Samfunnsansvar – Det handlar om konkurransekraft!

Leiar

Samfunnsansvar – Det handlar om konkurransekraft!

For Septik 24 handlar samfunnsansvar om å vere i forkant. Selskapet har dei siste 10 åra mellom anna utvikla ny teknologi som reduserer utslepp og transport opp mot 60 prosent. Løysinga er gunstig for miljøet og kundane sine kostnader blir redusert. Slik blir Septik 24 meir konkurransedyktig samtidig som dei tek samfunnsansvar.

I Norge har samfunnsansvar eller CSR (Corporate Social Responsibility) i løpet av ein 10-års periode bevega seg frå det heilt ukjente til ein fast funksjon i mange selskap. Dei fleste arbeider med samfunnsansvar i ei eller anna form, det kan vere miljøtiltak, å tilby lærlingplassar, støtte lokale idrettslag eller velgjerdsorganisasjonar. Men kor bevisst forhold har bedriftene til desse tiltaka? I Sogn og Fjordane er det i dag mange bedrifter som verkeleg har teke grep om målretta arbeid med samfunnsansvar og løfta arbeidet opp på eit strategisk nivå. Drivkrafta ligg ikkje berre i økonomisk gevinst. Det å kunne bidra til noko positivt for lokalsamfunnet, for dei tilsette og miljøet er også faktorar som fremmar arbeidet. I rekrutteringsarbeid ser ein både i internasjonale og nasjonale undersøkingar at bedrifter som tek samfunnsansvar på alvor vert føretrekte framfor bedrifter som har negativt omdømme i dette arbeidet.

I nettverksprosjektet "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane", etablert på initiativ frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge og finansiert av sistnemnde, er samfunnsansvar sett på dagsordenen her i fylket. 25 bedrifter har vore involvert og 10 av desse har arbeidd målretta og strategisk med samfunnsansvar. Tilbakemeldingane syner at tidleg leiarinvolvering og bevisstgjerning kring temaet er avgjerande for å forankre ei solid forståing for kva samfunnsansvar verkeleg dreier seg om. Vi må fortsette det gode arbeidet, få fleire bedrifter med og løfte fram samfunnsdebatten om samfunnsansvar.

Bedrifter vil i stadig større grad haldast ansvarleg for globale klimaendringar, bedrageri, korrupsjon, forureining, misbruk av arbeidskraft og så vidare. Om ein let vere å opptre samfunnsansvarleg vil bedrifta sitt omdømme bli skadelidande. Det seier seg difor sjølv at å løfte samfunnsansvar opp på dagsorden med solid forankring og strategisk arbeid er naudsynt om ein vil vere konkurransedyktig i framtida.  Bedrifter som tek dei nye utfordringane på alvor kan få fordelar i form av eit betre rykte, ei styrka merkevare, auka tillit og betre kommunikasjon.

NHO Sogn og Fjordane skal dra satsinga og nettverket vidare i fylket. Vi vil synleggjere dei gode eksempla og bedriftene frå fylket, og inspirere andre bedrifter til å arbeide med samfunnsansvar på eit strategisk nivå. Vi trur at næringslivet i Sogn og Fjordane kan posisjonere seg og bli eit føregangsfylke innan samfunnsansvar i Norge, og dermed stille sterkare i konkurransesituasjonen i framtida.

NHO Sogn og Fjordane