eit uforløyst potensial, seier Haugland. Sidan 2004 har arbeidet resultert i 39 nye selskap, 28 av desse består som eigne selskap i dag. – Det viser at vi er på god veg. Internasjonale erfaringar frå tilsvarande verksemder viser at det tek minst 15 år å komme opp på eit høgt nivå, så vi har endå nokre år igjen å gjere det på, seier Haugland.