Offentleg sektor kan også vere motor!

Leiar

Offentleg sektor kan også vere motor!

Dette næringsbarometeret handlar om offentleg sektor si rolle som pådrivar og motor for næringsverksemd. Det er ei kjend problemstilling som tidvis får for lite merksemd.

I Europa og EU blir det uttalt at offentleg sektor skal stimulere til innovasjon i privat sektor gjennom sine innkjøp. I USA har dette vore gjort i 30 år.

Dei siste åra har offentlege etatar og verksemder gjort mykje for å betre innkjøpsarbeidet, og mange private leverandørar opplever dette som problematisk. Her er  vi inne på det store paradokset: Alle er samde om at våre felles skattekroner skal forvaltast mest mogleg økonomisk. For å få til dette samarbeider stat, fylke og kommune for å få best moglege innkjøpsavtaler. Slike avtaler kan i sin natur vere slik at lokale arbeidsplassar forsvinn fordi verksemda misser viktige avtaler med sin eigen kommune eller offentlege verksemder som skular og sjukehus.

Offentlege innkjøpsrutinar er etter mange si meining vortne svært kompliserte og verkar i nokre høve mot det som var tenkt i utgangspunktet.
Vi kan ikkje skru klokka tilbake, men vi kan rette merksemda mot korleis dei offentlege innkjøpsordningane meir enn no kan utfordre leverandørane på fleire område enn mengde, pris og leveringsevne. At offentleg sektor og private leverandørar kan verke utviklande for kvarandre! Innovasjon i offentleg sektor vert snakka om, men lite vert gjort. Her kan private leverandørar bety mykje.

La oss saman sjå etter moglegheitene, og arbeide for innovasjon og utvikling av nye forretningsområde!

 

Jan Heggheim
Fylkesdirektør for næring
Sogn og Fjordane fylkeskommune