Omstilling til ei grønare framtid

Leiar

Omstilling til ei grønare framtid

Norsk økonomi har det siste året opplevd ein nedgang i oljeprisane og dermed ein nedgang i mellom anna investeringane på norsk sokkel. Store deler av næringslivet i Hordaland er knytt til aktiviteten på sokkelen og mange opplever no vanskelege tider. 

I mange verksemder har nedbemanningar og investeringstørke gjort at mange ser annleis på framtida no enn for berre nokre månader sidan. Vi er komen til ei tid med omstilling og endå større endringar enn vi er vane med. I midten av november 2015 var det gått tapt over 26.000 arbeidsplassar i petroleumsnæringa, og mange av desse i Hordaland. 
 
Vestlendingane er vane med svingingar og har takla omstillingar. Eit liv i årtier ved kysten basert på det naturen gjev oss av ressursar, har vist oss at ikkje alt veks inn i himmelen. Det kjem nye tider med nye moglegheiter. Men det krev innsats og hard jobbing. Næringsbarometeret kartlegg kvart år stemninga i næringslivet og barometeret seier noko om kva forventningar næringane sjølv har til året som kjem. Ikkje uventa er næringslivet som ligg langs kysten i Hordaland, og dermed dei som er mest avhengige av olje og gass, dei minst positive. Næringslivet i dei indre delane av fylket er meir positive når det gjeld aktivitet og investering.
 
Kvar arbeidsplass som går tapt fører med seg utfordringar for den det gjeld. Det påverkar heile familiar og lokalsamfunn. Mange opplever kanskje for fyrste gong å stå utan fast arbeid. Samla ser vi no at arbeidsløysa er på veg opp, men vi ser og at mange finn nytt arbeid raskt. I Norge har vi eit godt sikkerheitsnett som trår inn når vi treng det. Difor må vi og sikra at alle dei som no omskulerar seg og tek utdanning, i staden for å gå heilt ledige, vert sikra gode ordningar. 
 
Sjølv om oljeprisane fell og investeringane ikkje kjem, er det mykje framtidsretta, godt arbeid som vert gjort over heile fylket. Omstilling til ei grønare framtid utan fossile brennstoff er i gong og Hordaland har både kom-petansen, vilje og kraft til å sette seg i førarsete. Klimaavtalen i Paris, kor alle land i verda for fyrste gong har signert den same avtalen, legg grunnsteinane for kor vi skal i framtida. Vi har eit felles ansvar for klimaet globalt, og Norge har alle mogelegheiter til å vere ein av dei fremste nasjonane for innovasjon og nyskaping. Nye arbeidsplassar vil kome, nye næringar vil sjå dagens ljos, nye moglegheiter vil materialisera seg. Det krev hardt, målretta arbeid, kreativitet og innovasjon, men saman skal vi kome i mål. 
 
Eg vonar næringsbarometeret for 2016 vil gje dykk ei god oversikt over stemninga i næringslivet nett no, og at det vil gje oss alle motivasjonen vi treng for å fortsette det gode arbeidet.
 
Anne Gine Hestetun
Fylkesordførar i Hordaland