Sørgjer for integrering

Samfunnsansvar

Sørgjer for integrering

Gloppen kommune er gode på å integrere flyktningar i arbeidslivet. Brødrene Aa i Hyen kan ta litt av æra for det.  

I produksjonshallen til Brødrene Aa i Hyen arbeider Tsehaie O-Ghebreslasse, Desbele Beyene og Goitom Asefaw på båten som om berre nokre månader skal frakte pendlarar mellom Alta og Stjernøya i Finnmark. Båten dei arbeider på er eitt av tre nybygg som akkurat no er under produksjon hos Brødrene Aa. Selskapet er verdsleiande på produksjon av hurtigbåtar i karbonfiber og produserer årleg 5-6 nye karbonfiberbåtar til reiarlag over heile landet.

– Vi har vore inne i ein ekspansjonsperiode dei siste åra. Med det har også behovet for arbeidskraft auka, seier Tor Øyvin Aa, administrerande direktør i Brødrene Aa. Rekruttering frå utlandet har vore ei løysing. Like viktig har det vore å dra nytte av lokale ressursar som Tsehaie, Desbele og Goitom.

Med Nav som støtte
Med hjelp frå NAV har dei tre eritrearane frå Sandane alle fått fast jobb i selskapet. Tsehaie og Goitom kom først inn som del av eit arbeidsmarknadstiltak. I dag jobbar dei i plast- og skrogproduksjonen på verftet i Hyen. – Eg trivst veldig godt her, seier Goitom Asefaw. – Det er mykje å gjere heile tida, og mange kjekke kollegaer.

– Vi opplever dei tilsette som veldig motiverte, seier produksjonssjef Arnulf Aa. Han er klar på at intensjonen med å rekruttere gjennom NAV er å sikre eit varig arbeidsforhold. – Men NAV er ei god støtte i ein opplæringsfase. Selskapet har allereie avtalt å tilby ein ny person praksisplass. Han har bakgrunn frå Afghanistan, og representerer dermed den trettande nasjonaliteten i det etter kvart mangfaldige arbeidsmiljøet hos Brødrene Aa.

Dreg nytte av samfunnsansvar
Det er ikkje første gong verksemda har tilsett personar med flyktningbakgrunn. På 1980-talet rekrutterte Brødrene Aa fleire flyktningar frå Chile og Sri Lanka som budde på mottak i bygda. – Brødrene Aa har vore flinke å prøve ut folk, seier Atle Jan Føleide i NAV Gloppen. Han er opptatt av at verksemdene sjølv også skal ha nytte av samarbeidet med NAV. – Vi kan ikkje tvinge nokon til å ta inn folk. Det krev tid og ressursar, og somme av dei mindre verksemdene har gjerne ikkje kapasitet til å ta på seg ei slik oppgåve. Han trur det er lettare dersom verksemdene har eit behov for arbeidskraft. – Opplever dei at denne løysinga fungerer, blir dei gjerne meir villige til å ta i mot fleire.

Men det å inkludere flyktningar og andre som står utanfor arbeidsmarknaden handlar ikkje berre om eigeninteresse. Somme verksemder ser det som ein del av sitt samfunnsansvar. Det er også Brødrene Aa opptatt av. – Sjølv om behovet for arbeidskraft er førsteprioriteten, er det klart det er eit element av samfunnsansvar i det. Vi gjer det vi bør gjere, seier Tor Øyvin Aa.

Suksessen Gloppen
Gloppen er blant kommunane i landet som gjer det best når det gjeld å få flyktningar over til utdanning og arbeid. Det viser ein analyse frå SSB som samanliknar resultata frå introduksjonsordninga i 82 kommunar. Til saman bur det i dag kring 80 flyktningar i kommunen. I gjennomsnitt tek det 9,6 månader frå dei vert busett til dei er i utdanning eller arbeid. Det er langt betre enn venta. I følgje SSB skulle det i gjennomsnitt ta 24,2 månader for ein flyktning i Gloppen å kome i utdanning eller arbeid.

