Nølande optimistar

Byggjenæring og eigedomsmarknad

Nølande optimistar

Behovet er stort både for bustader og næringsbygg i Hordaland. Men investeringsviljen er dalande, og næringa nøler med å tilsetje nye folk. 

Utviklinga i Næringsbarometeret sin forventingsindeks viser tydeleg at byggjenæringa er ei konjunkturutsett næring. Etter å ha blitt sterkt råka under finanskrisa i 2008, arbeidde næringa seg sakte men sikkert oppover frå bølgjedalen. I mai peika pilane i Bedriftsundersøkinga igjen nedover, for første gang sidan 2009. Forventingane for 2013 ser ut til å halde seg på same nivå som i mai.

Forventingane flatar ut
Sidan januar i fjor har samla forventingsindeks falle frå 39 til 21 poeng. Det er først og fremst investeringsindeksen som trekkjer ned. Men verksemdene nøler òg med å tilsetje nye medarbeidarar. For omsetnad og lønsemd ser det noko lysare ut. Bedriftsundersøkinga viser at byggenæringa i Hordaland no ser føre seg eit år med stabil omsetnad, rettnok noko lågare enn for fjoråret. Den underliggjande trenden er likevel fortsatt stigande. Næringa har òg uendra eller noko større verdi på ordrebehaldninga samanlikna med verdien ved inngangen til 2012.

Auka omsetnad
Tal frå SSB viser at omsetnaden i byggje- og anleggsverksemda i Hordaland var på nesten 4,8 milliardar eks. mva i fjerde termin 2012. Dette er ei auke på 15,2 prosent frå året før, og godt over veksten for næringa sett under eitt. På landsbasis auka omsetnaden med 10,3 prosent i same periode (sjå tabell 1). Det er berre Oslo og Nord-Trøndelag (16 prosent) som har høgare endringsprosent enn Hordaland. Sogn og Fjordane ligg like under Hordaland. Samstundes viser tal frå SSB at bustadbygginga i oktober 2012 hadde ei noko lågare igangsetjing enn i oktober året før.

Lars Jønsson, dagleg leiar i Lars Jønsson Gruppen, ventar seg auka omsetnad i 2013. - I 2012 hadde vi ein omsetnad om lag der vi venta han skulle vere. Vi er godt nøgde. Han trur på full aktivitet òg i 2013. – Eg kan ikkje sjå at det blir nedgang i høve til 2012 – som var eit godt år – verken for bustad- eller næringsbygging.

God marknad
Sjølv om næringa er noko avventande i sine forventingar, er næringa nøgd med marknadssituasjonen. Åtte av ti verksemder vurderer den generelle marknadssituasjonen til å vere tilfredsstillande eller god. Det viser Bedriftsundersøkinga. Resultatet må reknast for å vere positivt i ei tid der alle snakkar så mykje om negative verknader av krisa i Europa. I Hordaland er det trass alt stor byggjeaktivitet både av bustader og næringsbygg, ikkje minst i samband med auka offshore-aktivitet som også fører til behov for fleire bygg på land. – For næringsbygg nyt vi godt av høg aktivitet innan olje- og gassektoren som krev mykje bygging på land, seier Jønsson. – Ein kan seie at olje- og gassutvinning på sokkelen gir ringverknader på land for oss og andre entreprenørar.   

Slit med rekruttering
Eit skår i gleda for mange verksemder er at dei framleis slit med å rekruttere relevant arbeidskraft. Bedriftsundersøkinga viser at fire av ti verksemder innan bygg og anlegg har vanskar med å rekruttere arbeidskraft, og då i første rekkje fagarbeidarar. Det er også etterspurnad etter teknisk personell med høgskule og universitetsutdanning. – Vi har greidd å få tak i nok folk til no, seier Lars Jønsson. – Men vi merkar at det blir vanskelegare å få tak i erfarne bygningsarbeidarar og ingeniørar. Vi fryktar at det kan bli kamp om ingeniørane når mange av dei med erfaring etter kvart når pensjonsalderen.

For mange verksemder ser rekrutteringsvanskane ut til å vere eit stadig tilbakevendande problem, særleg i periodar med stor etterspurnad etter byggje- og anleggstenester. Resultata frå Bedriftsundersøkinga samsvarer godt med kva fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i NAV fortel til Bergens Tidende. – Etterspurnaden etter fagarbeidarar og ingeniørar frå bygg- og anleggsnæringa og industrien er så høg at mange verksemder har problem med å få tak i nok folk.  Jønsson har ei klar meining om investeringsplanane framover: - Vi investerer i folk. Med andre ord ønskjer vi å investere i kompetanse. 

Kjelder
Bedriftsundersøkinga
SSB bygge- og anleggsvirksomhet