På friarferd hos NAV

Rekrutteringskanalar

På friarferd hos NAV

På NAV sine jobbmesser i Bergen får verksemdene møte fleire tusen arbeidslystne i året. Slikt kan det fort bli tilsetjingar av. 

– Jobbmessene til NAV er ein viktig kanal for oss, seier Edward Førsvoll, branch manager i Securitas. Verksemda er ein av gjengangarane på arrangementet. Dei er også flittige brukarar av nettstaden nav.no. Berre i fjor rekrutterte Securitas 600 personar gjennom NAV-systemet.

Nye rekrutteringskanalar
Mange verksemder i fylket gjer som Securitas og rekrutterer gjennom NAV. Det viser tal frå Næringsbarometeret (sjå figur 1). Særleg viktig er NAV for offentleg forvalting, kor ei av fire verksemder brukar NAV i rekrutteringa. Bedriftsundersøkinga viser også at nesten kvar fjerde verksemd brukar andre metodar enn dei tradisjonelle kanalane når dei rekrutterer. Det gjeld ikkje minst private nettverk. Fleire trekkjer også fram bruk av sosiale media som Facebook og Linkedin.

Treffest i Bergen
Gjennom nav.no kan arbeidsgjevarar lyse ut ledige stillingar. I tillegg har NAV sine jobbmesser vorte eit godt tilbod for arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar i fylket. Messene blir haldne i Bergen sentrum i mars og september kvart år, og mellom 1 200 og 1 500 vitjar messa kvar gong. I tillegg arrangerer NAV jamleg lokale messer ut frå arbeidsgjevarar sine behov.

For mange har messene eit lukkeleg utfall. – Vi er faktisk i ferd med å tilsetje to personar som vi møtte på jobbmessa i mars, fortel Marit Engeseth, HR rådgjevar i Tide.– Ofte kan det vere vanskeleg å treffe personar som har akkurat dei formelle kvalifikasjonane vi etterspør på slike messer, men førre gang kom vi i kontakt med fleire, seier Engeseth.

Vellukka spleising
Transport- og serviceverksemder er blant gjengangarane på messene, saman med fleire av dei store bemanningsselskapa. – Men også andre bransjar er representert, seier rådgjevar i NAV Marknad og «messe-general», Kristian Arnesen. – I fjor hadde vi Karsten Moholt med, og dei rekrutterte faktisk to ingeniørar på denne måten. Vi ønskjer jo at så mange som mogleg går ut med ein avtale i handa, og nokre messer er veldig vellukka. Eitt år hadde vi med ei verksemd som skulle etablere eit stort call-senter i Bergen og trengte 70 tilsette. Dei rekrutterte nesten alle dei trengte på denne måten.

Gratis marknadsføring
Dette er eit godt døme på at jobbmesser kan ha stor verdi både for verksemder og besøkande. For arbeidssøkande er det dessutan mykje informasjon og råd å hente. – I tillegg har dei sjansen til å få konkrete tilbakemeldingar på eigen CV, seier Arnesen. For verksemdene handlar det vel så mykje om marknadsføring som om direkte rekruttering, noko både Engeseth og Førsvoll stadfestar. – Det er ein ypparleg måte å vise seg fram på, seier Engeseth. – Og så er det gratis.