Årsaka til dei gode resultata er uklar. I følgje SSB skuldast det i liten grad kjenneteikn ved flyktningane eller tilhøva i kommunen, som t.d. arbeidsløyse. Forskarane peikar på lokalt engasjement og tilgang på verksemder som tilbyr arbeidspraksis som moglege forklaringar på at somme kommunar gjer det betre enn andre. – For oss er det først og fremst ei stadfesting av at Gloppen kommune har jobba godt med denne gruppa, seier Øyvind Hervik ved flyktningtenesta i Gloppen. – I introduksjonsprogrammet legg vi vekt på individuell tilpassing og tett oppfølging av kvar enkelt deltakar, i tillegg til tett samarbeid med utdanningsinstitusjonar og arbeidsgjevarar.

I løpet av dei siste to åra har 23 av flyktningane som er busette i Gloppen kome ut i ordinært arbeid. Av desse er 11 inne i fulle stillingar. I tillegg er kring 30 registrerte som studentar. Føleide har følgt opp fleire flyktningar som har vore inne i tiltak hjå NAV og deretter funne fast arbeid. – Eg opplever stor stå-på-vilje blant dei som har kome hit. Dei ønskjer å vere til nytte, seier Føleide i Nav Gloppen.

Glad for fast jobb
På Sandane arbeider Brahne Andemikael med å produsere plastdelar til tog, båtar og ulike subsea-konstruksjonar. Også han har kome som flyktning frå Eritrea. – Mitt største mål sidan eg kom til Norge har vore å få ein fast jobb, så eg er veldig glad for denne jobben, seier Brahne. Etter to år som arbeidsledig blei han i november 2012 ein del av Brødrene Aa si avdeling på Sandane, ei avdeling som totalt tel fire personar. – Det er mykje å gjere heile tida, men eg likar jobben min. Då blir det ikkje tungt, seier Brahne.

Grundig opplæring
Med militæret som einaste yrkeserfaring frå heimlandet Eritrea, vart læringskurva bratt då han kom inn som produksjonsassistent i Brødrene Aa. – I starten var eg redd for å gjere feil, men eg fekk heldigvis god hjelp av dei eg jobba saman med, seier Brahne.

Tett oppfølging og rettleiing er ein viktig del av opplæringsprosessen for alle nye tilsette i verksemda. – Faget vårt er så spesialisert at dei fleste som byrjar hos oss treng grundig opplæring, seier produksjonssjef Arnulf Aa. – Då får dei ein fadder som dei jobbar saman med på dei ulike arbeidsstasjonane.I eit så mangfaldig arbeidsmiljø er det dessutan viktig at vi klarar å sy alle saman til éi gruppe. Vi har vore bevisst på å sette saman arbeidsteam med ulike nasjonalitetar for å unngå at det dannar seg klikkar, seier Aa. Han opplever likevel at det kan vere utfordringar ved å ha eit så internasjonalt arbeidsmiljø. Den største utfordringa er språket. – Sjølv om dei har gått norskkurs, tek det tid å beherske språket på ein arbeidsplass. Hos oss er det mykje teknisk ordbruk som det kan vere vanskeleg å kome inn i.

Ressurs for framtida
Brahne Andemikael tok språktreninga i eigne hender. – Heime snakkar vi berre Tigrinja. For å snakke norsk må vi ut, seier Brahne. Den lokale kafeen blei ein viktig læringsarena. – Då eg var arbeidsledig, brukte eg tida på å gå på kafé og prate med folk. I byrjinga var det vanskeleg å få kontakt, men etter kvart som eg gjekk der og blei meir kjend med dei andre gjestane, blei det lettare å slå av ein prat.

I dag er Brahne etablert med kone og to barn på Sandane. Han ser ikkje for seg framtida nokon annan stad. – Her er det trygt, eg har jobb og borna er i barnehage, seier Brahne. Han får støtte frå kollega Goitom. – Etter sju år i Norge kjenner eg meg norsk. Eg lengtar ikkje tilbake til Eritrea. For Brødrene Aa er Brahne og dei tre kollegaene frå Eritrea også ressursar for framtida. – Dei ser ikkje på dette som ein mellomstasjon, men som noko varig. Det gjer dei til stabil arbeidskraft og ein ressurs for oss på lengre sikt, seier Arnulf Aa.

Kjelder:
Magnar Lillegård og Ane Seierstad: Introduksjonsordningen i kommunene. En sammenligning av kommunenes resultater. SSB-rapport 55/2013.