Optimisme etter rekordår

Havbruk

Optimisme etter rekordår

Verda får ikkje nok av laks og aure frå norske fjordar. Det betyr gode tider for havbruksnæringa i fylket. Over halvparten av verksemdene ventar auka omsetnad og lønsemd neste år.

– Vi skulle gjerne ha auka produksjonen endå meir, det er tydeleg marknad for det, seier Alex Vassbotten, dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm. Selskapet driv oppdrett av laks og aure på sju lokalitetar i Flora og Askvoll og omset for 250 millionar kroner i året.  – Ideelt sett burde vi ha auka produksjonsvolumet med 4-7 prosent i året. Vi har kapasiteten til det, og eit større volum er naudsynt både når det oppstår utfordringar i marknaden og med fisken.

Eksportrekord
Norske lakseeksportørar kunne notere seg for ny norsk eksportrekord i fjor. Til saman blei det eksportert laks for 39,8 milliardar kroner i 2013. Det var 35 prosent meir enn i 2012. Redusert konkurranse frå mellom anna Chile skapar auka etterspurnad etter norsk laks og aure. Saman med redusert produksjon her heime har det gitt sterkare lakseprisar.

Investerer meir
Ikkje rart forventingane til det komande året er høge blant havbruksaktørane i Sogn og Fjordane. Tre av fire vurderer marknadssituasjonen som god eller svært god. Det er fleire enn for eitt år sidan, då vel halvparten melde om det same. Over halvparten ventar dessutan auka omsetnad og betre lønsemd. Også det er langt fleire enn i fjor. Då venta berre ein av fire det same. Optimismen gir seg også utslag i auka investeringar. Ein av tre planlegg å investere meir det neste året. Mykje av dette går truleg til forskings- og utviklingsprosjekt. Nær 60 prosent av havbruksverksemdene planlegg å satse på FoU i 2014, ein nesten like stor prosentdel som i fjor (sjå figur 3).

Også Steinvik Fiskefarm har investeringsplanar. – Havbruk er ei næring med stor teknologisk utvikling, og vi har investert mykje dei siste åra, seier Vassbotten. No planlegg selskapet utbygging av nytt settefiskanlegg i Svelgen. – Vi har konsesjon til å ta ut 600 liter vatn i sekundet, og reknar med at det vil gi mellom fire og fem millionar smolt i året. Vi skal produsere smolt og rognkjeks på gamle yngelanlegg til torsk. Førebels er utbygginga på planleggingsstadiet, men målet er å starte produksjonen i 2015.

Byggjer omdømme
Trass gode tider, utfordringane er der: Miljøkritikk, lakselus og sjukdom. Seinast i oktober måtte Firda Sjøfarmer i Gulen slakte ned 180 000 laks etter sjukdomsutbrot. Slike hendingar gjer at næringa fort får dårleg rykte. 

For Steinvik Fiskefarm er omdømmebygging så viktig at dei har starta sitt eige visningssenter for å spreie kunnskap om næringa. Der tar dei imot skuleelevar, turistar og andre som ønskjer å lære meir om marin matproduksjon. – Mange har ei negativ haldning til oppdrett og trur vi er noko vi ikkje er. Difor ønskjer vi å vise publikum korleis vi driv, seier Vassbotten. – Alt vi formidlar her er dessutan testa så vi veit at det stemmer.

Tar miljøansvar
Næringsbarometeret viser at havbruksnæringa i fylket tar miljøutfordringane på alvor. Over halvparten av verksemdene tok i bruk ny og meir miljøvenleg teknologi i løpet av fjoråret. Ein av tre har slike planar for 2014 (sjå figur 2). Forsking og kompetanseutvikling er også ein del av dette biletet. Over 40 prosent satsa på kompetanseutvikling i fjoråret, og like mange vil gjere det i 2014.

Treng meir plass
Men viktigare enn problema knytt til omdømme er at næringa manglar plass (sjå figur 2). Fylket har meir verna sjøareal enn gjennomsnittet for landet, og tilgangen på areal til nye lokalitetar er knapp. Fleirtalet av havbruksaktørane i fylket vurderer dette som den viktigaste utfordringa for næringa i fylket – like viktig som biologiske problemstillingar knytt til sjukdom og lus. – Sogn og Fjordane kan kome til å tape dersom vi ikkje har tilgjengeleg sjøareal, meiner Alex Vassbotten. – Kvar gong vi søkjer om lokalitetar, tar prosessen unødvendig lang tid. Dette må leggast inn i ein kystsoneplan på førehand. Vi kan ikkje krangle oss til plass.

Ønskjer regional kystplan
– Vi ser behovet for å styrkje arealplanlegginga langs kysten, seier Trond Sundby, fagkoordinator i plan- og samfunnsavdelinga i Fylkeskommunen. Fylkestinget har fatta vedtak om å utarbeide ein regional kystplan, men arbeidet vil truleg starte opp først i 2015. – Før det ønskjer vi å gjere ei kartlegging av havbotnen og det marine økosystemet. Slik kunnskap er grunnleggjande for arealplanlegginga og verdiskapinga langs kysten, seier Sundby. Forskingsmiljø er allereie involvert og har signalisert at staten dekkjer halve finansieringa. Målet er å kome i gang i løpet av våren dersom Fylkestinget gir si godkjenning. 

Dette er godt nytt også for havbruksnæringa. Vassbotten understrekar kor viktig næringa er for lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. – Fylket har mange flinke, lokale verksemder. Men viss ikkje styresmaktene sørgjer for at premissane er lagt til grunn, m.a. gjennom lokalitetar, kan små verksemder lett tenkje at no sel vi, seier Vassbotten. – Vi tener pengar og er viktige for lokalsamfunnet, så eg vonar styresmaktene lar oss få vekse.

Kjelder
http://ssb.no/utenriksokonomi/statistikker/muh/maaned/2013-11-15?fane=ta...
http://www.seafood.no/Nyheter-og-media/Nyhetsarkiv/Pressemeldinger/Rekor...