Mot straumen

Norsk og internasjonal økonomi

Mot straumen

Oljenæringa har gitt Norge ein historisk økonomisk opptur. Dei negative ringverknadane blir store når vekstimpulsane frå næringa tørkar opp. 

Prisen på Norges viktigaste eksportvare har i fleire år lagt på eit historisk høgt nivå. Dette har gitt store inntekter, både for den norske staten og dei involverte selskapa. Samstundes har den lagt grunnlaget for eit svært høgt aktivitetsnivå. Dette har resultert i høg investeringstakt og stor etterspurnad etter relevant arbeidskraft.

Bråbremsen får følgjer
Prisfallet kom brått, om ikkje uventa. Frå eit nivå rundt 110 dollar fatet, fall prisen utover hausten 2014 til ein botn på 45 dollar i januar 2015. Sidan har prisen klatra til rundt 65 dollar. Lite tyder på at dette blir ein kortvarig prisnedgang. SSB har i sine prognosar lagt til grunn at prisen vil auke gradvis til eit nivå rundt 75 dollar fatet ved utgangen av 2018. 

Verknadane av prisfallet lét ikkje vente på seg. Oljeselskapa, som allereie i tida før prisfallet hadde byrja å kutta i kostnadene, sette bremsene på. Leiteaktiviteten blei redusert og ei rekkje utviklingsprosjekt blei sette på vent. I ein økonomi der så mykje som kvar åttande stilling på ein eller annan måte er knytt til oljeverksemda (330 000 i alt i følgje ein fersk rapport) blir følgjene lett store. Rundt midten av april i år reknar ein med at så mykje som 15 000 av stillingane i oljenæringa kan ha forsvunne. Fleire store kutt er varsla.

Positive motkrefter
Verknadane av oljeprisfallet blir truleg likevel mindre dramatiske enn mange har frykta.  Prisen på den norske krona har blitt kraftig svekka både i høve dollar og euro. Det betyr at den effektive prisreduksjonen på norskprodusert olje – som er notert i dollar – er langt svakare enn det prisfallet skulle tilseie. Ei svakare krone betyr også at konkurransesituasjonen for andre norske eksportvarer har blitt merkbart lettare.

Oppseiingane i oljenæringa har dessutan så langt berre ført til ei svak auke i arbeidsløysa. Ein del av kutta i denne første fasen ramma innleidd utanlandsk arbeidskraft. Mange har også motteke sluttpakkar, som gjer at dei som er ramma enno ikkje har meldt seg som arbeidsledige. I tillegg har andre næringar, som lenge har hatt vanskar med å skaffe seg nok kvalifisert arbeidskraft, soge opp noko av overskotet. Nedgangen har difor så langt ikkje hatt konsekvensar for det private konsumet. Dette kan likevel endre seg raskt dersom kutta blir større enn dei som er sette i verk til no.

Ei nedkjøling av oljeøkonomien vil venteleg òg legge ein dempar på den særnorske lønsveksten. Den første runden av årets lønsoppgjer kan tyde på dette. Det vil i så fall på sikt kunne styrke den norske konkurransekrafta i høve til våre handelspartnarar.

Svak medvind internasjonalt
Norsk økonomi vil også kunne rekne med noko større dragkraft frå verdsøkonomien enn vi har blitt vande med dei siste åra. Fallet i oljeprisen, som for oljeeksportøren Norge har ein negativ effekt på økonomien, er godt nytt for dei fleste av handelspartnarane våre. Lågare oljeprisar stimulerer etterspurnaden etter andre varer og tenester, både på konsummarknaden og i næringslivet. Kombinert med historisk lave renter og ein vekstfremjande pengepolitikk i mange land og regionar, ser ein difor no klare teikn på oppgang. OECDs globale vekstrate, som omfattar om lag 70 prosent av verdsøkonomien, er på fire prosent i 2015, aukande til 4,3 prosent i 2016.

Dette gjeld også i euro-sona, som i fleire år har slite med etterverknadane av finanskrisa og fare for deflasjon. Den europeiske sentralbanken sitt vedtak i januar om storstilt kjøp av statsobligasjonar blei godt motteke i marknaden, og OECD har nyleg oppjustert sin vekstprognose for 2015 til 1,4 prosent. Neste år reknar OECD med ein ytterlegare oppgang til to prosent. For to av våre næraste og viktigaste handelspartnarar, Sverige og Storbritannia, er OECD sine prognosar for 2015 endå nokre hakk høgre, høvesvis 2,8 og 2,6 prosent.

I USA, som framleis spelar ei svært sentral rolle i verdsøkonomien, har pilane peika oppover i noko lenger tid, og OECD ventar at denne veksten vil halde fram på eit nivå rundt tre prosent i år og neste år. I Kina, som over fleire år kunne vise til tosifra vekstratar, ser veksten no ut til å stabilisere seg rundt sju prosent.

Kjelder:
http://www.oecd.org/eco/outlook/economicoutlookannextables.htm
http://www.oecd.org/eco/outlook/Interim-Assessment-Handout-Mar-2015.pdf
http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasj...
http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/oa/_attachment/221181...
http://www.norges-bank.no/pages/102666/aarstale_2015.pdf
http://www.dagbladet.no/2015/04/16/nyheter/okonomi/hegnarno/38714224/
http://menon.no/a/industribyggerne-2015-en-kartlegging-av-sysselsetting-...