Positiv arbeidsmarknad så langt i 2012

Arbeidsmarknaden

Positiv arbeidsmarknad så langt i 2012

Arbeidsløysa held fram med å gå ned i Sogn og Fjordane. Hittil i år har vi ein reduksjon på 16 prosent. Industri og bygg og anlegg står for ein stor del av reduksjonen. Det er likevel skjer i sjøen i form av uvisse knytt til utviklinga i internasjonal økonomi og situasjonen for enkeltverksemder i fylket. Det er difor mogleg at vi etter kvart vil nærme oss NAV sin prognose om uendra arbeidsløyse i 2012.

Sogn og Fjordane med lågast arbeidsløyse i landet
Ved utgangen av april var 1 102 personar i Sogn og Fjordane – to prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein reduksjon på 10 prosent frå april 2011.

Hittil i år (til og med april) har Sogn og Fjordane ein reduksjon i arbeidsløysa på 16 prosent. På landsnivå er reduksjonen på 10 prosent. Sogn og Fjordane har også færre personar på arbeidsmarknadstiltak enn landsgjennomsnittet. Dersom vi reknar med personar på arbeidsmarknadstiltak, blir reduksjonen i arbeidsløysa sju prosent i Sogn og Fjordane og fem prosent på landsnivå.

Sogn og Fjordane hadde lågast arbeidsløyse i landet i 1. tertial 2012. Fylket hadde i gjennomsnitt 1,9 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 2,7 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,4 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,8 prosent på landsnivå (figur 1).

Størst reduksjon i bygg og anlegg
I Sogn og Fjordane har gjennomsnittleg arbeidsløyse gått ned i dei fleste yrkesgruppene frå 1. tertial 2011 til 1. tertial 2012 (figur 2). Nedgangen er størst innanfor bygg og anlegg, butikk- og salsarbeid og industriarbeid. Arbeidsløysa har auka innanfor kategoriane kontorarbeid, barne- og ungdomsarbeid og serviceyrke og anna arbeid.

Størst nedgang i arbeidsløysa i ytre Sogn/ytre Sunnfjord
Alle regionane i fylket har ein reduksjon i arbeidsløysa frå 1. tertial 2011 til 1. tertial 2012. Ytre Sogn/ytre Sunnfjord har størst reduksjon med 35 prosent. Deretter følgjer Sunnfjord med 25 prosent, Sogn med 9 prosent og Nordfjord med 5 prosent.

Sogn har lenge hatt lågast arbeidsløyse i fylket, men regionen er no passert av ytre Sogn/ytre Sunnfjord. Desse regionane har ei arbeidsløyse på høvesvis 1,7 prosent og 1,4 prosent. Nordfjord har høgast arbeidsløyse med 2,4 prosent. I denne regionen har kystkommunane klart høgare arbeidsløyse enn innlandskommunane.

Arbeidsløysa mest ned blant menn
Menn har ein reduksjon i arbeidsløysa på 22 prosent i perioden frå 1. tertial 2011 til 1. tertial 2012. Kvinner har ein reduksjon på fem prosent. Likevel har kvinner framleis lågast arbeidsløyse med 1,6 prosent, mot menn 2,2 prosent. Noko av forskjellen kan forklårast med at mannsdominerte yrke innan bygg og anlegg og industri står for mykje av nedgangen i arbeidsløysa.

Arbeidsløysa mest ned blant etnisk norske
Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane har gått ned med 19 prosent blant etnisk norske frå 1. tertial 2011 til 1. tertial 2012. Innvandrarar frå vestlege land har ein reduksjon på 16 prosent, medan ikkje-vestlege innvandrarar har uendra arbeidsløyse.

På landsnivå er ikkje forskjellane like store. Her har norske ledige og innvandrarar frå vestlege land om lag like stor reduksjon i arbeidsløysa, høvesvis 11 og 13 prosent. Ikkje-vestlege innvandrar har ein reduksjon på to prosent. Ei årsak til skilnaden mellom gruppene er at innvandrarar frå ikkje-vestlege land i liten grad jobbar i bygg og anlegg, som har sterk nedgang i arbeidsløysa.

Svak auke i stillingstilgangen
Frå 1. tertial 2011 til 1. tertial 2012 har Sogn og Fjordane hatt ein auke i stillingstilgangen på fem prosent. På landsnivå har det vore ein reduksjon på éin prosent i same periode. Dette gjeld stillingar som er lyste ut offentleg gjennom media og NAV.

I Sogn og Fjordane er den prosentvise auken størst innanfor jordbruk, skogbruk og fiske, barne- og ungdomsarbeid, helse, pleie og omsorg. På landsnivå er det også jordbruk, skogbruk og fiske som har størst auke. Her har også ingeniør og ikt-fag stor auke. I Sogn og Fjordane er det denne yrkesgruppa som har størst reduksjon i stillingstilgangen.

Ved utgangen av april var det 364 ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Det var flest ledige stillingar innafor helse, pleie og omsorg, undervisning og reiseliv og transport.

Mest truleg uendra arbeidsløyse i 2012
I følgje dei siste prognosane frå NAV, kan arbeidsløysa på landsnivå auke med i gjennomsnitt 1,4 prosent i 2012. NAV Sogn og Fjordane trur mest på uendra arbeidsløyse, men det er uvisse knytt til utviklinga i internasjonal økonomi og situasjonen for enkeltverksemder i fylket. Det gjennomsnittlege talet på arbeidslause i Sogn og Fjordane i 2012 kan dermed bli om lag det same som i 2011, 1 084 personar.

NAV ventar at arbeidsløysa vil halde seg på om lag same nivå dei neste par åra. I følgje dei siste prognosane frå NAV Arbeids- og velferdsdirektoratet, kan arbeidsløysa på landsnivå auke med om lag éin prosent i 2012. I sine prognosar frå desember, trur NAV Sogn og Fjordane på uendra arbeidsløyse.