Merkevaren Voss

Regionalt utsyn

Merkevaren Voss

Sei Voss og folk tenkjer ski, jazz og ekstremsport. Gjennom målretta arbeid har kommunen lukkast i å skape si eiga merkevare.

– Vi har vore flinke til å satse på produktutvikling, seier tidlegare ordførar og næringslivsaktivist Bjørn Christensen. Men Destinasjon Voss har ikkje alltid vore synonymt med ekstremsport og kultur. Så seint som i 1999 var reiseliv og landbruk like store næringar. I dag er reiseliv den største næringa på Voss med over 1 000 årsverk om ein reknar med dei ringverknadane næringa har for andre næringar i kommunen. – Dei mange reiselivsrelaterte aktivitetane og festivalane ein finn på Voss trekkjer til seg folk, seier Christensen. – Mange ungdomar jobbar opp mot festivalar og andre «events» og sørgjer for at Voss kjem i media.

Frå jordbruk til reiseliv
Eit aktivt landbruk er ein føresetnad for den reiselivsutviklinga Voss har opplevd. Og Voss er framleis ein jordbrukskommune. Rundt 400 arbeidsplassar er knytt til jordbruket i bygda, om lag det same som i overnattings- og serveringsverksemdene. Som i andre kommunar finst dei fleste arbeidsplassane innan helse- og sosialtenester. Rundt 1 700 personar arbeider her, eit tal som aukar kvart år. På dei neste plassane kjem varehandel, byggje- og anleggverksemd og undervisning (figur 1). Ulike former for tenesteytingsnæringar og IKT-næringar kjem langt nede på lista.

Todelt næringsliv
Om vi ser bort frå helse- og sosialsektoren, er det reiselivet som står for veksten. Både i sjølve reiselivsnæringa og leverandørtenestene til reiselivet finn vi vekst. Næringslivet på Voss har altså ein eigen form for todelt arbeidsmarknad. Skiljet går mellom næringar som direkte eller indirekte er knytt til reiseliv, og næringar som ikkje er det. Også handelsstanden og bygg- og anleggsbransjen kan takke reiselivsutviklinga for auka aktivitet.

Kommunen slit med mykje av det same som andre innlandskommunar av same storleik. Folketilveksten er heller låg og snittalderen er høg, viser tal frå Hordaland fylkeskommune. Også talet på nyetableringar er lågt. Det same gjeld andelen såkalla framtidsnæringar – som i hovudsak er næringar innan IKT og ulike former for privat tenesteyting. Men det er nesten ikkje arbeidsledige i kommunen, noko som er positivt. Utdanningsnivået er høgare enn i andre regionar, med unntak av Bergen, og det er mange kompetansearbeidsplassar. Dette heng saman med dei mange skulane og sjukehuset i kommunen.

Språksatsing blei ekstremsporteventyr
Voss har lenge vore kjend som skibygda. Men satsinga på ekstremsport er av nyare dato. Den har ein viss samanheng med eit mislukka prosjekt på slutten av 1990-talet. Då skulle bygda få 1 000 nye arbeidsplassar gjennom satsing på språkteknologi i samarbeid med internasjonale aktørar. Voss kommune og mange vossingar rekna med stor tilflytting av kompetansepersonell, og eit av verkemidla for å få dei til å kome og bli var å etablere friske friluftsaktivitetar. Språkteknologieventyret viste seg å bli kortvarig. Det kom ikkje 1 000 arbeidsplassar, men kimen til ekstremsporteventyret var sådd.

Voss Næringshage satsar på verksemder som fell utanfor reiselivssektoren. Bjørn Christensen har vore ei viktig drivkraft bak etableringa. Han fortel at i dag er meir enn 70 bedrifter knytt til næringshagen. Dei satsar både på tradisjonelle Vossanæringar som treforedling og kortreist mat, medan ei satsing på «generell innovasjon» er sikta inn mot framtidsnæringane. – Eit viktig mål for næringsutvikling på Voss er å halde fram med å satse på produktutvikling. Det vil på sikt vere godt både for reiselivet og anna næringsliv i bygda. Næringshagen sin kanskje viktigaste funksjon er å medverke til at Voss får fleire næringslivsbein å stå på.

Kjem for å jobbe
Det er takka vere tilflyttarar at utviklinga i folketalet i kommunen held seg på plussida. Reiseliv og opplevingsindustri lokkar til seg folk utanfrå. Det nye Myrkdalen Hotel har rundt 60 medarbeidarar, og dei aller fleste er ikkje frå Voss. I Destinasjon Voss Fjellandsby er det til saman rundt 170 medarbeidarar og mange av dei er tilflyttarar for kortare eller lengre tid. I den nystarta opplevingstilbydaren VossVind er åtte av tolv medarbeidarar tilflyttarar, av desse fleire frå utlandet. Men sjølv om reiselivet genererer tilflytting, er mykje av dette knytt til sesong.

Store skilnader i fylket
Det er store regionale skilnader i forventa omsetnad, tilsette, lønsemd og investeringar i fylket. Forventingane er likevel jamt over høgare i alle regionar i år enn på same tid i fjor. Det gjeld ikkje minst for Nordhordland som gjekk frå minus til solid pluss (figur 3). Voss kjem inn under den regionen som kjem dårlegast ut på Næringsbarometeret sin forventingsindeks. Om lag kvar tredje næringsdrivande trur på høgare omsetning, betre driftsresultat og meir investering i år. Samstundes er det berre ein av fem næringsdrivande som trur det vil bli ein auke i talet på tilsette i inneverande år (figur 4). Men også i Hardanger/Midthordland er det større optimisme i år enn i fjor på same tid.

Regionen Hardanger/Midthordland omfattar til dels svært ulike delregionar med ulik næringsstruktur og ulike utfordringar; Osterfjord, Voss, Bjørnefjorden og Hardanger. NAV-undersøkinga gir ikkje grunnlag for å seie noko om forventingane i enkeltkommunar, men kan hende verkar situasjonen i Hardanger inn i negativ lei. Næringslivet i mange av kommunane slit med svak lønsemd, noko som i sin tur gjerne gir liten vilje til investering eller til nye tilsetjingar. Sidan arbeidsløysa ikkje er spesielt stor i dei fleste kommunane, er det heller ikkje så mange ledige med relevant kompetanse på arbeidsmarknaden.

Kjelder
Økonomiske virkninger av reiseliv i Voss 2007. TØI-rapport  950/2008
Hordaland fylkeskommune: Statistikk i Vest
SSB statistikkbanken