Optimistisk næringsliv

Leiar

Optimistisk næringsliv

Det er nesten eit paradoks at årets Næringsbarometer snur ein negativ forventningstrend som har vart sidan 2011, samstundes som vi er midt inne i ei oljekrise som særleg råkar Vestlandet. Denne krisa har ramma dei oljetunge fylka hardt, med Rogaland i fremste rekke, men også Hordaland og Møre og Romsdal.

Sogn og Fjordane er unnataket på Vestlandet rett og slett fordi vi har relativt få direkte tilsette i denne næringa, samstundes som svak krone gir gode vilkår for den eksportretta industrien vår. Likevel ser vi at einskildkommunar som Hyllestad, Høyanger og Flora har bedrifter som er råka. Det er då gledeleg å sjå at bedriftene våre snur seg etter nye marknader og tek i bruk ny teknologi for å møte desse utfordringane offensivt. Søknader til NAV om midlar til bedriftsintern opplæring er større enn noko år tidlegare. Dette syner nok ein gong at Sogn og Fjordane har  mange framoverlente og omstillingsdyktige bedrifter som ikkje sit på gjerdet og ventar på betre tider.  

Og dei gode tidene vil kome tilbake i 2017/2018, fortel dei fleste prognosane. Utfordringa vår er igjen om vi kan skaffe nok kompetent arbeidskraft til å gje Sogn og Fjordane rom til å ta ut vekstpotensialet som næringslivet vårt har. Undersøkinga syner at vi i dag manglar 900 arbeidstakarar i fylket, og dette talet vil truleg auke dei komande åra fordi konkurransen om arbeidskrafta hardnar til både for privat og offentleg sektor. Innan offentleg sektor er helse og pleie og undervisning to område med veksande rekrutteringsutfordringar. Dette er ikkje bra, fordi god kvalitet på desse tenestene er ein viktig føresetnad for tilflytting til fylket.

Det er difor flott at Næringsdagane i fylket, der Næringsbarometeret vert presentert, set fokus på ei av dei største samfunnsutfordringane dei komande åra: Altfor mange i arbeidsfør alder vert ståande utanfor arbeidslivet av mange ulike årsaker. Det kan vere helsa, psyken, hudfargen, manglande utdanning eller ein kombinasjon av desse. Spørsmålet er om ikkje dette blir forsterka i åra som kjem, fordi arbeidsplassane som kan fyllast av ufaglærte vert borte i stadig raskare tempo.

Vi ser desse tala og samanhengane i statistikkane til NAV og vi ser kostnadane i pengar gjennom veksande trygdeutbetalingar. Det er ikkje like lett å sjå og talfeste dei menneskelege kostnadane ved å ikkje få delta og bidra som forventa i samfunnet vårt, men dei er svært store.   

Eg har ikkje løysinga, men trur at vi i Sogn og Fjordane i eit godt samspel mellom næringslivet, skulane våre, helsetenestene og NAV har eit godt utgangspunkt for å møte desse utfordringane som no vert sett på dagsordenen.    

 

Tore Thorsnes

Direktør, NAV Sogn og Fjordane