Mot ein todelt økonomi

Utsikter for 2012

Mot ein todelt økonomi

Skilnadene aukar i økonomien i Hordaland. Det er gode tider for verksemder knytt til olje- og gassnæringa. Men i andre næringar er utsiktene mindre lyse enn for eit år sidan. Det er tydeleg at vi er på veg mot ein todelt økonomi. 

Olja avgjer
- Vi merkar lite til krisa i Europa, seier dagleg leiar i Sea-Hawk AS til Næringsbarometeret. Sea-Hawk utviklar og sel høgteknologiske radarsystem som blir nytta i oljeindustrien både i Noreg og internasjonalt. Selskapet er eit av dei som nyt godt av det høge aktivitetsnivået i oljeutvinninga til havs. Typisk for desse verksemdene er at dei har utvikla teknologi og kompetanse til bruk på den norske kontinentalsokkelen. Dette har gjort dei interessante og etterspurde også i den globale marknaden.

Men i andre eksportbransjar er dei langt mindre optimistiske. Dei tradisjonelle bransjane som metallindustri og kjemisk råvareindustri slit med fall i både pris og ordretilgang. Det viser SSBs siste konjunkturbarometer. Verksemdene i Hordaland ser ut til å vere blant dei som er råka. Også skipsbyggingsindustrien er inne i ein periode med tynnare ordrebøker og permitteringar ved fleire verft.

Det er nettopp i eksportverksemdene at olja skapar den største skilnaden. Dei største optimistane finn vi blant verksemder med petroleumsretta omsetnad, om vi ser på den samla forventingsindeksen. For verksemdene med petroleumsretta omsetnad som er orienterte mot heimemarknaden, ligg den samla forventingsindeksen på heile 40. For dei eksportretta er verdien 35. I begge desse gruppene er òg trua på framtida markert høgare i 2012 enn for eit år sidan.

Utviklinga har gått motsett veg for verksemder utan petroleumsretta omsetnad. Særleg blant eksportverksemdene i denne gruppa er det eit markert fall i optimismen. Den samla forventingsindeksen i 2011 var på 28, i 2012 ligg den på 5. Todelinga av økonomien såg vi også konturane av i Næringsbarometeret for januar. Men den har vorte endå tydelegare i løpet av dei første månadene av 2012.

Men biletet er langt frå heilsvart hos eksportverksemder utanfor oljeøkonomien. Framleis ventar fleire vekst enn tilbakegang. Det ser vi ved at den samla indeksen framleis er på den positive sida. Det er først og fremst forventingane til lønsemd og investeringstakt som trekkjer i negativ retning. Utsiktene når det gjeld omsetnad og talet på tilsette ligg derimot trygt på den positive sida.

Store sprik
Det er til dels store variasjonar mellom dei ulike næringane i Hordaland. Sterkast tru på 2012 finn vi i olje- og energinæringa, innanfor finansiell- og forretningsmessig tenesteyting og i byggje- og anleggsnæringa. Innafor alle desse næringsområda ser aktørane jamt over lysare på framtidsutsiktene no enn for eit år sidan.

I alle dei andre næringane har utviklinga gått i motsett lei. Det er særleg industriverksemder og verksemder innan personleg tenesteyting som har vorte merkbart mindre optimistiske i løpet av det siste året. For begge desse gruppene fell den samla forventingsindeksen med rundt 16 poeng. Den største reduksjonen i trua på den næraste framtida finn vi likevel i primærnæringane. Der fell den samla indeksen med heile 24 poeng. Dette er også den einaste næringsgruppa med ein negativ forventingsindeks i 2012.

Byggjer i høgt tempo
Det er tett mellom byggjekranane i fylket om dagen. Ordrane til byggje- og anleggsverksemdene i Hordaland og Sogn og Fjordane strøymer på, i følgje dei siste tala frå SSB (det finst ikkje separate tal for dei to fylka). Berre mellom 3. og 4. kvartal i 2011 voks ordrebøkene med 18 prosent. Samanliknar vi med 4. kvartal året før er veksten på mest 60 prosent. Dette er om lag det doble av veksten i landet sett under eitt. Til samanlikning steig ordrereservane i byggje- og anleggsnæringa i Rogaland med berre 14 prosent i den same eittårsperioden.

Veksten i Hordaland og Sogn og Fjordane er særleg sterk i anleggsbransjen (75 prosent vekst). Men også når det gjeld bygging av bustader og næringsbygg er utviklinga imponerande (48 prosent vekst). I følgje SSB er veksten i bustadprisane frå 4. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012 i Bergen høgare enn i både Oslo, Stavanger og Trondheim. Det er eit godt insentiv for vidare vekst i bustadbygginga.

