Rekordlåge forventingar

Samla vurdering

Rekordlåge forventingar

Forventingane i fylket held fram med å falle. Men biletet er ikkje heilt eintydig: svakare kronekurs gir lysare utsikter for eksport og reiseliv.

Tala for 2014 syner dei lågaste forventingane til det komande året sidan Næringsbarometeret starta i 2007.  Sidan hausten 2013 har den samla indeksen falle med seks poeng. Optimistane er likevel i fleirtal, og indeksen hamnar på 15 poeng. Det er særleg forventingane til investeringar som trekkjer ned. Gruppa som ventar å auke investeringane i 2015 er så vidt større enn dei som trur på nedgang.

Uro i oljenæringa
Fallet i oljeinvesteringar, oljeprisen og negativ merksemd i media det siste halvåret har vore med på å senke forventingane til vekst i 2015. Forventingsindeksen blant verksemder som leverer til oljenæringa har falle frå 31 til 22 poeng det siste året. Forventingane i denne delen av næringslivet er likevel framleis høgare enn blant verksemder utan oljerelatert omsetnad. 

Næringslivet i Sogn og Fjordane står truleg sterkare mot svingingane i oljenæringa enn nabofylket Hordaland, der fleire verksemder er knytte til petroleumsindustrien. Medan ein fjerdedel av næringslivet i Hordaland har delar av omsetnaden frå petroleumsrelatert aktivitet, gjeld det berre 15 prosent i Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane har dessutan få av desse (15 prosent) over halvparten av omsetnaden frå oljerelatert verksemd, medan dette gjeld ein tredjedel av slike verksemder i Hordaland.

Dei petroleumsrelaterter verksemdene i Sogn og Fjordane er òg meir optimistiske til året som kjem enn i Hordaland, der den samla indeksen blant desse verksemdene er på berre ni poeng. Det er særleg forventingane til investeringar som dreg ned i Hordaland, der indeksen er negativ med minus tre poeng, medan den ligg på positive seks poeng i Sogn og Fjordane.

Auka eksport
På den positive sida kan lågare oljepris gjere konkurransesituasjonen betre for eksportverksemdene ved å bidra til ei svakare krone. Næringsbarometeret viser at eksporten ligg an til å auke også i 2015. 40 prosent av verksemdene ventar auka eksport, medan ni prosent ventar reduksjon. Det er om lag same resultat som i fjor. Målinga viser òg at verdien av ordrebehaldninga er uendra eller større for storparten av verksemdene (80 prosent), samanlikna med inngangen til 2014.

Byggjenæringa minst optimistisk
Medan forventingane samla sett går ned i Sogn og Fjordane, er det store skilnader mellom næringane. Dei mest konjunkturutsette næringane er dei mest nøkterne. Bygg- og anleggsbransjen har dei lågaste forventingane til 2015, med ein forventingsindeks på eitt poeng. Det er den også næringa med størst nedgang i forventingane sidan i fjor. Det er særleg dei negative forventingane til investeringar som dreg ned. Næringa er likevel ikkje like pessimistisk som under finanskrisa, då indeksen var nede i minus 11 poeng.

Også innan industri og transport og engros er verksemdene mindre optimistiske. Her har forventingane falle med høvesvis åtte og 10 poeng. Likevel er det eit robust fleirtal i desse to næringane som trur 2015 blir eit betre år enn 2014.

Kraftig fall i varehandelen
Forventingane har falle med 11 poeng innan varehandel og privat tenesteyting, og er no lågare enn dei var under finanskrisa. Dette går på tvers av korleis næringa nasjonalt opplever framtidsutsiktene. I ei undersøking frå Norges Bank fann ein at næringa venta svak vekst framover. Forventingsbarometeret til Finans Norge for fjerde kvartal viste dessutan at mange nordmenn framleis har stor tru på eigen økonomi, sjølv om dei har blitt meir usikre på landet sin økonomi.

Ifølgje SSB har varehandelen i Sogn og Fjordane hatt svært låg vekst dei siste åra samanlikna med resten landet. Sett saman med uroa grunna fallet i oljeprisen og låge investeringar, kan dette ha påverka næringa sine forventingar til framtida.

Motstraums reiseliv
Ei av dei få næringane som skil seg positivt ut, er kultur, reiseliv og oppleving, der forventingsindeksen aukar med seks poeng frå i fjor, til 23 poeng. Dette er i tråd med forventingane i næringa nasjonalt. NHO sitt økonomibarometer for tredje kvartal viste sterk framtidstru i den norske reiselivsnæringa. Lågare kronekurs er truleg noko av årsaka, og sterk vekst i sommarsesongen i fjor kan òg ha medverka til at næringa ser lyst på 2015. 

Kjelder
http://okonomibarometer.no/
http://www.norges-bank.no/pages/101319/Nasjonal_regional_3_14.pdf
https://www.fno.no/Hoved/Aktuelt/Sporreundersokelser/Forventningsbaromet...
https://www.ssb.no/statistikkbanken/selectvarval/Define.asp?subjectcode=...