Bråstopp for næringslivet

Samla vurdering

Bråstopp for næringslivet

Kraftige kostnadskutt og reduserte investeringar i olje- og gassnæringa,  kombinert med fall i oljeprisen, gjer at svært få næringsaktørar i Hordaland har forventingar om vekst i 2016.

Sidan i fjor har den samla indeksen for Hordaland gått ned med ni poeng og ligg no så vidt over null poeng. Det betyr at det er svært få næringsaktørar i Hordaland som har forventingar om vekst i 2016. Det er særleg forventingane til investeringar som trekkjer ned, men også når det gjeld lønsemd er indeksen negativ. For begge desse indikatorane er det fleire som ventar reduksjon enn auke i 2016. Forventingane til omsetnad og lønsemd fell også, med høvesvis ni  og seks poeng. Den samla indeksen er likevel framleis positiv, men berre så vidt med 0,4 poeng. Det er det lågaste nokon sinne, og langt under indeksen på 10 poeng under finanskrisa.
 
Kompetanse i fare
Ikkje uventa er det olje- og gassbransjen som dreg ned. Denne bransjen har dei siste åra hatt markant auke i kostnadene. I tillegg har prisen på nordsjøolje falt frå over 120 $ i juni 2014 til under 40 $ i desember 2015. No er det bråstopp for store delar av bransjen, men trass i omfattande kostnadskutt og nedbemanningar det siste året, er det venta ytterlegare innstrammingar i 2016. 
 
Som eit resultat av lågare oljepris kjem aktivitetsnivået på norsk sokkel til å bli kraftig redusert i 2016, og reduksjonen kjem truleg til å fortsetja i fleire år framover. Redusert aktivitet på norsk sokkel fører til redusert sysselsetting. I midten av desember 2015 viste oversikten til DnB Markets at over 27.000 jobbar i oljesektoren er kutta. Som oftast er det dei tilsette med lågast kompetanse som mister jobbane sine først. Paradoksalt nok vil denne nedgangen i sysselsetting auka det gjennomsnittlige kompetansenivået i bransjen, men dersom reduksjonen fortset, vil også medarbeidarar med høg kompetanse bli overflødig i enkelte verksemder. Nokre finn nye arbeidsplasser innan olje- og gassindustrien, mens andre forsvinn frå bransjen for godt. Jo lengre nedgangen blir, dess større negative effektar for kompetanse og rekruttering til petroleumsnæringa.
 
 
Tøffare tider
Den negative økonomiske effekten av redusert aktivitetsnivå på norsk sokkel er massiv. Konsulentselskapet Menon har gjennom kvantitative analyser og intervju med fleire sentrale aktørar i næringa vurdert korleis aktivitetsfallet påverkar rekruttering til bransjen, kompetansenivået, teknologiutviklinga og økonomien. 
Når det gjeld økonomi så anslår Menon at staten sine inntekter frå oljeselskapa er redusert med rundt 100 mrd. kroner i frå 2014 til 2015. Inntektstapet består av tapte inntekter frå Petoro, reduserte utbytte frå Statoil og Petoro, pluss tap av skatteinntekter frå oljeselskapa. I tillegg vil inntekter frå personskatt bli ytterlegare redusert som følgje av høgare arbeidsløyse og redusert omsetning innanfor leverandørindustrien. 
 
Når det gjeld sysselsettingseffekten av redusert aktivitet i olje- og gassbransjen anslår Menon at mellom 100.000 og 200.000 årsverk samla sett kan gå tapt fram mot 2020 som en følgje av lågare aktivitet i norsk petroleumsindustri. Det er viktig å understreka at dette dreier seg om talet på årsverk fram til 2020, og ikkje talet arbeidsplasser. Årsverka kan eksempelvis kuttast i 2016 og bli talt om igjen for kvart av dei påfølgjande fem åra, for å utgjera årsverk fram til 2020.
 
Samordna regional innsats
Den vanskelege situasjonen i petroleumsnæringa har skapt behov for samordna regional innsats for å jobbe med problemstillingar knytt til utfordingane for leverandørindustrien i denne næringa.  Sektoren er prega av strukturelle problem med eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig på lang sikt, og fallet i oljeprisen har forsterka desse problema. Utgangspunktet er at det ikkje vil hjelpa særleg å berre sitte stille og vente på at oljeprisen igjen vil stige til eit akseptabelt nivå, og så håpe at problema løyser seg sjølve. Skal leverandørindustrien ha ei god framtid, må dei strukturelle problema løysast med omstilling, innovasjon og nyskaping. Ansvaret for dette ligg primært hos næringsutøvarane, men myndigheiter, nasjonalt og regionalt, kan medverke ved å gjere noko med rammetilhøva for denne industrien, og ved å stimulere og støtte konkrete tiltak og prosjekt.
 
Omstilling
Med utgangspunkt i dei innspela som er kome frå ulike fagmiljø og næringsliv er «Kompetanseheving for arbeidstakarar som skal/vil omstillast» peika ut som det viktigaste strategiske innsatsområdet for dempa dei negative verknadene av nedgangstidene. Bakgrunnen for dette er signala om fleire år med lågare aktivitet i norsk petroleumsindustri som følgje av redusert aktivitet på norsk sokkel. Eit godt samarbeid mellom arbeidsgivarar- og arbeidstakarorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar, NAV, IN, kommunar og fylkeskommunen, vil letta overgangen frå oljerelatert kompetanse til kompetanse som det er etterspørsel etter i andre sektorar og bransjar, inkludert offentleg sektor. Målet er å sikre at verdifull kompetanse ikkje flyttar ut av dei sterkast ramma regionane, å sikre fortsatt rekruttering og stimulera til meir innovasjon i sektoren. Kompetanse- og erfaringsoverføring mellom ulike bransjar kan også gje grunnlag for ny og framtidig teknologiutvikling som er meir miljøvenleg.
 
 
Kjelder
Bedriftsundersøkinga