Framleis låge forventingar

Samla vurdering

Framleis låge forventingar

Den store oppturen lar vente på seg. For tredje måling på rad ligg forventingane i Sogn og Fjordane lågare enn under finanskrisa.

Siste toppmåling var i 2011. Sidan då har forventingane gått kraftig ned. Årets mai-måling viser ikkje teikn på betring med det aller første. Samla indeks endar på det same låge nivået som for eitt år sidan, med 10 poeng (sjå figur 1). Låg investeringsvilje og forventingar om færre nye tilsette trekkjer ned. Mai-barometeret viser også ein annan tydeleg tendens: Der det tidlegare har vore til dels sprikande forventingar næringane i mellom, har næringane no vorte meir samkøyrde. Unnataket er landbruk, fiskeri og offentleg sektor, som alle har negative forventingsindeksar.

Færre i arbeid
Indikatoren over tilsette er den einaste som viser klar tilbakegang sidan mai i fjor. Berre 19 prosent ventar å auke talet på tilsette framover. 12 prosent ventar reduksjon i arbeidsstokken. Isolert sett er dette kan hende lite dramatisk. Men ser ein det i samanheng med reduksjonen i sysselsettinga og ei svakt stigande arbeidsløyse, gir det ei viss grunn til uro. Frå siste kvartal i fjor til første kvartal i år gjekk sysselsettinga ned med 1 000 personar. Arbeidsløysa har på si side auka med fem prosent så langt i år.

Vågar ikkje investere
Det er framleis låg investeringsvilje i fylket. Manglande investeringar uroar også bankane, som opplever lågare etterspurnad etter lån til investeringar frå næringsdrivande. Det kunne NRK melde i midten av mai. Direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Bjørset, stadfestar dette. – Det er låg etterspurnad etter næringslån. Vi har ingen vekst i utlåna til næringslivet. Og det er ikkje banken det står på, seier Bjørset. – Vi har ikkje spesielle restriksjonar på utlån til næringslivet. Berre prosjekta er gode nok, skal det ikkje vere vanskeleg for verksemder å få lån i banken. Kanskje kan den låge investeringsvilja vere eit teikn på at verksemdene i fylket viser varsemd i ei tid der situasjonen i Europa framleis skapar uvisse. Fylket sin relativt svake posisjon i oljeretta næringar, samanlikna med t.d. Hordaland, kan også innverke på utviklinga.

Fleire folk til varehandel
For dei som driv varehandel og privat tenesteyting, ser det lysare ut. Denne næringa viser størst positiv endring frå mai i fjor. Det er fleire i år som ventar auke både i omsetnad og talet på tilsette. 20 prosent ventar å auke talet på tilsette framover. Samstundes har ei av ti verksemder i næringa opplevd rekrutteringsvanskar dei siste tre månadene, i følgje Bedriftsundersøkinga. I artikkelen «Færre butikkar, meir shopping» kan du lese meir om varehandel i Sogn og Fjordane.

Oljesmurt optimisme
Også i industrien er optimismen større enn for eitt år sidan. Det er også her vi finn flest optimistar i årets mai-måling. Det er kanskje noko overraskande sidan det er blant dei tilsette i industrien at arbeidsløysa har auka mest i år. Det speglar seg i reduserte forventingar til rekruttering i næringa. Næringsbarometeret viser likevel at investeringslysta er stigande og fleire trur på høgare omsetnad og betre lønsemd.

Men industrien er ei stor og samansett næring som omfattar så ulike verksemder som næringsmiddel- og tekstilprodusentar, verftsindustri, metallindustri og kraftprodusentar (fiskeri- og havbruksindustri er derimot ikkje ein del av denne næringa). Det er difor truleg store variasjonar mellom ulike delar av industrien.

Vi finn eit klårt skilje mellom verksemder med tilknyting til oljesektoren og andre delar av industrien. Optimismen er langt større i den delen av industrien som får noko av sin omsetnad frå oljenæringa. Denne gruppa har ein forventingsindeks på 36 poeng. Industriverksemdene som ikkje leverer til olja, har derimot ein forventingsindeks på 9 poeng. Rett nok har Sogn og Fjordane ei mykje svakare tilknyting til oljesektoren enn nabofylket Hordaland. Men som vi såg i januar-utgåva har kring 30 prosent av industri-verksemdene i fylket leveransar av ulik storleik til petroleumsnæringa.

