Scorar på svak krone

Samla vurdering

Scorar på svak krone

Låg kronekurs kan gi opptur for eksport og reiseliv. Optimismen blant desse verksemdene er det store lyspunktet i årets mai-barometer.

Reiseliv, varehandel og privat tenesteyting i Sogn og Fjordane er prega av aukande forventingar. Det er i tråd med det seinaste forventingsbarometeret frå Finans Norge og TNS Gallup, som viser at nordmenn sine forventingar til eigen økonomi framleis ligg på eit høgt nivå.

Utviklinga i reiselivet er kan hende det mest positive i dette barometeret. Næringa er prega av optimisme framfor årets sommarsesong, og forventingane stig kraftig frå i fjor. Forventingsindeksen hamnar på 12 poeng, mot -2 poeng i 2014. Bortsett frå investeringsindeksen går alle indeksane fram.

Særleg omsetnaden er venta å auke kraftig. Der går indeksen opp frå 0 til 26 poeng. Ein svakare kronekurs som gjer det billegare å feriere i Norge, spelar nok ei viktig rolle. 26 prosent av reiselivsverksemdene ventar at framleis låg kronekurs vil påverke lønsemda positivt. For det store fleirtalet, 68 prosent, vil kronekursen likevel ha lite å seie for lønsemda. 

Samla fall i forventingane
Næringsbarometeret for mai viser derimot at forventingane i næringslivet i fylket samla sett er fallande. Forventingsindeksen går ned frå 5 poeng til -1 poeng. Det ser ut til å gå eit hovudskilje mellom dei næringane som i hovudsak er retta mot konsummarknaden på den eine sida og dei vareproduserande næringane og deira leverandørar på den andre.

Industri, transport og engros og finansiell og forretningsmessig tenesteyting viser kraftig nedgang. Størst nedgang finn vi innanfor tenesteyting, med omtrent like stor nedgang i dei to undergruppene. Også innanfor bygg og anlegg held nedgangen fram.

Sur oljenedtur
Svakare vekst, fallande oljeprisar og lågare aktivitetsnivå har vore gjennomgangstema i den norske offentlege samtalen det siste halvåret. At også næringslivet i Sogn og Fjordane lét seg påverke av det rådande narrativet er ikkje overraskande. Det er også naturleg at det er industrien og typiske leverandørnæringar som tenesteyting og transport som blir mest påverka. Sjølv om Sogn og Fjordane er langt mindre oljeavhengig enn Hordaland, gir nedgangen i oljesektoren direkte og indirekte ringverknader også her i fylket.

Ein fersk rapport frå Menon og Iris viser at åtte prosent av dei sysselsette i Sogn og Fjordane er tilsette i verksemder som på ein eller annan måte er knytt til petroleumssektoren. I 2014 svara det til 4 800 personar. Det gjer fylket til det åttande største petroleumsfylket etter sysselsettingsandel. Hyllestad, Flora, Gulen og Høyanger er kommunane der delen tilsette i oljerelatert verksemd er størst. Det er også i denne delen av fylket utslaga i forventingane er sterkast. Ytre Sunnfjord/Ytre Sogn har ein forventingsindeks på -16 poeng i år, ned 21 poeng frå i fjor. 

2014-nivå
Men tilstanden er langt frå heilsvart, og truleg kortvarig.  SSB ventar at veksten allereie i 2016 vil vere tilbake på same nivå som før oljeprisfallet, for deretter å stige. For mange næringar er det difor truleg mest relevant å snakke om ein korreksjon frå eit høgt aktivitetsnivå. Det gjeld kanskje særleg innanfor bygg og anlegg, der aktiviteten i mange år har vore svært høg.

Ei viktig nyansering finn vi også i andelen som verken ventar nedgang eller oppgang i 2015. For alle indikatorar – omsetnad, driftsresultat, tilsette og investeringar – er det ein større prosent bedrifter som ventar stabilitet samanlikna med i fjor. Til dømes ventar kring 75 prosent at investeringane i 2015 vil bli på nivå med fjoråret.

Eksport-optimisme
Fleire verksemder i fylket dreg dessutan fordelar av den svekka kronekursen. Over halvparten av dei mest eksportretta verksemdene (meir enn 25 prosent av omsetnaden) ventar at framleis låg kronekurs vil verke positivt på lønsemda i bedrifta. Næringsbarometeret viser også at stemninga er langt meir positiv blant eksportverksemdene enn i resten av næringslivet, og forventingane aukar samanlikna med i fjor.

I dei mest eksportretta verksemdene landar forventingsindeksen på 31 poeng. Figur 4 viser korleis forventingane blant verksemder med ulik grad av eksport har utvikla seg frå i fjor. Medan forventingane i fjor var høgast blant dei som berre hadde litt eksport, stig forventingane i dag i takt med eksportandel, og er høgast blant dei mest eksportintensive verksemdene. 

Kjelder:
https://www.fno.no/aktuelt/sporreundersokelser/forventningsbarometeret1/...
http://menon.no/a/industribyggerne-2015-en-kartlegging-av-sysselsetting-...