Potensial for heile fylket

Petroleumsnæringa

Potensial for heile fylket

Ei av tre industriverksemder leverer allereie til oljenæringa. Med meir samarbeid og eige utdanningstilbod kan Sogn og Fjordane ta ein større del av kaka.

Rekordhøge investeringar
Moglegheitene er der. Like utanfor kysten i fylket skjer 28 prosent av all oljeproduksjon i landet. I denne nordlege delen av Nordsjøen vil produksjonen halde fram i 30 år til, i følgje Oljedirektoratet. Til saman blei det gjort 13 nye oljefunn på norsk sokkel i fjor, og fire av desse blei gjort i Nordsjøen nord. Enorme pengesummar følgjer med. Investeringane i petroleumsnæringa vil truleg nå rekordhøge 204 milliardar i 2013, i følgje tal frå SSB (sjå faktaboks). 

Ein av tre leverer til oljenæringa
– Det finst mange skjulte løyndomar i fylket. Det gjeld berre å vise omverda kva vi er gode på, seier Oddvar Aarberg, dagleg leiar for GDF SUEZ i Florø. Han peikar på noko viktig. For det finst ei rekkje verksemder i fylket med spesialkompetanse og unike løysingar som har potensiale til å bli leverandørar for oljenæringa. Fleire har allereie lukkast med å kople seg opp mot dei store oljeselskapa.

30 prosent av industriverksemdene har petroleumsrelatert omsetnad, viser tala frå Næringsbarometeret (sjå figur 1). Det er om lag like mange som i Hordaland, kor 35 prosent melder om det same. Industrien i Sogn og Fjordane er likevel mindre petroleumsintensiv enn i Hordaland. Berre 11 prosent får meir enn ein fjerdedel av omsetnaden sin frå oljenæringa, mot 24 prosent i Hordaland. Samstundes har éi av fire industriverksemder som driv oljerelatert verksemd i fylket, auka omsetnaden som følgje av den høge aktiviteten i oljenæringa. – Kring basen i Florø har aktiviteten auka. Men vi ser òg knoppskyting i randsona av basen, seier Jo Dale Pedersen, bransjeansvarleg for petroleum i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Også innanfor tenesteyting er det allereie ein god del som leverer til oljenæringa. 18 prosent seier at dei har oljerelatert omsetnad. Meir enn ein fjerdedel melder at oljeboomen har ført til omsetnadsauke.

Merkar lønspresset
Det ser likevel ut til at den mest merkbare effekten av den norske «oljerusen» for næringslivet i fylket er auka lønspress og auka konkurranse om arbeidskrafta. Over halvparten av verksemdene svarar at dei opplever auka lønspress som følgje av den høge aktiviteten i oljesektoren (sjå figur 2).

Ligg lågt på statistikken
I 2010 la petroleumsaktiviteten i Nordsjøen grunnlaget for til saman 120 000 arbeidsplassar i Norge, i følgje eit anslag frå analyseselskapet Menon Business Economics. Det inkluderer operatørselskap, leverandørar og underleverandørar. Men analysen viste at berre 1,7 prosent av arbeidsplassane blir generert i Sogn og Fjordane. Det er lågare enn både Agder-fylka og Telemark. Til samanlikning toppar Rogaland og Hordaland statistikken med høvesvis 41 og 22 prosent av den samla sysselsettinga i petroleumsnæringa. Det kjem fram i Menon sin rapport «Nærings- og skattevirkninger av petroleumsvirksomhet i Nordsjøen» frå 2011.

Samarbeid er løysinga
– Noko av utfordringa for fylket er at det finst mange små verksemder med mykje god kompetanse, men som er for små til å kunne serve oljenæringa åleine, seier leiar for Statoil Florø, Sigurd Øistein Døsen. Han peiker på at oljeindustrien ofte vil ha store rammeavtalar. Gode samarbeidspartnarar kan difor vere svaret for verksemder som ønskjer innpass hos dei tunge aktørane i petroleumsnæringa. Samarbeid vart løysinga for Østerbø Maskin i Høyanger. Saman med SafeClean har dei utvikla spesialutstyr til reinsing av oljerøyr på oppdrag for Statoil (sjå eiga sak).

