Næringslivets Janusansikt

Leiar

Næringslivets Janusansikt

I tala frå undersøkinga i år ser vi eit markant fall i den samla forventingsindeksen. Dermed verkar det som at krisa i Europa også har nådd optimistiske Hordaland. Sjølv om det totalt sett er nedgang i optimismen er det verdt å merke seg at blant verksemdene er biletet mykje meir nyansert enn som så. 

Påverka av Europa
I denne utgåva av Næringsbarometeret set vi søkjelys på korleis vi blir påverka av Europa både når det gjeld eksport, tøffare konkurranse, rekruttering og svært varierande grad av optimisme blant verksemdene i Hordaland.

Verksemder knytt til olje- og gassnæringa er framleis optimistiske og har tru på at dei skal rekruttere nye arbeidstakarar. Verksemder som ikkje har oljeretta omsetnad har ein svært låg samla forventingsindeks. Det er særleg eksportørar av kjemiske produkt og metall, oppdrettsnæringa og delar av verftsindustrien som slit med fallande prisar, overproduksjon og tøffare konkurranse i verdsmarknaden.

«Kompetansegapet» har vore eit sentralt tema den siste tida. Det skildrar ein situasjon der vi har arbeidsløyse, samtidig som næringar og verksemder slit med å rekruttere kvalifisert personell. Det er ikkje gjort i ei handvending å få ein ufaglært kompetanseheva og satt inn i arbeid som ingeniør. Og samtidig har vi tru på at det er positivt om verksemdene får fatt på høgt kvalifisert personell – alt tyder på at dette igjen fører til auka etterspørsel etter personell med lågare utdanning.

Korleis skal vi tette kompetansegapet?
Verksemdene vil nok rekruttere frå utlandet. NAV Eures gjer ein viktig jobb med å finne personar med høg kompetanse til mellom anna bygg- og anleggsnæringa og industrien.

Nokre verksemder vil tilsette personell med lågare eller anna kompetanse, mens ein auke i talet på lærlingplassar også kan bidra til å løyse litt av rekrutteringskabalen. Eg trur også vi må ha fokus på å få ned sjukefråvær og å auke andelen som vel å arbeide ut over pensjonsalder. Kan vi hindre tidleg avgang i bransjar med behov for arbeidskraft kan det medverke til å tette gapet.

Janusansiktet står for det som er splitta, todelt og kan sjåast på fleire måtar, både positivt og negativt. Det er eit godt bilete på næringslivet i Hordaland.

Anne Kverneland Bogsnes
Fylkesdirektør NAV Hordaland