Godt budd på låg vekst

Norsk og internasjonal økonomi

Godt budd på låg vekst

Regjeringa meiner Noreg er godt budd på å kome seg gjennom ein periode med låg vekst i etterspørsel og aktivitet.

Fallet i oljeprisen kan gi stans i investeringar og skapar omstillingsbehov i petroleumsrelaterte næringar, men Statens pensjonsfond utland utgjer ein buffer som skjermer statsbudsjettet (og med det i stor grad norsk økonomi) frå kortare svingningar i oljeprisen. Låg oljepris over lengre tid vil derimot redusere statens handlingsrom på sikt.
 
I nasjonalbudsjettet for 2016 varslar regjeringa at vi kan vere på veg mot ein ny normal for norsk økonomi: den økonomiske veksten vil bli lågare enn vi har blitt vante med dei siste 10-15 åra, aldringa av befolkninga vil gi lågare vekst i arbeidsstyrken, lågare etterspørsel etter arbeidskraft som følgje av oljeprisfallet kan gi lågare arbeidsinnvandring, og produktivitetsveksten har for lengst falt. 
 
Oljeprisfallet var uventa
Figur 1 viser oljeprisen per månad frå januar 2000 og venta pris fram til desember 2017. Frå våren 2011 og fram til våren 2014 var det ein svak nedgåande trend i oljeprisen som gav grunnlag for den framskrivinga som blei gjort i revidert nasjonalbudsjett 2014. Deretter starta eit kraftig prisfall i august 2014. Ny prognose i nasjonalbudsjettet for 2016 ventar noko meir moderat vekst enn den vi har sett i for- og etterkant av førre store oljeprisfall. 
 
Nedgangen i oljeinvesteringane venta å snu i 2018
Oljeprisfallet gir reduserte eller utsette oljeinvesteringar. Det er venta vidare nedgang i oljeinvesteringane dei neste to åra, men regjeringa ventar at fallet truleg blir mindre enn i 2015. Investeringane er venta å nå botn i 2018, litt over 2011-nivået (figur 2).  
 
Fleire rapportar om oppseiingar enn ved tidlegare krisar
Per medio november 2015 var det ifølgje ein oversikt frå DNB Markets gått tapt 26 645 oljearbeidsplassar, fordelt på 101 føretak. I tillegg var det meld om kutt i sju ytterlegare føretak. I løpet av dei første 14 dagane i desember kom det i tillegg melding om kutt i 900 stillingar i oljeserviceselskapet National Oilwell Varco Norway, og rundt 130 stillingar i konkursen i seismikkselskapet Dolphin Group med dotterselskap. 
 
Figur 3 viser søketreff i Dagens Næringsliv via medieovervåkingstenesta Retriever på søkestreng relatert til oppseiingar i oljesektoren, vist mot endringane i oljeprisen. Ein kan sjå tydeleg mediemerksemda nedbemanningane har fått, og at dette ikkje er tilfeldig målt mot positive og negative endringar i oljeprisen. Reaksjonen i arbeidsmarknaden synast å vere heilt simultan med endringane i oljeprisen, spesielt dei brå endringane. Nytt med siste års krise er det høge volumet av medierapportar om oppseiingar i forhold til tidlegare rundar med nedbemanningar. 
 
Nye grupper blant dei arbeidsløyse
Figur 4 viser arbeidslause i tal, i utvalde yrker. Prosess- og maskinoperatørar, og støyparar, sveisarar og platearbeidarar, blei råka av finanskrisa, og er på ny råka av høg arbeidsløyse, men er i tal ikkje heilt på nivå med finanskrisa (enno). Det nye med oljekrisa samanlikna med finanskrisa er den høge arbeidsløysa blant ingeniørar og teknikarar, og den aukande arbeidsløysa blant sivilingeniørar og automatikarar og el-montørar. Arbeidsløysa følgjer av redusert aktivitet i og etterspørsel frå petroleumssektoren, men så langt har ringverknadene halde seg til Sør- og Vestlandet. I pressemelding for november 2015 kunne NAV melde at arbeidsløysa aukar klart mest på Sør- og Vestlandet, mens andre fylke har fallande arbeidsløyse. 
 
