Olja splittar eksportnæringa

Eksport

Olja splittar eksportnæringa

Prisane fell. Forventingane fell. Det er ikkje berre lett å driva tradisjonell eksport i urolege tider. Men for den petroleumsretta eksporten er utsiktene heilt annleis. Todelinga i eksportnæringa i Hordaland blir stadig tydelegare.  

Eksporten aukar, prisane fell
Norsk eksportnæring går så det susar. Sidan november i fjor har eksportverdien auka kvar månad, melde SSB tidlegare i år. I mars nådde den 88,9 milliardar kroner, den høgste verdien nokon gong registert. Ein oljepris på godt over 700 kroner fatet saman med rekordhøg fastlandseksport medverka til at vi i mars kunne notere tidenes største handelsoverskot.

Men biletet av ei blømande eksportnæring har fleire nyansar. Ordretilgangen og prisane i eksportmarknaden til tradisjonelle norske industriverksemder fall i løpet av første kvartal i år. Det viser SSB sitt ferske konjunkturbarometer. Ser ein bort frå verdien av energiprodukt, fall fastlandseksporten med to prosent frå mars i fjor til same tid i år. Situasjonen er særleg krevjande for papir- og papirvareindustri, metallindustri og kjemisk industri. Sidan første kvartal i fjor har eksporten av metall, unnateke jern og stål, falle med heile 10,7 prosent. Samstundes slit Noregs nest største eksportnæring, fiskeri, med kraftig prisfall. Vi ser med andre ord teikn på ei tydeleg todeling av norsk eksportnæring.

Ei todelt eksportnæring
Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret teiknar eit liknande bilete for Hordaland. Eksportverksemdene sine forventingar har fått ein kraftig knekk det siste året. Berre to av 10 verksemder ventar å auke eksporten det neste året, halvparten så mange som i fjor. Også her i fylket er todelinga i eksportnæringa tydeleg, viser Bedriftsundersøkinga. For medan optimismen veks i den delen av eksportnæringa som er knytt til olje- og gassutvinning, er forventingane blant andre eksportverksemder kraftig redusert det siste året. 40 prosent av oljerelaterte eksportverksemder ventar å auke eksporten det neste året. Blant dei meir tradisjonelle eksportverksemdene ventar berre 30 prosent det same. 16 prosent av dei ventar ein nedgang i eksporten.

To verkelegheiter i Odda
I industribygda Odda opplever to av dei største verksemdene nokså ulike kvardagar.  - Det er ikkje dei beste tilhøva, men ikkje så ille som vi trudde for eit år sidan, seier Toralf Helland, informasjonssjef ved Boliden, den største verksemda i kommunen. Sinkprodusenten eksporterer over 90 prosent av produksjonen og har i likskap med mange andre metallprodusentar hatt tøffe tider dei siste åra. For å møte prispresset har verksemda måtte innføre drastiske tiltak. Sjølv om dei prøvar å auke produksjonen maksimalt, er kostnadskutt og nedskjeringar i arbeidsstokken ikkje til å unngå.

Nokre hundre meter unna, hos maskineringsverksemda NLI, er det heilt andre utfordringar som gjeld. – Vi ser for oss ei dobling av omsetnaden på sikt, og planlegg å utvide med 30 personar det neste året. Men i dagens arbeidsmarknad er det ikkje lett, fortel administrerande direktør Ingvald Torblå. Verksemda hans merkar effektane av aktiviteten i olje- og gassindustrien. Nyleg inngjekk dei ein treårig rammeavtale med FMC worldwide. Dei får òg inn ordrar direkte både frå Asia og USA.

Låg tru på Europa
Dei to verksemdene er døme på at det går eit klårt skilje mellom verksemder som eksporterer til Europa og dei som har sine hovudmarknader andre stader. Bedriftsundersøkinga viser at forventingane er markert lågare blant verksemdene som er avhengig av den europeiske marknaden, enn blant dei som hovudsakeleg eksporterer til Asia.

Med bilindustrien og byggjenæringane i Tyskland og Storbritannia som viktigaste eksportmarknader, er Boliden, i likskap med 70 prosent av eksportverksemdene i bedriftsundersøkinga, blant dei som er utsett for svingingane i europeisk økonomi. Likevel har ikkje nedturen vore så stor som frykta på slutten av fjoråret. – Økonomien i Tyskland går tålig bra, og så langt har bilsalet og byggjeverksemda halde seg bra. Vi er avhengig av at det fortset slik, seier Helland.

Bedriftsundersøkinga viser òg verdien av å ha fleire bein å stå på. Stemninga blant dei som eksporterer til tre eller fleire marknader er langt meir positiv enn blant verksemder som er avhengig av éin enkelt marknad. I sistnemnde gruppe rår pessimismen, og fleire ventar nedgang det neste året. 

Låge prisar skapar problem
Svikt i etterspurnaden er ei naturleg følgje av lågkonjunkturen i Europa. Men det er først og fremst låge prisar som skapar vanskar for eksportørane til den europeiske marknaden. Over halvparten melder om låge prisar som hovudårsaka til utfordringane dei opplever. Dette har ikkje minst fiskerinæringa fått merke det siste året, med eit fall i lakseprisane frå 40 til kring 28 kroner per kilo.

– Innteninga i første kvartal 2012 er redusert samanlikna med i fjor, som ei følgje av lågare prisar, fortel Ola Brattvoll i Marine Harvest. Men fallet vert til ein viss grad veid opp av auka etterspurnad etter norsk laks i verdsmarknaden. I april blei det eksportert 70 662 tonn laks, i følgje Norges Sjømatråd. Det er 13 664 tonn meir enn april i fjor. – Laks er eit produkt som passar med matvanane til ein stadig aukande global middelklasse, forklarar Brattvoll. Sjølv kriseramma sør-europearar ser ikkje ut til å miste interessa for norsk laks.

- Fleire blør pengar
Men for delar av eksportnæringa kjem krisa i Europa på toppen av meir langvarige utfordringar. Det gjeld særleg metallprodusentar, ei næring som har slitt med overkapasitet og svak vekst i lengre tid. Dei siste åra har prisen på innsatsvarer òg blitt pressa opp, noko sinkprodusenten i Odda har fått merke. – Det er mange om beinet. Mellom anna har Kina pressa prisnivået ved å kjøpe råvarer på spotmarknaden til veldig høge prisar, seier Toralf Helland. – I tillegg er det overproduksjon i Europa. Det finst til saman sju sinkverk i Europa, og vi reknar med at eitt eller to av dei vil forsvinne. Fleire blør pengar for tida, seier han.