Nordhordland må tenkje nytt

Regionalt utsyn

Nordhordland må tenkje nytt

Når oppdraga frå Statoil tørkar opp, hjelper ikkje lovnader om månelanding. For mange av verksemdene i Mongstad-området er omstilling løysinga. 

Lokomotiv på godt og vondt
- Nordhordland treng fleire bein å stå på, seier Hogne Haugsdal som er samfunnsutviklar og næringssjef i Lindås og Austrheim. - Oljeraffineriet på Mongstad har vore ein eineståande motor i utviklinga av regionen, men det har også gjort oss sårbare.

I lang tid var nærleiken til anleggsområdet nok til å sikre verksemdene i Mongstad-regionen ein komfortabel straum av arbeid. Slik er det ikkje lenger. Kontraktane er blitt større og anboda globale, noko som har skjerpa konkurransen og opna arenaen for større internasjonale aktørar. – Dette er aktørar som normalt ikkje slår rot på Mongstad, seier Haugsdal. - Dei kjem inn, utfører oppdraget og forsvinn like fort ut igjen.

I slutten av mars kom meldinga om at Statoil, etter fleire år med milliardtap, vurderer å legge ned raffineringsverksemda ved Mongstad. Det er eit skrekksenario som gir Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes «vondt i kroppen», i fylgje eit intervju i NRK. Men sjølv utan avvikling, er det truleg at aktiviteten ved Mongstad vil bli redusert i tida framover. For å kutte kostnader har Statoil allereie redusert sin eigen stab med vel 200 årsverk, og har samstundes kutta kraftig ned på kjøp av tenester frå underleverandørane.

- Må løfte blikket
– Det har vore langt mellom jobbane for Statoil i den siste tida, stadfestar Olav Enes i konsulent- og ingeniørverksemda Terne AS. Selskapet har hatt eit dramatisk fall i omsetnaden grunna tap av oppdrag frå Statoil og har også redusert den faste staben monaleg. Det same gjeld  Mongstad Elektro Olje & Gass AS og Mongstad Elektro Industri & Energi AS. Dei tre Mongstad-verksemdene fusjonerte nyleg med det tyske selskapet Voith Industrial Services for å få fleire bein å stå på. Dei har teke konsekvensane av at oppdraga frå Statoil ikkje lenger vil vere nok for å halde liv i verksemda.

Andre verksemder har meir eller mindre medvete styrt unna dei store vedlikehaldsoppdraga til Statoil. Dette gjeld mellom anna RadøyGruppen AS. Dei utviklar og produserer avanserte stålkonstruksjonar for olje- og gassindustrien og maritim sektor. Verksemda, som for tida har 100 tilsette, har nok av oppdrag og ser lyst på framtida. – Det handlar om å løfte blikket og sjå ut over sitt eige nærområde, seier administrerande direktør Lasse Ståløy.

Uroa veks
Utviklinga ved Mongstad kjem klart til syne i det regionale næringslivet sine forventingar for 2012. Nordhordland sin samla forventingsindeks fell markert og endar som einaste region under null. Særleg er verksemdene tilbakehaldne når det gjeld investeringar. Nærare 30 prosent av verksemdene ventar å redusere investeringane i 2012 og berre 10 prosent ventar vekst. Forventingane til sysselsetting er meir i balanse. Om lag like mange verksemder ventar auke som reduksjon.

Blir ikkje arbeidslause
Nordhordland har det høgaste talet på konkursar i høve til talet på verksemder blant regionane i Hordaland. Utviklinga i Mongstad-regionen har likevel ikkje ført til fleire ledige. Med ei gjennomsnittleg arbeidsløyse blant kommunane i regionen på 1,5 prosent, ligg Nordhordland lågast blant regionane i fylket. Dette kan tyde på at ledige hender frå selskap som må skjere ned, så langt har funne arbeid i andre verksemder. Med eit kraftig underskot på fagarbeidarar og ingeniørar i heile Hordaland, er det kanskje ikkje overraskande.

Ikkje berre oljeraffineri
Men Mongstad er meir enn oljeraffineriet. Det gir næringssjefen tru på framtida. - Vi har for det fyrste den største hamna i Noreg rekna i tonnasje. Men endå viktigare har vi oljeforsyningsbasen i den sørlege delen av industriområdet, seier Hogne Haugsdal. Rundt Mongstadbase AS har det vakse opp ei rekke oljeserviceverksemder som leverer tenester til oljenæringa. – Det er blant desse verksemdene vi ser kimen til innovasjon og vekst, seier Haugsdal.

PSW er blant verksemdene som har spesialisert seg på vedlikehald og reparasjonar av installasjonar på havbotnen.  Dei klarar seg utan draghjelp frå oljeraffineriet. – Våre kundar er innan subsea- og offshoresektoren. Vi leverer tenester til dei fleste store boreselskap, seier dagleg leiar Oddbjørn Haukøy. Selskapet har vakse mykje sidan starten i 2007, og har i dag kring 120 tilsette. Haukøy ventar å måtte auke staben med ytterlegare 10-20 personar i løpet av 2012 for å møte etterspurnaden. Han meiner ein må trekkje fleire innovative teknologibedrifter til Mongstad-området. – Det er viktig for rekrutteringa òg. Vi må utnytte dei ressursane som ligg mellom anna i TAF-ordninga, seier Haukøy. 

- Sjå til Sunnmøre
Og det blir gjort noko for å stimulere til nytenking og innovasjon. I 2011 blei industriinkubatoren Industriutvikling Vest etablert på Mongstad. – Vi skal vere ein pådrivar for nyskaping og vekst, seier dagleg leiar Børge Brundtland. – Verksemdene på Mongstad har vore for fokusert på å levere tenester lokalt. Vi treng fleire selskap som våger å tenke stort og som evnar å få inn investorar som kan realisere slike tankar. Brundtland trekkjer parallellar til Sunnmørsregionen som han meiner viser kva som er muleg å få til. – Vi må få fleire selskap med nasjonale og internasjonale ambisjonar i Nordhordland og på Mongstad, seier han.

Lasse Ståløy i Radøygruppen hentar òg inspirasjon utanfrå. – Sjå på aksen Bergen – Øygarden og samanlikn denne med aksen Bergen – Mongstad, seier han. – Der den fyrste er prega av innovasjon og nytenking, er den siste prega av tradisjonell industri og vedlikehaldsarbeid. Du veit, det nyttar ikkje å stå med hua i handa og spenne i grusen. Vi må sjå utafor regionen og landegrensene og tenkje større.   Fremhevet sitat

Regionale variasjonar
I dei siste næringsbarometera har Region Vest skilt seg ut som den mest optimistiske i Hordaland. Med eit fall i den samla forventingsindeksen på nærare 20 poeng, endar Region Vest denne gongen på linje med Sunnhordland og Bergensregionen. Det er vanskeleg å peike på enkeltfaktorar som kan forklare dette fallet. Arbeidsløysa er høgst blant regionane i Hordaland, men samstundes har talet på ledige blitt redusert med vel 18 prosent sidan same tid i fjor. Den einaste regionen som kan vise til aukande optimisme sidan same tid i fjor, er Hardanger/Midthordland som denne gongen endar på ni poeng.