Satsar på marknadsføring
Men industriverksemdene verkar meir opptekne av å synleggjere eiga verksemd enn å inngå samarbeid med andre. Resultata frå Bedriftsundersøkinga viser at det førebels berre er 12 prosent av industriverksemdene som har satsa på samarbeid for å tilpasse seg det auka aktivitetsnivået i oljesektoren. Samstundes satsar vel ein av fire på meir marknadsføring (tabell 1). Innanfor tenesteyting er det litt fleire som har vald samarbeid, men også her er det truleg meir å hente. Fylket kan difor ha mykje å tene på å stimulere til auka samarbeid mellom verksemder, også på tvers av næringar. Maritim Foreining er eit godt døme på dette (sjå eiga sak).

– Må utnytte kapasitetsproblema
Ein bør også sjå utanfor fylkesgrensene etter samarbeidspartnarar, hos verksemder som har erfaring med å levere til oljenæringa. Dale Pedersen i Sparebanken SF trur kapasitetsproblem i andre delar av landet kan opne døra for vidare vekst i fylket. – Dei store investeringane som skjer framover i offshore, vil krevje at kapasiteten i Sogn og Fjordane blir betre utnytta. Han oppmodar verksemder i fylket til å marknadsføre seg overfor konkurrerande verksemder i Hordaland og Rogaland som slit med kapasitetsproblem. – Den siste utviklinga ved verftet i Florø er eit godt døme. 1.januar overtok Westcon det tidlegare STX-eigde verftet i Florø. Westcon, med base i Ølensvåg, er størst i Norge innan vedlikehald av riggar. Med fleire borefartøy på norsk sokkel dei neste åra, ligg det an til auka aktivitet framover. Det kan slå positivt ut for Florø-verftet. – Westcon slit med kapasitetsproblem, og kjøpet av STX Florø kan vere ein ”flying start” for verftet i Florø innanfor riggsatsing, seier Pedersen.

Prekvalifisering i Achilles
Pedersen understrekar at ein viktig føresetnad for å bli leverandør til oljenæringa er at verksemdene blir prekvalifiserte i Achilles, som er portalen oljeselskapa handlar gjennom (sjå faktaboks). – Ein kan nok vere underleverandør utanfor denne ordninga, men verksemder som vil levere direkte mot oljeselskap, må vere kvalifisert i dette systemet.

Subsea - eit miljø i vekst
Sogn og Fjordane har mangla eit tungt kompetansemiljø innan ingeniørfag. Det kan ha gjort at fylket har blitt hengjande etter i «oljeracet». Subsea-utdanninga som er under oppbygging i Florø er ein unik moglegheit til å gi kompetansemiljøet i fylket eit løft. – Oljenæringa er ei kompetanseintensiv næring, og har ein gode teknologiske løysingar, kan ein hevde seg. Vi treng ein kombinasjon av fagarbeidarar og personar med høgare utdanning, seier Døsen i Statoil. For næringa sjølv er tilbodet etterlengta. – Subsea er ein veksande aktivitet for GDF SUEZ og vi har eit aukande behov for ingeniørar. Det er ei av årsakene til at vi støttar utdanningstilbodet i Florø, seier Oddvar Aarberg. Selskapet står for all subsea-aktivitet på Gjøa. Aarberg får støtte frå Døsen i Statoil. – Eg trur det vil bety mykje for Sogn og Fjordane å få den utdanninga hit. Kanskje kan det bli andre linjer framover som er retta inn både mot offshore og annan industri.

Kjelder
Oljedirektoratet. http://www.npd.no/Publikasjoner/Faktahefter/Fakta-2012/Kap-10/#Den nordlege delen av Nordsjøen
Fjose, Sveinung, Atle Blomgren og Leo Grünfeld: Nærings- og skattevirkninger av petroleumsvirksomhet i Nordsjøen. Menon-publikasjon nr. 11/2011
Leter mer rundt Gjøa, petro.no, 23.11.2012