På rett veg

Transport og engros

På rett veg

Framtida ser stadig litt lysare ut for bedrifter som driv med transport og engros. Men framleis er det tøff konkurranse frå utanlandske transportørar. 

Næringsbarometeret sin forventingsindeks er på sitt høgaste for transport- og engrosnæringa sidan fallet i første halvdel av 2012. Då gjekk den ned frå 37 til 14 poeng. Indeksen har styrka seg sakte men sikkert og ligg no på 23,5 poeng. Største framgang kom frå januar til mai 2013, men indeksen har stige ytterligare 2,5 poeng sidan den tid. Forventingane er høgast når det gjeld talet på tilsette og omsetnad. Dermed ser det ut til å gå rette vegen for ein del bedrifter og bransjar i næringa.

Fraktar meir gods
– Det er ein svak, men stigande optimisme i lastebilbransjen, etter at mange bedrifter låg med broten rygg for nokre år sidan, seier Fylkesleiar Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileigar-Forbund. Han trur veksten i forventingar kan skuldast at auka forbruk og vekst i byane fører til auka godsmengde og meir å gjere for lastebileigarane. Han ser også positivt på den raudgrøne regjeringa si satsing på betre vegar og fleire kvileplassar for sjåførar, og reknar med at den nye regjeringa vil følgje opp.

Betre tider for Tide
Ei av verksemdene som opplever betre tider er Tide AS. Porteføljen er delt mellom offentlege oppdrag og kommersiell drift som i større grad speglar konjunkturane. – På rutedrifta er omsetnaden god, men innteninga har vore svak etter at kollektivtransporten blei konkurranseutsett. Likevel forventar vi vekst i kollektivtrafikken, seier administrerande direktør Roger Harkestad.   ¬– Dessutan har vi vunne nye kontraktar i Kristiansund og Vestfold som hevar forventingane til neste års omsetnad, seier han.

Biletet er meir balansert for den kommersielle drifta til Tide.– Ekspressbussrutene held seg stabile, medan turbil-drifta er truga av utanlandske transportørar og kabotasje.  Dei utanlandske transportørane har prisar som ikkje vi kan følgje, seier direktøren.

Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileigar-Forbund er samd, og peikar på at utanlandske konkurrentar har eit heilt anna kostnadsbilete og ein annan kultur når det gjeld tryggleik. – Dei som tingar transportoppdrag må gjerast ansvarlige for tryggleiken hos transportfirma dei brukar. Vi ser det om vinteren at mange er meir opptatt av pris enn tryggleik, seier Halsøy.

Ikkje trygg på framtida
– Situasjonen er alt i alt meir usikker no enn for eit år sida, men konjunkturane slår ulikt ut for medlemsbedriftene våre, seier styreleiar i NHO Logistikk og Transport,  Leif Arne Strømmen.  Fortsatt høgt tempo i olje- og gassverksemda er positivt, men det kan bli færre oppdrag for norske transportverksemder sidan fleire store utbyggings kontraktar har gått til verft i Asia det siste året. Biletet er også blanda for verksemder som rettar seg mot eksportnæringa.– Fiskerinæringa har eit godt volum og det har vore ein jamn, fin vekst over fleire år. Meir tradisjonell eksport har vist nedgang over fleire år, men vert forventa å få draghjelp av svak kronekurs. Det er eit positivt teikn at ordrereservane frå tyske verksemder har tatt seg opp i seinare tid, meiner han.

Vil investere igjen
Forventingsindeksen viser at litt fleire bedrifter i transportnæringa forventar å investere i 2014 enn dei to føregåande åra. Halsøy i Lastebileigar-Forbundet meiner at fleire firma har bygd opp igjen eigenkapitalen sin etter fleire år med låg gjeldsrate. –  Mange har eit etterslep etter tøffe år, og dei har køyrt med låg gjeldsbyrde dei siste åra. Før eller seinare møter dei seg sjølve i døra, for fortenesta blir dårleg når bilane er dårlege.