Optimistar trass alt

Samla vurdering

Optimistar trass alt

Eit økonomisk turbulent år har sett sine spor òg i Hordaland. Eksporten er redusert og investeringsviljen nærast fråverande. Men optimistane er framleis i fleirtal i fylket.  

2012 har vore nok eit år prega av uvisse. Då det storma som verst i Europa i vår, var forventingane på det lågaste nivået sidan finanskrisa vinteren 2009 (sjå figur 2). Sidan mai har forventingane tatt seg noko opp att, men dei ligg framleis på eit langt lågare nivå enn for eitt år sidan. Samla forventingsindeks har falle frå 35 til 22 poeng det siste året. Likevel viser Næringsbarometeret at optimistane framleis er i fleirtal i Hordaland. Vi sporar ein viss oljeoptimisme, men mykje tydar på at det er liv laga også i skuggen av oljeøkonomien.

Eksporten på veg opp att
Eksportnæringa i fylket har til dels blitt hardt råka det siste året. 46 prosent av verksemdene som eksporterer til Europa melder om redusert eksport som følgje av eurokrisa. Likevel ventar mange at eksporten vil auke det komande året. Overraskinga er at dette også gjeld eksportverksemder som får store delar av omsetnaden sin frå Europa. Ein av tre eksportørar ventar å auke eksporten det komande året, medan éin av ti ventar nedgang. Optimismen viser seg trass i eurokrise og mager vekst hos viktige handelspartnarar. Forventingsindeksen for eksportnæringa det neste året viser også at langt fleire ventar auke enn nedgang langs alle andre indikatorar.

Sjølv ei eksportintensiv næring som fiskeri og havbruk er prega av optimisme, trass i at EU utgjer ein hovudmarknad for sjømatnæringa i Hordaland. - Dei økonomiske utsiktene for sjømat er veldig positive og sjømatnæringa ventar auka etterspurnad framover, fortel Tanja Hoel som er dagleg leiar i Fiskeriforum Vest. Næringsbarometeret viser ein samla forventingsindeks på 32 prosent for fiskeri- og havbruksnæringa.

Færre euro-turistar
Også reiselivsnæringa, som er sterkt avhengig av den europeiske marknaden, er jamt over positive. Faktisk er Reiseliv, kultur og oppleving den næringa som har lågast fall i forventingsindeksen samanlikna med januar i fjor. Reiselivsstatistikken frå SSB viser dessutan at Hordaland opplevde ein totalvekst i talet på gjestedøger på 3,1 prosent fram til oktober i fjor. Framgangen skuldast auke i både norske og utanlandske overnattingar. Samstundes viser tala at næringa merkar nedgangstidene i Europa.  – Vi har hatt langt færre turistar frå eurosona. Det skuldast både ei sterk norsk krone og ein svært vanskeleg situasjon i eurolanda, fortel Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norway. – For Tyskland, Nederland, Frankrike og Spania har det vore ein nedgang. Samstundes har det kome fleire turistar frå andre land i Europa, særleg Danmark, Storbritannia og Polen. Jørgensen trur reiselivsnæringa også i 2013 vil merke den tøffe situasjonen i Europa. Utviklinga i andre regionar som til dømes USA og Asia blir avgjerande.

Olje-optimisme
Industrien er blant næringane som har sterkast oppgang i forventingane sidan nedturen i mai-målinga. – Vi er grunnleggjande optimistar med tanke på 2013, seier Øyvind Risnes, kommunikasjonsdirektør i Bergen Group. – Det skuldast først og fremst ein robust og høg aktivitet innanfor så og seie all offshore-relatert industri.

Med ein fot innanfor offshoremarknaden og ein fot innanfor tradisjonell skipsbygging, illustrerer selskapet eit etter kvart velkjend skilje i norsk næringsliv. Den offshore-relaterte aktiviteten går som det susar, medan andre delar av norsk næringsliv i større grad merkar konsekvensane av eit høgt kostnadsnivå og rekordsterk kronekurs. Tala frå Næringsbarometeret stadfestar delvis dette skiljet. Medan den samla forventingsindeksen for heile næringslivet er 22 prosent, er forventingsindeksen for verksemder med petroleumsrelatert omsetnad 35 prosent.

Men mykje tydar på at det går godt også for den delen av næringslivet som lever i skuggen av oljeøkonomien. Innanfor industrien er todelinga mindre tydeleg enn kva ein skulle tru. Næringsbarometeret viser at investeringsvilja er høgare hos verksemder som ikkje har petroleumsretta omsetnad. Heile 46 prosent av verksemdene i denne gruppa planlegg å auke investeringstakta det komande året og mest ingen ventar reduksjon.

Sårbar byggjenæring
Byggje- og eigedomsverksemdene er dei som er mest prega av turbulensen. Trass i ein omsetnadsauke på 15 prosent i byggje- og anleggsverksemd i Hordaland det siste året, er verksemdene sine forventingar markert lågare enn januar i fjor. Det merkast først og fremst på investeringsviljen, som har falle kraftig. Næringa er den einaste kor samla forventingsindeks peikar nedover.

6 000 nye arbeidsplassar
SSB spår auka arbeidsløyse og arbeidsplassar blir truga med permittering. Likevel er det forventingar om vekst i sysselsettinga som pregar Næringsbarometeret. Til saman ligg det an til kring 6 000 nye arbeidsplassar i fylket (sjå tabell 1). Det viser estimeringar vi har gjort på basis av tal frå Bedriftsundersøkinga og registerdata frå SSB. Den største auken vil kome innanfor byggjenæringa og finansiell og forretningsmessig tenesteyting. Liknande tal finn vi i SSB si arbeidskraftundersøking. Den viser at sysselsetjinga i fylket auka med 6 000 personar frå tredje kvartal 2011 til tredje kvartal 2012. Det tyder på at næringslivet sine forventingar er realistiske.

Manglar ingeniørar og fagarbeidarar
Utfordringa framover blir å få tak i tilstrekkeleg med kvalifisert arbeidskraft. Nesten 40 prosent av verksemdene har problem med å rekruttere relevant personell. Blant dei petroleumsintensive verksemdene melder så mange som sju av ti om mangel på ingeniørar og sivilingeniørar. Seks av ti manglar fagarbeidarar. Innanfor industrien slit halvparten av verksemdene med å rekruttere ingeniørar og fagarbeidarar. Innanfor offentleg sektor og byggjenæringa melder nesten like mange om rekrutteringsvanskar.

Fleire verksemder både innanfor industri og byggjenæring er difor heilt avhengig av fagfolk utanfrå for å overleve. Det kan dagleg leiar i Lid Jarnindustri, Svein Ove Lid, skrive under på. – Sveisarar er ei faggruppe som er nærast umogleg å rekruttere i Norge. Hadde ikkje vi fått sveisarar frå Polen hadde det ikkje gått så bra for oss.

Slik sett kan nedgangstidene i Europa slå positivt ut for verksemdene i Hordaland. Høg arbeidsløyse ute gir auka tilgang på sårt tiltrengt arbeidskraft her heime. Bergen Group er blant dei som har tilsett fleire «euro-flyktningar» siste året. Øyvind Risnes innrømmer at krisa har gjort det lettare for dei å rekruttere relevant arbeidskraft. – Om vi skal vere litt kyniske, er det positivt at vi har fått auka tilgang til kvalifisert arbeidskraft som vi i periodar har mangla. Det er høg arbeidsløyse i Europa. Ein del av dei som står utan jobb er dyktige fagfolk innanfor område der vi manglar kapasitet til å kunne handtere dei store prosjekt-toppane.