Mange av aktørane i bransjen har tru på at den positive trenden skal halde fram. Kvar fjerde verksemd meiner at marknadsutsiktene for 2012 er betre enn i 2011. Kvar tredje verksemd ser også for seg at lønsemda vil betrast og om lag like mange vil auke talet på tilsette. Mest ingen ventar nedgang på desse områda. Den samla forventingsindeksen for byggje- og anleggsnæringa stig då også med nærare 8 poeng frå mai 2011. Dette er den sterkaste veksten blant alle hovudnæringane i Bedriftsundersøkinga. Byggje- og anleggsnæringa har den sterkaste veksten blant alle hovudnæringane i Bedriftsundersøkinga

Opptur for tenesteyting
Ei anna næring med tru på framtida er finansiell- og forretningsmessig tenesteyting. Dette er ei samansett gruppe verksemder. På den eine sida finn vi her finans- og forsikringsbransjen og på den andre sida eigedomsbransjen, utleige av bilar, maskiner og personell, ulike faglege tenester og forskingsverksemd. Det er først og fremst i den siste gruppa at optimismen er sterk. Mange av desse er verksemder som både nyt godt av den heite bustadmarknaden, byggjeboomen og det særs høge aktivitetsnivået i oljenæringa.

I finans- og forsikringsbransjen ligg den samla forventingsindeksen på 17 poeng, medan den er heile 35 poeng blant dei som driv forretningsmessig og fagleg tenesteyting.  Blant dei sistnemnde verksemdene er det også ein merkbar vekst i forventingar samanlikna med for eit år sidan.

Ei av verksemdene i denne gruppa er Orange Offshore, eit serviceselskap som nyttar klatrekyndig personell til inspeksjon av oljeriggar og andre installasjonar der det er vanskeleg å kome til. Det Bergensbaserte selskapet har eit særs godt år bak seg med ein vekst i omsetnaden på vel 200 prosent. - Vi ser lyst på framtida, seier strategi- og marknadssjef Asle Wingsternes.  - Vi kjem kanskje til å merke at det er redusert aktivitet i verftsindustrien, men trykket offshore er minst like stort i år som i fjor.

Sprikande signal frå industrien
Vareeksporten frå fastlands-Noreg har aldri vore høgare enn i mars 2012, i følgje SSB. Eksportverdien voks med over 12 prosent frå månaden før. Samanliknar vi det første kvartalet med den same perioden i 2011, er framgangen på rundt 6 prosent. Dette kjem på toppen av ein heimemarknad der etterspurnaden framleis er høg. For industrien sett under eitt ser tilhøva derfor ut til å vere gode. Det er likevel store skilnader mellom dei ulike bransjane. Medan tradisjonelle eksportvarer som kjemiske produkt og metall er i vanskar, går andre bransjar så det susar. Det siste gjeld mellom anna produksjon av metallvarer, maskiner og teknisk utstyr.

I dei siste månadene har det også kome signal om veksande uro i verftsindustrien.  I følgje marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft har tilgangen på nye ordrar vore svakare i dei første månadene av 2012 enn på same tid i fjor. Fleire verft står derfor i fare for å sleppe opp for arbeid. Det er fleire årsaker til dette. Mellom anna ser offshorereiarlaga ut til å være inne i ein periode der dei konsoliderer posisjonane sine heller enn å tinge nybygg. Dei norske verfta opplever òg skjerpa konkurranse frå europeiske verft som har kasta seg inn i konkurransen om offshorekontraktane grunna svikt i fraktmarknaden.

Industrien i Hordaland har utan tvil vorte meir nøktern i vurderinga av framtida enn den var på same tid i fjor. Den samla forventingsindeksen fell frå 30 til 14 poeng. Nedgangen kan observerast i mest alle bransjar, men er særleg sterk for verksemder som produserer kjemiske produkt, maskiner og utstyr og næringsmiddel. I alle desse bransjane fell indeksen med mellom 30 og 40 poeng. Den einaste bransjen med veksande optimisme er metallvareindustrien.