Eksportnæringa trur på betring
Overraskande nok viser Næringsbarometeret at optimismen er større blant eksportverksemdene enn blant verksemder utan eksport. I mai i fjor hadde eksportverksemdene ein sterkt negativ forventingsindeks. Men i år peikar pilane opp og langt fleire ventar oppgang enn nedgang. Med ferske tal frå SSB som viser at fastlandseksporten frå fylket fall med 22,5 prosent frå april 2012 til april i år, kan dette verke underleg. Samstundes må ein hugse på at mai-målinga viser ein oppgang frå eit svært lågt nivå. Forventingsindeksen er alltid eit uttrykk for den endringa næringslivet ventar samanlikna med situasjonen dei opplever akkurat no. Ei verksemd som er nede i ein bølgjedal, vil gjerne tru at det snart vil snu. Bedriftsundersøkinga viser også at ei av fire eksportverksemder trur eksporten vil ta seg opp framover.

Nei til kabotasje, ja til gul stripe
Den største nedgangen i forventingane finn vi i transportnæringa. Nedgangen skuldast først og fremst at det er langt færre som ventar å tilsetje nye medarbeidarar framover. Rekrutteringsindeksen går ned frå 28 til 9 poeng. Kanskje ser vi her utslaget av rekrutteringsvanskane som mange transportverksemder opplever. 16 prosent melder at dei har mislukkast med rekruttering dei siste månadene, og estimat frå NAV viser at fylket manglar 75 transportarbeidarar.

Men det som i særleg grad uroar transportørane i fylket, er konkurranse frå utanlandske transportørar på den innanlandske marknaden. Det fortel nestleiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden. Dei utanlandske transportørane konkurrerer på heilt andre økonomiske vilkår enn dei norske. Kabotasje heiter dette fenomenet på fagspråket.

– Vi er sterkt uroa for aukande kabotasje, både lovleg og ulovleg, seier Tenden. – I dag kan utanlandske transportørar køyre innanlandske oppdrag i 7 dagar, men styresmaktene vil opne for opptil 50 dagar kabotasjekøyring. I følgje Tenden er dette den største utfordringa for lastebilnæringa i dag. Det gjer at han er uroa for lønsemda i næringa. – Ei anna utfordring for næringa er manglande vilje til å satse på betre vegstandard mellom ferjene i staden for å arbeide for ferjefri E39. Vi ønskjer gul stripe i staden for bruer, seier Tenden.

Færre optimistar i tenesteyting
Lågare forventingar finn vi også innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting. Det siste året har næringa vore langt meir optimistisk enn dei fleste andre næringane i fylket. Optimistane er framleis i stort fleirtal, men næringa er no meir på same nivå som dei andre næringane. Ein negativ investeringsindeks og lågare forventingar til omsetnaden trekkjer samla forventingsindeks ned frå 20 til 17 poeng. Men dette er langt frå dramatisk. Det er naturleg at investeringane går ned etter eit år med høge investeringar, noko forventingane viste i mai i fjor. Det gjeld særleg i ein bransje som ikkje er blant dei mest kapitalintensive.

Dyrare å byggje
Innanfor bygg og anlegg er det også færre optimistar. Langt færre ventar auke i arbeidsstokken og høgare omsetnad. Tilsette-indeksen fell frå 23 til 13 poeng. Samstundes viser NAV sine utrekningar at næringa manglar 125 arbeidstakarar. Dei reduserte forventingane skuldast truleg vanskane mange har med å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

Dagleg leiar i Gravdalgruppa, Bodil Kidøy Lunde, stadfestar det. – Det er vanskeleg å få tak i kompetent personell. Bransjen manglar alt frå fagarbeidarar som tømrarar og betongarbeidarar til ingeniørar med bygg- og anleggskompetanse. Det bidrar nok til å trekkje forventingane ned. Ho meiner utviklinga også må sjåast i samanheng med dei nye krava i bustadmarknaden. – Marknaden har vorte strammare, det er ingen tvil om det. Vi merkar at fleire får avslag på lån etter innstrammingane i lånekrava til kundane. Samstundes er det kø for å få lån i Husbanken. I tillegg gjer dei nye byggjeføreskriftene det dyrare å byggje nytt.

Kidøy Lunde meiner løysinga ligg i å redusere eigenkapitalkrava til nye bustader, og auke rammene til Husbanken. – Det er urimeleg at det er same krav til eigenkapital ved kjøp av nye bustader som brukte. Det er større risiko knytt til brukte bustader, sidan dei har større vedlikehaldsbehov. Vårt forslag er difor å halde på kravet om 15 prosent eigenkapital for brukte bustader, og redusere kravet til nye bustader til 5 prosent. 

Kjelder
SSB Statistikkbanken, Arbeidskraftundersøkelsen
http://www.nrk.no/sognogfjordane/uroa-over-utlan-til-naeringslivet-1.11025982