Optimisme på retur?

Samla vurdering

Optimisme på retur?

Arbeidsløysa fell og aktiviteten i oljenæringa er historisk høg. Likevel ser verksemdene i Hordaland mindre lyst på framtida i dag enn dei gjorde for eitt år sidan. Særleg eksportverksendene er uroa. 

Gode tider
Det er gode tider for økonomien i Hordaland. Arbeidsløysa har falle med 14 prosent sidan april i fjor og ligg no på 2.1 prosent. 6000 fleire er blitt sysselsette, i følgje SSB sine Arbeidskraftsundersøkingar. Dette er ein vekst godt over landsgjennomsnittet. Mykje av trekkrafta bak den positive utviklinga kjem frå oljenæringa. Med eit historisk høgt leite- og investeringsnivå er det gode tider for leverandørindustrien og alle andre som er knytt til den oljesmurte delen av økonomien. Eit uvanleg høgt aktivitetsnivå for bygg- og anlegg bidreg også til å sette fart i økonomien.

Forventingane fell
Med eit slikt utgangspunkt er det kanskje overraskande at aktørane i næringslivet viser svakare tru på den næraste framtida enn dei gjorde for eit år sidan. Den samla forventingsindeksen fell frå 20 til 13 poeng for alle næringar sett under eitt. Dermed er den positive trenden dei to siste åra broten.
Alle dei fire indikatorane som inngår i utrekninga er likevel framleis på den positive sida. Det er fleire som ventar vekst enn nedgang. Om lag kvar tredje verksemd ventar auke i omsetninga i 2012, og kvar fjerde ser for seg at lønsemda skal bli betre. Kvar fjerde verksemd vil auke talet på tilsette, medan kvar tiande vil kutte ned. Svakast er tala for investeringar. Her er det tilnærma balanse mellom dei som ventar vekst og dei som ventar reduksjon. Dette tyder på ei noko avventande haldning til kva den næraste framtida vil bringe.

Aukande kontrastar
Trua på framtida er fyrst og fremst bestemd av kor tett selskapa er knytt til oljenæringa. Dette delar økonomien i fylket i to. Til større del av omsetnaden som kjem frå oljerelatert verksemd, desto lysare er framtidsutsiktene. Medan selskap som har meir enn halvparten av omsetnaden frå oljerelatert verksemd har ein samla forventingsindeks på 44, er den tilsvarande indeksen for dei som ikkje har oljeretta omsetnad i det heile, berre 11. Den fyrste gruppa er blitt endå meir optimistiske det siste året, medan uroa er veksande i den siste gruppa. Hordaland har ein stor leverandørindustri som nyt godt av den høge investeringstakta i den norske oljenæringa.

Tøffare tider for eksportnæringane
Den oljeretta eksporten er i ei særstilling. Andre deler av eksportnæringane har langt tøffare tider. Det er særleg eksportørar av tradisjonelle innsatsvarer som kjemiske produkt og metall som slit med fallande prisar og overproduksjon i verdsmarknaden. Det same gjer oppdrettsnæringa, der eksportvolumet er på eit historisk toppnivå, men prisane er for låge til å gi rekningssvarande drift.  Også deler av verftsindustrien har gitt signal om reduserte ordrereservar og tøffare konkurranse frå utalandske verft. Mellom andre har Bergen Group sendt ut permitteringsvarsel for deler av staben ved BMV på Laksevåg, og varslar samtidig at dei ikkje har nye ordrar på nybygg.  Samla sett fell forventingsindeksen for eksportverksemder utan petroleumsretta omsetnad frå 28 til 5 poeng.

Kamp om kompetansen
Det er likevel grunn til å tru at det vil bli kamp om kompetansen også i månadene framover. Arbeidsmarknaden er uvanleg stram og fleire bransjar klarar ikkje å rekruttere dei arbeidstakarane dei har bruk for. I følgje NAV tilgangen på ledige stillingar ikkje langt frå det nivået ein såg i april i fjor. I Bedriftsundersøkinga oppgir omlag 18 prosent av verksemdene at dei har freista å rekruttere nye medarbeidarar dei siste tre månadane utan å lukkast. Det er særleg innafor bygg og anlegg og forretningsmessig tenesteyting at det er stor mangel på arbeidskraft. Etterspurnaden etter ingeniørar på ulike nivå og fagarbeidarar stort.
I eit fylke mest utan arbeidsløyse er tilførsel av hender utafrå ei nærliggande løysing. 39 prosent av verksemdene i privat sektor i Hordaland at dei har nytta arbeidskraft frå EØS-området i løpet av dei siste 12 månadane. Det viser ei ny undersøking frå NAV Eures. Berre Østfold ligg høgare. Bedriftsundersøkinga til Næringsbarometeret viser at rundt 14 prosent av dei private verksemdene planlegg å rekruttere fleire arbeidarar frå utlandet det komande året. Det er ein vekst på om lag fem prosentpoeng frå same tid i fjor. Ein annan rekrutteringsstrategi er å legge tilhøva til rette for ungdom som ynskjer seg ei yrkesutdanning ved å ta inn lærlingar. Om lag kvar tredje verksemd i Bedriftsundersøkinga oppgir at dei har hatt lærlingar i løpet av dei siste to åra. Både rekruttering av utalandsk arbeidskraft og lærlingordninga er vidare utdjupa i eigne artiklar i denne utgåva av Næringsbarometeret.