Vi må likevel ta omsyn til at dette er eit fall frå eit svært høgt nivå. Berre oljesektoren kunne måle seg med den framtidstrua som industrien la for dagen i mars 2011. Alle industribransjar utanom næringsmiddelindustrien og den kjemiske industrien er på den positive sida òg i 2012, og fleire bransjar ligg framleis svært høgt.  Dette gjeld ikkje minst metallvareindustrien og produsentar av elektriske og optiske produkt. Begge desse, men særleg den siste, er bransjar med ein betydelig petroleumsretta omsetnad. I denne bransjen finn vi radarprodusenten Sea-Hawk . – Kundane våre er hovudsakleg seismikkselskap og oljeselskap, seier direktør Owe Hagesæther.  – Internasjonalt er dei spreidd over heile verda. I tillegg har vi fleire kundar i den norske oljenæringa.

Også tekstilindustrien ligg på den positive sida, om enn berre så vidt. Trass i prispress og hard internasjonal konkurranse, har fleire tekstilverksemder i Hordaland gjort det godt dei siste åra, mellom andre Janusfabrikken, Skigutane og Dale of Norway. - Vi ser på 2012 som eit konsolideringsår, seier nytilsett administrerande direktør Øyvind Lauritzen i Dale of Norway.  – Fjoråret var eit uvanleg godt år grunna ski-VM i Oslo. Vi klarar nok ikkje å kopiere dette resultatet i år, men ventar eit 2012 i balanse.

Trekkjer fleire turistar
Hotella i fylket er fullare enn på lenge.  147 000 overnattingar vart registrerte berre i mars, ein oppgang på heile 7,3 prosent frå same månad i fjor.  - Vi har hatt en veldig god start på året, med ein vekst på 18 prosent i første kvartal, seier Kristian Jørgensen som er administrerande direktør i Fjord Norge AS. - Det er den beste starten vi nokon sinne har hatt på eit år.  Det skuldast at vi har lukkast med vinter- og skisatsinga vår. Her har vi hatt eit potensial som ikkje har vore skikkeleg utnytta tidlegare.

Utsiktene for sommarsesongen ser òg lyse ut. Bergen vil bli vitja av fleire cruise-skip enn nokon gong før, og tingingane frå utlandet er så langt over fjorårets. - Vi får gode tilbakemeldingar frå operatørane, så eg er absolutt optimistisk, seier Jørgensen. – Vi bør kunne oppnå ein vekst på mellom ein og fire prosent samanlikna med sommaren i fjor.

Dei gode utsiktene kjem til uttrykk i reiselivsaktørane sine forventingar. Nærare 40 prosent av verksemdene oppgir at marknadsutsiktene er betre i 2012 enn i 2011, og over halvparten ventar betre lønsemd. Veksten ser ut til å krevje fleire hender. Om lag ein fjerdedel ventar å auke talet på tilsette og mest ingen ventar reduksjon. Den samla forventingsindeksen er på heile 26 poeng, marginalt høgare enn i 2011.

Sjømatnæringa budd på vanskar
Av hovudnæringane i figur 2 er primærnæringane åleine om å ha ein negativ forventingsindeks.   Dette skil seg frå same tid i fjor. Då såg verksemdene i primærnæringane rimeleg lyst på framtida. Sjølv om talet på verksemder i Bedriftsundersøkinga er for lite til å gi sikre svar, tyder mykje på at det er oppdrettsnæringa som står for pessimismen.

Dette står i kontrast til stemninga på den årlege sjømatkonferansen North Atlantic Seafood Forum, som var prega av optimisme. Eksporten av norsk laks til utlandet ligg på eit historisk høgt nivå. Ikkje minst har eksporten til Russland auka dramatisk. - Vi opplever ein kraftig vekst i etterspurnaden etter laks globalt, både frå dei etablerte marknadene i Europa og USA og frå nye marknader som Russland, Brasil og fleire land i Asia, seier Ola Brattvoll i Marin Harvest. Men prisane er låge og vil truleg halde seg på eit lågt nivå også i månadene framover. Enkelte ventar jamvel vidare prisreduksjon. Det er svært mykje fisk i merdane og tilveksten er god. Næringa nærmar seg difor det såkalla MTB-taket (maksimalt tillatte biomasse) der styresmaktene vil kunne krevje at det blir sett i verk ekstraordinær slakting. Skjer dette vil prisane kunne pressast ytterlegare ned. For ei næring der marginane allereie er under sterkt press kan dette vere alvorleg. Optimismen på sjømatkonferansen handlar difor om det litt lengre perspektivet. Dei fleste aktørane i bransjen ser for seg at tilbodsveksten vil flate ut mot slutten av året og at dette igjen vil kunne gi prisar som kan auke lønsemda.