Nytt økonomisk uår i vente?

Norsk og internasjonal økonomi

Nytt økonomisk uår i vente?

2012 har vore eit turbulent år for den globale økonomien. Det skapar uvisse om utviklinga i 2013. 

2012 har vore eit krevjande år, ikkje berre for Europa, men også globalt. Eurokrisa får i stor grad skulda. Dei omfattande budsjettkutta i mange statar har i følgje Det internasjonale pengefondet (IMF) hatt ein meir negativ effekt på økonomien enn først antatt. Resultatet er lågare global vekst enn det IMF spådde ved inngangen til året.

Europa hanglar vidare
– Det er ei spennande tid for økonomar, sa sentralbanksjef Øystein Olsen då han vitja Bergen i haust. Dei turbulente tidene i Europa er av høg interesse for fagfolk som han. Men med ei arbeidsløyse på over 11 prosent i euro-området og låge vekstutsikter for 2013, spørst det om våre europeiske vener deler Olsen si spenning.

Europeiske kriselån har sørgt for å halde eurosamarbeidet flytande inntil vidare. Det er ei mager trøyst for ein region som mot slutten av fjoråret var inne i sin andre økonomiske resesjon sidan 2009. OECD sine prognosar viser at økonomien i eurosona krympa med 0,4 prosent i 2012. Viktige EU-land som Storbritannia, Belgia og Nederland opplevde alle økonomisk tilbakegang i fjor. I Sør-Europa er nedturen særs dramatisk. I Hellas og Portugal vart BNP redusert med høvesvis 6 og 3 prosent. Dei strame innsparingstiltaka, som har sett sinna i kok i kriseramma land i Sør-Europa, gjer ikkje situasjonen lettare. At eurolanda og IMF i slutten av november vart samde om tiltak for å redusere den greske statsgjelda ytterlegare, var likevel eit viktig skritt på vegen.

Europeisk vekst først i 2014
Dei siste månadene har fleire av dei viktige aktørane i verdsøkonomien lagt fram sine prognosar for 2013. Forventingane varierer noko. Men både Europa-kommisjonen, IMF og OECD ser ut til å vere samde i ein ting: 2013 blir eit magert økonomisk år for Europa. Europa-kommisjonen spår ein marginal vekst på 0,1 prosent. OECD trur på si side at den negative utviklinga vil halde fram også i år, men at nedgangen vil bli mindre. I følgje OECD vil eurosona oppleve ein negativ vekst på 0,1 prosent, som vil snu til ein svak positiv vekst på 1,3 prosent først i 2014.

Men prognosane både frå Europa-kommisjonen og OECD viser store variasjonar mellom dei europeiske landa. OECD ventar at eit viktig land som Tyskland vil oppleve lågare vekst i år. Storbritannia vil, etter eit økonomisk tilbakeslag på 0,1 prosent i 2012, igjen oppleve marginal vekst. For Norge er det positivt at prognosane for viktige eksportmarknader som dei nordiske landa, Nederland og Frankrike ser noko betre ut for 2013 enn den utviklinga vi har sett siste året. I Sverige blir veksten anslått til 1,9 prosent i år for deretter å auke til 3 prosent i 2014, i følgje OECD.

Det ser mørkare ut for landa i Sør-Europa. Kriseråka land som Hellas, Spania, Italia og Portugal har nok eit år med økonomisk nedgang i vente. Men nedgangen vil gradvis bremse opp, og land som Spania og Italia kan allereie i 2014 oppleve ein svak vekst. Det viser prognosane frå OECD. For Norge er dei direkte konsekvensane av krisa i land som Hellas og Portugal mindre merkbare, sidan dette er land vi relativt sett handlar lite med.

Men desse prognosane er usikre, og avhengig av at EU og medlemsstatane lukkast med å gjennomføre tiltak som verkar. Den politiske usemja som rår innanfor EU og mellom EU og andre partar som IMF, skapar stor uvisse om utviklinga.

Arbeidsløysa når nye høgder
Sjølv om nedgangen i BNP skulle bremse opp i år, gjer etterslepet i arbeidsmarknaden at arbeidsløysa vil halde fram med å stige dei to neste åra. OECD anslår at arbeidsløysa vil nå sitt høgste nivå i 2014 med 12 prosent arbeidsløyse i eurosona. I land som Hellas, Portugal og Spania er situasjonen på arbeidsmarknaden allereie dramatisk, med opp mot 50 prosent arbeidslause blant ungdom. Ein svak arbeidsmarknad gir nedgang i privat konsum, noko som bidrar til å stagge veksten i BNP. Ein marginal reduksjon i arbeidsløysa er venta først mot slutten av 2014, i følgje OECD sine prognosar.

USA og resten av verda
Også økonomiane utanfor EU slit med låg vekst. Det gjeld ikkje minst land som Japan og USA, som begge vil oppleve lågare vekst i 2013. OECD spår at den amerikanske økonomien vil få ein beskjeden vekst på 2 prosent. Svak økonomi hos private hushald, ein stram finansmarknad og budsjettinnstrammingar hindrar ytterlegare økonomisk vekst. Men også utviklinga i USA er avhengig av politisk semje.

Sjølv dei framveksande økonomiane, som har vore ei viktig draghjelp globalt dei seinare åra, opplever ein dempa økonomisk vekst. Det gjeld mellom anna Kina, sjølv om den asiatiske kjempa ligg på eit nivå langt over vestlege land med ein forventa auke i BNP på 8,5 prosent i år. Det viser OECD sine prognosar. Kinesarane bidreg slik sett til å dra opp den samla veksten i verdsøkonomien, som IMF anslår til 3,6 prosent. Kinesisk vekst er difor heilt avgjerande både for utviklinga ute og her heime.

Dempar norsk vekst
Trass i svake internasjonale konjunkturar, har Norge opplevd ein samanhengande konjunkturoppgang sidan 2011. SSB spår at aktivitetsnivået vil halde seg høgt i lang tid framover. Høg vekst i etterspurnaden frå oljenæringa og låge renter er dei viktigaste drivkreftene for den vidare økonomiske utviklinga. Høg inntektsvekst hos hushalda bidreg dessutan til auka forbruk. Kombinert med låge renter bidreg det til at bustadprisane held fram med å vekse (sjå figur 2).

Todelt økonomi?
Aktiviteten i petroleumssektoren har nådd nye høgder den siste tida. I 2011 auka investeringane med 14 prosent og veksten låg an til å bli like høg i 2012. SSB ventar at nivået vil halde seg høgt også dei neste åra, men trur veksttakten vil gå noko ned. Rekordhøg oljeaktivitet kombinert med lågare vekst i marknadene for tradisjonelle eksportvarer har gjort det stadig meir relevant å snakke om ein todelt norsk økonomi. Medan verksemder med oljerelatert omsetnad går godt, kjempar andre delar av næringslivet med høgt kostnadsnivå, sterk krone og sviktande etterspurnad i eksportmarknadene. SSB spår at svak vekst i eksportmarknadene kombinert med svekka norsk konkurranseevne vil skape vanskar for tradisjonell norsk vareeksport dei neste par åra. Først i 2015 vil veksten hos dei viktigaste handelspartnarane våre ha tatt seg tilstrekkeleg opp til at tradisjonell vareeksport vil passere nivået frå før finanskrisa.

Kjelder
SSB: Konjunkturtendensene for Norge og utlandet (6.12.2012)World Economic Outlook, october 2012
European Economic Forecast, Autumn 2012
OECD Economic Outlook 27.12.2012