Den registrerte arbeidsløysa var 2,8 prosent i 2014, og er i nasjonalbudsjettet venta å ende på 2,9 prosent i 2015. Den er vidare venta å auke til 3,2 prosent i 2016 for så å gå litt ned til 3,1 prosent i 2017. Arbeidsløysa i Arbeidskraftundersøkinga – som fangar opp arbeidslause som ikkje har rett på dagpengar frå NAV i tillegg til dei registrerte heilt ledige – var på 3,7 prosent i tredje kvartal 2014, 4,6 prosent i tredje kvartal 2015, og er i nasjonalbudsjettet venta å liggje på 4,4 prosent for heile 2015. Dette er eit halvt prosentpoeng høgare enn den forventninga vi refererte i Næringsbarometeret i fjor. AUK-arbeidsløysa er i siste konjunkturrapport frå SSB venta å auke til 4,6 prosent i 2016, for så å gå litt ned til 4,3 prosent i 2017.  
 
Låg oljepris ikkje berre negativt
Lågare oljepris trekk opp veksten i verdsøkonomien, spesielt i dei tradisjonelle industrilanda, og regjeringa viser til at Noregs handelspartnarar har fått litt auke i veksten samanlikna med den låge veksten i 2012 og 2013. I nasjonalbudsjettet er det venta gode utsikter for USA og moderat oppgang i Europa. Kina og andre veksande økonomiar (BRICS) er venta å få noko lågare vekst, men vil framleis vere vesentlege for veksten i verdsøkonomien. 
 
For Noreg sin del har svekka kronekurs og lågare lønnsvekst gitt auka eksport av andre produkt, betring av konkurransevilkåra for norske leverandørar til oljeverksemda, og redusert import. Dei første tre kvartala i 2015 fall investeringane i landbasert industri med seks prosent, men SSB ventar ei utflating/svak vekst i investeringar i fastlandsnæringar.  SSB ventar at kronekursen ut 2016 vil halde seg rundt 26 prosent svakare enn ved inngangen til 2013, for deretter å styrke seg sakte gjennom 2017 og 2018. Ved utgangen av 2018 er krona framleis venta å vere 20 % svakare enn ved inngangen av 2013.
 
Den venta reduksjonen i netto arbeidsinnvandring vil kunne minke noko av veksten i arbeidsløysa, samstundes er det venta moderat lønnsvekst også i 2016 (i 2015 og 2016 er lønnsveksten i nasjonalbudsjettet berekna/venta på 2,7 prosent), og talet sysselsette aukar, mellom anna som følgje av meir pengebruk over statsbudsjettet. Sysselsettinga er i nasjonalbudsjettet venta å auke med ein halv prosent i 2015 og 2016, og med 0,9 prosent i 2017.
 
Sjølv om svekkelsen av krona trekk opp prisveksten, blir dette balansert av låge energiprisar og lågare innlandsk kostnadsveks. Justert for avgifter og energivarer, er prisveksten i nasjonalbudsjettet venta å gå ned frå 2,7 prosent i 2015, til 2,5 prosent i 2016 og 2,1 prosent i 2017. I siste konjunkturrapport ventar SSB at prisveksten vil vere litt høgare enn dette.
 
Korrigert mot prisvekst blir reallønnsveksten 0,6 prosent i 2015, og svakt negativ i 2016. 
 
I 2014 auka eksporten av råolje og naturgass med 1,5 prosent. For 2015 er petroleumseksporten i nasjonalbudsjettet berekna å vere uendra frå 2014, men i 2016 er den venta å gå ned 2,4 prosent, for så å flate seg ut att. Veksten i eksport av tenester var på 5,3 prosent i 2014, og er berekna å gå noko ned i 2015 og 2016, til 4,2 prosent, mens eksport av tradisjonelle varer er venta å auke frå ein vekst på 2,3 prosent i 2014 til 4,1 prosent i 2015 og 4,0 prosent i 2016 og 2017.    
 
Auka vekst i BNP
Veksten i BNP for fastlands-Norge er i siste konjunkturrapport til SSB venta å stige frå 1,5 prosent i 2015 til to prosent i 2016 og i overkant av 2,5 prosent i 2017 og 2018. Usikkerheitsintervallet rundt dette er stort. I nasjonalbudsjettet er veksten i 2017 med 90 prosent sikkerheit venta å vere mellom -0,9 og +5,1 prosent. Sjå òg avsnittet om asylstraumen.
 
I nasjonalbudsjettet er veksten i BNP hos Noregs handelspartnarar venta å auke frå 2,2 prosent i 2015 til 2,4 prosent i 2016. Euroområdet er venta å auke frå 1,5 til 1,7 prosent, USA frå 2,5 til 2,7, Sverige frå 2,8 til 2,9, og Japan frå 0,5 til 1,0 prosent. 
 
