Mindre frykt for eurokrise

Finansiell og forretningsmessig tenesteyting

Mindre frykt for eurokrise

Krisa i Europa gav optimismen ein knekk i mai. Men no aukar trua på framtida hos næringa i Hordaland.

I Europa er finansmarknadene framleis urolege. Men her i Hordaland er stemninga god blant verksemder innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting. – Fortset det slik som no, går det greitt, seier Geir Håland, dagleg leiar i Ard Arealplan AS. Verksemda er blant dei 94 prosentane som er nøgde eller godt nøgde med den generelle marknadssituasjonen. Næringa har òg tru på at året som kjem skal bli eit godt år. For 2013 er den samla forventingsindeksen for desse bransjane 32 poeng. Det viser at mange fleire verksemder har positive enn negative forventingar for året. 

Store svingingar
Mange verksemder endra synet på framtida gjennom året i 2012. I januar i fjor var forventingane for året gode, med ein samla forventingsindeks på 43 poeng. Målinga i mai kom midt i eurokrisa. Då fall trua på framtida kraftig, og forventingsindeksen fall til 30 poeng. Den siste målinga tyder på at uvissa knytt til eurokrisa er mindre, og at verksemdene har tru på varsam vekst i 2013. Næringa er likevel ikkje like positiv som for eitt år sida, før eurokrisa sette inn for fullt.

Nye arbeidsplassar
Trass i at næringa er måtehalden, finn vi eitt klart teikn på framtidstru. Over halvparten av verksemdene ventar å auke talet på tilsette. Finansiell- og forretningsmessig tenesteyting er den næringa i heile Hordaland som har høgast forventing om nye tilsetjingar det neste året. Estimat vi har gjort på grunnlag av Bedriftsundersøkinga og registerdata tyder på at næringa vil få ein sysselsettingsvekst på 9 prosent. Det vil i så fall innebere nesten 3 000 nye arbeidsplassar det komande året. 

Trur ikkje på evig vekst
Innanfor bransjen arkitektverksemd og teknisk konsulentverksemd har det vore stor vekst det siste året. – Utbygginga i Bergensområdet går for fullt, seier Geir Håland i Ard arealplan AS. Den Bergensbaserte verksemda starta opp i 2008, og driv areal- og samfunnsplanlegging med særleg fokus på utarbeiding av reguleringsplanar.  

Håland ser ingen problem i marknaden for tida, og ventar same vekst i 2013 som i år. Førebels har ikkje bransjen vorte påverka av krisa i Europa, men byggjebransjen er følsam for konjunktursvingingar. Håland er uroa for kva som vil skje på sikt. – Eg trur lågkonjunkturane vi har sett i Europa vil slå ut i Norge etter kvart, så eg er skeptisk til kva framtida vil bringe.

Grunna bustadmangelen i Bergensområdet er det full fart i bransjen. Håland vågar likevel ikkje å ha for store forventingar til framtida. – Prisane på eigedomsmarknaden fortset å vekse, og held dei fram i same fart kjem folk snart ikkje å ha råd til å kjøpe bustad. Då vil etterspurnaden gå ned.

Kjelder
SSB: Næringslivstjenester og drift av fast eigedom, omsetnadsindeks, 3.kvartal 2012
SSB: Finansforetak, kvartalregnskap, 3. kvartal 2012
SSB: Registerbasert sysselsettingsstatistikk