Rota til alt godt

Arbeidskraftreserven

Rota til alt godt

Fleire i arbeid er mantraet frå politikarane. Då må dei som står utanfor, også få ein sjanse. TINE Meieriet Byrkjelo gjer sitt for å invitere inn i fellesskapet.

På pakkeriet hos TINE Meieriet Byrkjelo ligg osteblokkene tett. Over halvparten av all Norvegia-ost som blir seld i Norge blir pakka her. Inn på bandet kjem ferdiglagra ost i ti-kiloblokker. Ut i andre enden kjem halvkilopakningar med Norvegia, vakuumpakka og klar til distribusjon. – Det ser hektisk ut, men eg likar at det skjer litt, seier Kjell Tore Bergh Lande.

Sidan mars har han hatt sin daglege arbeidsplass på pakkeriet, som ein del av NAV sitt arbeidsmarknadstiltak. Arbeidsgjevaren hans er ei av til saman 220 IA-verksemder i fylket som samarbeider med NAV om å tilby praksisplassar.

Tar samfunnsansvar
– Vi har ei plikt til å yte noko tilbake til samfunnet, seier meierisjef Thorkild Heieren. For tida har TINE fire personar inne i arbeidspraksis, fordelt på like mange avdelingar. Heieren meiner dei har eit særskild ansvar for å vere inkluderande. – Det handlar om at vi som landbruksverksemd er politisk fundert. Samstundes får vi noko tilbake. Heile organisasjonen blir skjerpa av å få eit slikt ansvar for andre.

I fleire år har TINE hatt ein eller fleire personar kontinuerleg inne i arbeidspraksis. Også før dei inngjekk IA-avtalen i 2003. – Det har stort sett vore ungdomar, men dei har også tatt inn personar som har hatt redusert arbeidsevne på sine tidlegare arbeidsplassar, seier Atle Jan Føleide i NAV Gloppen. Han er kontaktperson for TINE i Sogn og Fjordane.  – I tillegg har dei gitt tilbod til innvandrarar som treng språk- og arbeidstrening.

Ein praksisperiode kan vare frå to månader til eit år. NAV si oppgåve er å kople arbeidssøkar og arbeidsgjevar. Saman blir ein samd om ansvarsforholda og oppfølginga vidare. – Verksemdene har hovudansvar for oppfølginga, men vi i NAV er veldig tett på, seier Føleide. – Dei skal alltid kunne få tak i meg om det skulle vere noko.

Drøymer om fast jobb
Mellom osteblokkene i pakkeriet hos TINE er avdelingsleiar Kristen H. Kleppe godt nøgd med innsatsen til praktikanten. – Kjell Tore gjer ein kjempejobb, skryt han. Sjølv trivst 21-åringen godt med arbeidsoppgåvene. – Dessutan er det eit sosialt og godt arbeidsmiljø. Tilbodet om praksisplass varar fram til 15.juni. Så langt er også sommarjobben sikra. – Draumen er fast jobb her, seier Bergh Lande.

Kleppe kan førebels ikkje love fast stilling, men er klar på at kandidatane som er inne på arbeidspraksis er ein viktig ressurs for meieriet. – Vi må bruke alle moglegheiter for å sikre rekrutteringa framover, seier han. – Vi treng litt ungdommeleg pågangsmot.

Må satse på ungdom
Skal Norge klare å dekkje arbeidskraftbehovet i framtida, gjeld det å dra nytte av nettopp ressursar som Kjell Tore Bergh Lande. NAV anslår at kring 660 000 årsverk gjekk tapt i 2012 grunna arbeidsløyse eller dårleg helse. Målet må difor vere å sørgje for at fleire av dei som står utanfor arbeidsmarknaden, finn vegen inn. Ikkje minst gjeld det dei unge.

– Ungdom som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet er ei av dei største gruppene i NAV-systemet, fortel Heidi Myrvold ved NAV arbeidslivssenter i Sogn og Fjordane. Ved utgangen av april hadde fylket 329 arbeidsledige i alderen 15-29 år. I tillegg var 488 inne på ulike tiltak. – Veldig ofte er det ungdom som treng hjelp til å få den første jobben, seier Føleide i NAV Gloppen. – Nokre av dei treng hjelp til å finne ut kva dei eigentleg vil, før dei eventuelt startar eit utdanningsløp.

Arbeidstrening gir resultat
I 2009 gjennomførte Sintef ei evaluering av IA-avtalen som viste at avtalen hadde fungert dårleg når det gjaldt å inkludere personar utanfor arbeidsmarknaden. Evalueringa viser til at særleg små, private verksemder meiner dei ikkje kan ta dette ansvaret. Men det er heilt naudsynt skal ein lukkast med å få fleire i arbeid, meiner Myrvold. – Forsking viser at trening i ordinært arbeidsliv gir resultat. Då treng vi arbeidsgjevarar som er villige til å stille opp, og vi i NAV må gi all den hjelpa dei treng. Mange verksemder i fylket, både store og små, gjer ein viktig jobb med å tilby arbeidstrening og opplæring. Eg blir ofte imponert over innsatsen og engasjementet hos einskildpersonar og verksemder.

Myrvold får støtte frå Føleide. Han anslår at kring 80 prosent av dei som får arbeidspraksis i ei privat verksemd i Gloppen går over i ordinær jobb etterpå. – Vi får ofte telefonar frå arbeidsgjevarar som ønskjer å få personar i arbeidspraksis over på ordinær løn. Ei løysing kan då vere å få lønstilskot frå NAV i ein kortare periode.

Lettar jobbsøkinga
Bergh Lande trur praksisopphaldet hos TINE vil gjere det lettare å søkje ny jobb etterpå. – Eg hadde nokre vikariat før eg kom hit, men ingen fast jobb. Då Atle Jan kontakta meg om praksisplassen hos TINE sa eg ja med ein gang. No har eg meir arbeidserfaring å vise til. Og eg har lært mykje berre på denne korte tida.

Ein praksisperiode krev grundig oppfølging og opplæring frå arbeidsgjevar. På pakkeriet får Bergh Lande full opplæring på kvar av dei ti arbeidsstasjonane. Det inneber også innføring i rutinar og regelverk, mellom anna for hygiene. Innanfor den såkalla reine sona er hygienekrava strenge. – Det blir nokre rundar innom handvasken i løpet av dagen, seier Bergh Lande. HMS-rutinane inneber dessutan hyppige skift mellom arbeidsstasjonane. Ingen står lenger enn 20 minutt ved ein stasjon. – Det blir mykje stilleståande arbeid, forklarar avdelingsleiar Kleppe. – Difor har vi også lagt inn litt bøy og tøy på kvart skift.

Avlastar kvarandre
TINE har også brukt arbeidspraksis som eit tiltak for å førebyggje sjukefråvær. – Der er dei gode, seier Føleide. – Når nokon står i fare for å bli sjukemeld, tar dei inn folk på arbeidspraksis som kan avlaste vedkommande. Slik tek dei vare på både eigne tilsette og dei som står utanfor.

Tilbodet om arbeidspraksis kan difor vere ein måte å løyse kortsiktige arbeidskraftbehov på. – Det er mindre risikabelt for ei verksemd å ta inn nokon på arbeidspraksis enn gjennom ordinære tilsetjingar. Ein unngår prøvetid og oppseiingstid, seier Føleide. Slik kan ordninga tene fleire føremål. Arbeidssøkjar får arbeidstrening, arbeidsgjevar får løyst arbeidskraftbehovet – og samfunnet får fleire folk i arbeid. 

Kjelder
NAV
Solveig Ose m.fl. (2009): Evaluering av IA-avtalen. Sintef.