Positiv, men avventande haldning

Arbeidsmarknaden

Positiv, men avventande haldning

Arbeidsløysa i Hordaland er så langt i år redusert med 14.6 prosent og talet på tilmeldte stillingar har gått ned med 5 prosent.  Det er fortsatt høg etterspurnad etter fagarbeidarar og ingeniørar og kompetansegapet er ei viktig utfordring.  

Utviklinga i talet på arbeidslause
Ved utgangen av april 2012 var 5 482 personer heilt utan arbeid i Hordaland, dette utgjer 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Voss/Hardanger har over tid hatt lågast arbeidsløyse i Hordaland. I Sunnhordland har arbeidsløysa for heilt ledige derimot auka svakt i løpet av året, og det er her ein har hatt storparten av dei permitterte.

Langtidsarbeidsløysa i fylket er redusert med 25,5 prosent. Arbeidsløysa i ungdomsgruppa under 25 år er redusert med 13,5 prosent. Nedgangen er også betydeleg for personar med innvandrarbakgrunn. Størst nedgang er det blant personar med vidaregåande utdanning, både med og utan fullført kompetanse.
Arbeidsløysa er no jamnare mellom kjønna, tidlegare var det relativt større arbeidsløyse blant menn. Dette hengjer saman med at det går betre i typisk mannsdominerte yrke.

Nedgangen i arbeidsløysa er størst blant personar med bakgrunn frå bygg- og anleggsnæringa, og i tillegg har arbeidsløysa blant personar med ingeniør/ IKT- bakgrunn gått kraftig tilbake. Andelen permitterte viser òg ein tilbakegang med 27,2 prosent så langt i år.

Stillingstilgangen
Så langt i år har det vore ein samla reduksjon i stillingstilgangen på fem prosent samanlikna med same periode i fjor. Næringane med størst tilbakegang er bygg- og anlegg, reiseliv og transport og butikk og salsarbeid. Likevel er etterspurnaden etter fagarbeidarar og ingeniørar frå bygg- og anleggsnæringa og industrien fortsatt høg, og mange verksemder har problem med å få tak i nok folk. Talet på stillingar innan kontoryrke, barne- og ungdomsarbeid og akademiske yrke har auka mest så langt i år.

Situasjonen for mange arbeidssøkjarar hos NAV er manglande formalkompetanse i kombinasjon med liten/smal realkompetanse. Hordaland har dei siste åra busett eit høgt tal flyktningar, og i denne gruppa er det mange utan formell kompetanse. I tillegg er svake norskkunnskapar og manglande nettverk i arbeidslivet eit stort hinder for å kome inn på arbeidsmarknaden. Dei to sistnemnte forholda gjeld også for flyktningar med høgare utdanning. NAV registrerer også ein tendens til auka konkurranse frå arbeidsinnvandrarar frå EØSområdet om ufaglærte stillingar.

Vidare utvikling
Verksemdene ser mindre lyst på framtida i dag enn dei gjorde for eit år sidan, og dette vil påverke behovet for å rekruttere arbeidskraft.

I næringar med rekrutteringsbehov, og der dei ikkje får tak i kompetent arbeidskraft, vil dei løyse det dels ved å tilsette personell med lågare eller ein annan kompetanse, dels ved å rekruttere frå utlandet. Å få ned eit høgt sjukefråvær og hindre tidleg avgang i bransjar med behov for arbeidskraft vil vere eit viktig supplement til å rekruttere arbeidskraft.

I dag er nærare ein femtedel av arbeidsstyrken til ei kvar tid ikkje i fullt arbeid. Personar med funksjonshemming møter store utfordringar når dei skal ut i arbeidslivet.

Arbeidet med delmål 2 i IA-avtalen og Jobbstrategien (ein overordna strategi frå Regjeringa for å få fleire med nedsett funksjonsevne inn i arbeidslivet, samt forslag til konkrete tiltak for 2012) vil kunne tilføre verksemdene store ressursar. I 2012 vert innsatsen særleg retta inn mot personar under 30 år som har behov for arbeidsretta bistand i overgangen mellom utdanning og arbeid.