Ny vekst i Nordfjord

Regionalt utsyn

Ny vekst i Nordfjord

Nordfjord er den mest optimistiske av regionane i fylket, i følgje Næringsbarometeret. Det er også ein region full av kontrastar. Medan delar av det tradisjonelle næringslivet slit, gror det fram nye og framtidsretta verksemder.

Legg ned og byggjer opp
Måndag 30. april var siste dag på jobben for mange av dei tilsette ved Domstein sin filetfabrikk på Trollabø. Etter 19 år med drift var produksjonen ikkje lenger lønsam. No er den flytta til andre verksemder i mellom anna Polen og Litauen. Same dag fortalde Fjordenes Tidende at Seevia AS nett hadde underteikna ein kontrakt som gav det Måløy-baserte it-selskapet ansvaret for å drifte ein felles videokonferansekatalog for det norske og danske helsevesenet. – Kontrakten i Danmark er det første internasjonale gjennombrotet for teknologien vår, seier dagleg leiar Jørn Mikalsen. – Vi har eit stort vekstpotensial utanfor Noreg og ventar at vi må tilsetje fleire ved kontoret i Måløy i den næraste tida.

Tradisjon og innovasjon
Kontrastane er store i Nordfjord. Mykje av næringslivet er bygd på tradisjonar og naturlege føresetnader. Marine og maritime verksemder ute ved kysten, fruktdyrking, turisme og teko-industri lenger inne i fjorden.  Men regionen har dei siste åra òg vore prega av innovasjon og nyskaping. Noko av denne nyskapinga byggjer vidare på tradisjonane. Til dømes Stad Towing Tank, eit moderne hydrodynamisk anlegg for uttesting av skipsskrog, eller Moods of Norway som har gjort fjordabonden sin fremste arbeidsreiskap, traktoren Ferguson TE20, til internasjonalt mote-ikon. Andre representerer nye teknologi- og tenestebaserte næringar slik Seevia frå Måløy er eit døme på.

- Vi manglar dei store lokomotiva her i regionen, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune og tidlegare leiar av Måløy Vekst. – Til gjengjeld har vi eit mangfald av små og mellomstore verksemder der mange er framtidsretta og i vekst. Bjørlo snakkar seg lett varm når han fortel om desse verksemdene. Frå eigen kommune trekkjer han fram elektro- og automasjonsmiljøet, mellom anna Eid Elektro som i april i år kjøpte opp Tavlebygger 1 AS frå Bergen for å sikre vidare vekst.

Ein fragmentert region
- Men vi har ein lang veg å gå når det gjeld samarbeid mellom verksemder, seier Bjørlo. – Vi treng å skape eit felles miljø som kan bidra til vekst og utvikling. Dette har sjølvsagt noko med lange avstandar og mangelfulle kommunikasjonar å gjere. Men det handlar også om kultur. - At vi har fire lokalaviser, men ikkje eit einaste felles organ for heile Nordfjordregionen, er eit talande uttrykk for nettopp dette, seier Bjørlo.

Han meiner erfaringane frå åra med Måløy Vekst viser at det nyttar å satse systematisk på å utvikle næringslivet i regionen. – Då selskapet vart etablert i 2006 var det stagnasjon og folketalsnedgang i ytre Nordfjord. I løpet av dei siste åra er nedgang snudd til vekst og ei rekkje framtidsretta selskap har kome til. Bjørlo er særleg nøgd med arbeidet for å skape aktivitet rundt ny miljøteknologi i regionen, knytt til offshore vindkraft og grøn datalagring. No skiftar Måløy Vekst namn til Nordfjord vekst og blir eit felles næringsutviklingsselskap for Vågsøy, Eid og Selje. Eit anna døme på fungerande næringssamarbeid er Reisemål Stryn & Nordfjord – eit destinasjonsselskap og felles marknadsføringsorgan for reiselivsverksemdene i regionen.

Framtidstru
Næringslivet i Nordfjord ser rimeleg lyst på framtida. Regionen har den høgaste samla forventingsindeksen blant regionane i fylket. Indeksen endar på 18 poeng, same nivå som for eit år sidan. Sunnfjord, som også låg på 18 poeng i 2011, fell derimot til 14 i årets måling. Det er særleg når det gjeld utsiktene for investeringar at Nordfjord skil seg frå dei andre regionane.  Medan 27 prosent av verksemdene ventar auka investeringar i 2012, er det berre 11 prosent som ventar reduksjon. Rundt 30 prosent av verksemdene i Nordfjord ser for seg å auke sysselsettinga i løpet av året, medan 10 prosent ventar nedgang. Til tross for optimismen har Nordfjord høgare arbeidsløyse enn dei andre regionane i fylket. Dette gjeld særleg dei ytre kystkommunane, der Vågsøy toppar statistikken med 3,8 prosent ledige i april – eit tal som vil vekse monaleg når dei som har mista jobben ved Domstein melder seg hos NAV.

Kjempar om kompetanse
Alt i alt er likevel mangel på arbeidskraft og kompetanse ei større utfordring for regionen enn arbeidsløyse. Dette gjeld ikkje minst for teknologiverksemdene. – Det er utan tvil ei tøff utfordring å skaffe den kompetansen vi treng, seier Mikalsen i Seevia. – Vi er i dialog med NTNU om gjennomføring av gründerprosjekt saman med studentar og for å få nyutdanna kandidatar til å kome til Måløy. Andre verksemder har satsa systematisk på rekruttering av høgt utdanna arbeidskraft frå utlandet, mellom anna Nederland og Island. – Fordi vi såg det som avgjerande for vidare vekst, starta Måløy Vekst norskopplæring for utanlandsk arbeidskraft, fortel tidlegare leiar Alfred Bjørlo.

Bjørlo meiner det er ein fordel for Nordfjord å liggje tett opptil vekstregionen Sunnmøre. Regionen har mange tunge verksemder som treng underleverandørar, og det er mange gode døme på vellukka samarbeid. – Med Eiksundsambandet og Kvivsvegen er kommunikasjonane nordover i ferd med å bli betre, noko som sjølvsagt hjelper på, seier Bjørlo.  – Vi har alt å tene på å få utvikla ein felles arbeidsmarknadsregion i dette området.

Sogn og Sunnfjord
Utanom Sunnfjord, der den samla forventingsindeksen fell markert frå same tid i fjor, er det ingen markerte endringar i dei ulike regionane sine vurderingar av framtidsutsiktene. Dei mest nøkterne vurderingane finn vi i år som i fjor i kystregionen Ytre Sunnfjord/Ytre Sogn der den samla forventingsindeksen ligg rett under 10. Dette er ein region som i stor grad er dominert av dei marine og maritime næringane. Det er også den einaste av regionane som har hatt nedgang i folketalet i løpet av dei siste fem åra. Likevel har ingen av dei andre regionane hatt ein så sterk nedgang i arbeidsløysa i løpet av det siste året som nettopp Ytre Sunnfjord/Ytre Sogn .