Optimismen dalar i Hordaland

Leiar

Optimismen dalar i Hordaland

Denne utgåva av Næringsbarometeret viser at forventingane i første kvartal av 2014 er lågare enn kva dei var på same tid i fjor i alle regionar i Hordaland. Den samla forventingsindeksen ligg 6 prosentpoeng lågare enn på same tid i fjor, og noko høgare enn i mai 2012.

Det er først og fremst investeringslysten som sviktar i regionane, og mange bedrifter har lita tru på lønsemda i 2014. Men det finst og regionar og bransjar som er optimistiske. Både reiselivsbransjen i Hardanger og industrien i Sunnhordland og trelast ser svært lyst på situasjonen til neste år.

Det kraftigaste fallet i forventningar er innan bygg- og anleggbransjen og då serleg i høve til nye bygg. Indeksen er framleis på den positive sida, og halvparten av dei spurte bedriftene trur 2014 blir om lag som 2013. I tre av ti bedrifter trur dei at 2014 blir betre enn 2013.

Vekst i Europa
Europa-kommisjonen sine prognosar tyder på ein venta vekst i dei aller fleste europeiske landa i 2014. Det vil nok ta tid før veksten vil gi effekt på arbeidsløysa i desse landa, men det er positive signal, som på litt lengre sikt òg vil gi ringverknader i den norske marknaden.

Bremsen er på i arbeidsmarknaden
Arbeidsløysa er framleis låg i Hordaland med 2,3 prosent, men ho aukar for dei unge og arbeidsinnvandrarane. Sjølv om det ikkje er fleire som vart arbeidslause enn i 2013, ser vi at dei som søkjer arbeid går lengre ledige fordi det er færre stillingar lyst ut. Dette gir seg utslag i ein treigare arbeidsmarknad, og vil føre til at arbeidsløysa vil gå noko opp i løpet av året.

Vi ser i tala frå bedriftsundersøkinga at bedriftene har mindre tru på at dei vil auke talet på tilsette. Dette er òg i samsvar med NAV sin prognose for arbeidsmarknaden i Hordaland, som forventar ein moderat auke i talet på ledige med 8 prosent i 2014.

Denne utgåva av Næringsbarometeret fortel om mindre optimisme i dei fleste bransjar, men òg om store variasjonar mellom regionane i fylket!

Anne Kverneland Bogsnes
Fylkesdirektør i NAV Hordaland