Usikkerheit om utviklinga i Kina
Kina er venta noko lågare vekst i BNP enn våre andre store handelspartnarar. Veksten i BNP er estimert til 7,3 prosent i 2014, 6,6 prosent i 2015 til 6,3 prosent i 2016. Yuanen har blitt svekka dei siste månadene, og det har vore store bevegelsar på dei kinesiske børsane, med stor uro så seint som i desember. Det er derfor stor usikkerheit om framtida for kinesisk økonomi. Det er òg usikkerheit om den kinesiske regjeringa bevisst devaluerer yuanen i konkurranse med USA. I nasjonalbudsjettet i september varsla den norske regjeringa at eit eventuelt fall i kinesisk økonomi (eller andre veksande økonomiar) kan gi ny finansuro og reduserte råvareprisar.  
 
OPEC kuttar ikkje produksjonen før tidlegast i juni 2016
Etterspørselen etter olje i 2016 er i OECD-landa venta å vere likt med etterspørselen i 2015. Utanfor OECD er etterspørselen venta å auke med 2,4 prosent (størst i Asia utanom Kina). Global etterspørsel er dermed venta å auke med 1,3 prosent.  OPEC opplyser ikkje om sin venta produksjon,  men produksjonen utanom OPEC er venta av Det internasjonale energibyrået (IEA) å bli redusert med 1,1 prosent i 2016. I SSB sin prognose er det venta at OPEC vil halde prisane nede ved å auke produksjonen tilsvarande fallet i produksjonen utanfor OPEC.  Da OPEC-møtet i desember 2015 ikkje endra på produksjonsmålet, men har utsett vedtak om produksjonsmål til juni 2016, gav det heller ikkje tydelege restriksjonar på sine medlemmer, og oljeprisen fall kraftig andre og tredje veka i desember. I skrivande stund i desember 2015 har Brent Spot vore på sitt lågaste på $37,27 (pr. 14. desember kl. 09:53).  
 
Styringsrente på 0,5 %
SSB venter ei styringsrente på 0,5 % innan utgangen av 1. kvartal 2016, og deretter ingen endringar på kort sikt. Dette samsvarer med det på skrivetidspunktet siste tilgjengelege signal frå Norges Bank om eit årssnitt på styringsrenta på litt over ein halv prosent i 2016 (Pengepolitisk rapport per september 2015).  SSB venter derfor at typiske renter på bustadlån kan kome ned i 2,5 prosent i 2016, mot 3,9 prosent i 2014.
 
Økonomiske forventningar ned, men konsumet aukar
I nasjonalbudsjettet peiker regjeringa på at bedrifter og hushald sine økonomiske forventningar har gått ned, og SSB peiker på at svak vekst i sysselsetting og reallønn vil trekke ned det private konsumet. Regjeringa peiker på at hushalda sin etterspørsel etter varer og tenester har halde seg oppe på grunn av lågt rentenivå og auka bustadformue, og SSB peiker på at enda lågare rente i 2016, kombinert med skattelette, vil trekke privatkonsumet opp. SSB ventar framleis vekst i konsumet, men lågare i 2016 enn i 2015.
 
Redusert vekst i bustadprisane
Frå november 2014 til november 2015 auka bustadprisane i Noreg med seks prosent.  Av byane var det berre prisnedgang i Stavanger og Sandnes, og av fylka berre i Rogaland og Finnmark. På grunn av oppbremsing i inntektsveksten, auka arbeidsløyse og reduserte økonomiske forventningar, er det òg venta ein dempa etterspørsel i bustadmarknaden. Til tross for redusert rente, ventar SSB i siste konjunkturrapport berre 1,5 prosent prisauke på bustader i 2016. 
 
Asylstraumen
SSB peiker på at asylstraumen vil bidra til vekst i Europa, på grunn av høg vekst i offentleg konsum og ein meir ekspansiv finanspolitikk i mange europeiske land. Dette gjeld også Noreg, og tilførselen av asylsøkjarane til befolkninga i Noreg vil trekke opp dei offentlege stønadene til privathushalda, og med det bidra til auka konsumvekst. Nettoverknaden av den auka asylstraumen har gjort at SSB i sin konjunkturrapport for desember 2015 ligg veksten i BNP 0,2 prosent over det anslaget som var gjeve i nasjonalbudsjettet i september (jmfr avsnittet om BNP).
 
Kjelder: