Mindre frykt for eurokrise

Finansiell og forretningsmessig tenesteyting

Mindre frykt for eurokrise

Optimismen i næringa fekk ein knekk i mai, då frykta for krisa i Europa var størst. Men no aukar trua på framtida att – og bransjen i fylket trur 2013 blir eit godt år. 

– Vi har hatt god vekst det siste året, seier Ivar Bjarte Nord, dagleg leiar Nordplan AS. Verksemda er ein av mange optimistar i næringa. Trass urolege finansmarknader i Europa, er stemninga god blant verksemder innanfor finansiell og forretningmessig tenesteyting i Sogn og Fjordane. 92 prosent av verksemdene er nøgde eller godt nøgde med den generelle marknadssituasjonen. Næringa har òg tru på at dette året skal bli eit godt år. For 2013 er den samla forventingsindeksen for næringa 28 poeng. Det viser at mange fleire verksemder har positive enn negative forventingar for året.

Store svingingar
Mange verksemder endra synet på framtida gjennom året i 2012. I januar i fjor var forventingane for året gode, med ein samla forventingsindeks på 37 poeng. Målinga i mai kom midt i eurokrisa. Då fall trua på framtida kraftig, og forventingsindeksen gjekk ned til 20 poeng. Den siste målinga tyder på at uvissa knytt til framtida til EU er mindre og at verksemdene har tru på varsam vekst i 2013. Næringa er likevel ikkje like positiv som for eitt år sida, før eurokrisa sette inn for fullt.

Høg aktivitet i arkitektbransjen
Innanfor bransjen arkitekt- og teknisk konsulentverksemd har det vore god vekst det siste året. Ivar Bjarte Nord i Nordplan AS fortel at dei har hatt eit godt og stabilt år, med særleg pågang frå offentlege oppdragsgjevarar. Nordplan spesialiserer seg på design-, plan- og prosjekteringstenester innanfor arkitekt – og byggtenester. Dei har hovudkontor i Nordfjordeid og avdelingskontor i Førde, Vågå og Ålesund. Nord har positive forventingar til neste år, og ser ingen teikn til at etterspurnaden etter tenestene deira kjem til å gå ned. – Vi har aukande ordretilgang no, difor budsjetterer vi med ein auke i omsetnaden på 2-3 prosent det komande året.