Sikrar berekraftige lokalsamfunn

Arbeidsinnvandring

Sikrar berekraftige lokalsamfunn

- Arbeidsinnvandring er god samfunnsøkonomi, seier ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen. Medan andre kommunar i fylket slit med fråflytting, er Flora ein av seks kommunar som har opplevd vekst i folketalet gjennom heile 2000-talet. Det kan dei takke arbeidsinnvandrarane for. 

Dekkjer arbeidskraftbehovet
Med ei arbeidsløyse på berre to prosent i april, er behovet for  utanlandsk arbeidskraft i Sogn og Fjordane stort. Fylket hadde nærmare 6 000 arbeidsinnvandrarar ved utgangen av 2010, i følgje SSB. Det utgjer kring 10 prosent av sysselsettinga i fylket. Og behovet vil truleg fortsetje å auke.- Også verksemdene her treng ny og spesiell kompetanse for vekst og vedlikehald, seier Susan Merrill Stavøstrand, rådgivar ved NAV Eures i Sogn og Fjordane. - På lang sikt aukar i tillegg gjennomsnittsalderen blant arbeidstakarane i fylket, så behovet for rekruttering frå andre land vil truleg berre bli større i åra som kjem.

Kjem frå Aust-Europa
Dei aller fleste arbeidsinnvandrarane i fylket kjem frå land i EU/EØS-området. Nær halvparten er frå dei austeuropeiske EU-landa. I følgje NAV Eures ligg fylket 10 prosent over gjennomsnittet for landet i bruk av arbeidskraft frå andre EU- og EØS-land. Heile 40 prosent av verksemdene har nytta arbeidskraft frå EU- og EØS-området. – På denne tida av året er det først og fremst hotell- og restaurantbransjen som treng kvalifiserte arbeidstakarar, men elles er det yrkesfaglege, landbruks-, og teknisk personell som er mest etterspurd, fortel Stavøstrand.

Det er brei semje om at arbeidsinnvandring er viktig for næringsutviklinga i fylket. –Verksemdene får ikkje oppdrag utan arbeidsinnvandrarane. Det har vorte umogleg å klare seg utan, seier Jan Tore Bø som er dagleg leiar i FramFlora, Flora kommune sitt næringsapparat. Verksemder i fylket som vi har snakka med, gir uttrykk for det same. Fleire bransjar har vanskar med å skaffe den rette kompetansen. Byggjearbeidarar og helsepersonell er nokre av yrkesgruppene det er mangel på i fylket.

Hindrar utarming av distrikta
Men arbeidsinnvandring handlar ikkje berre om næring. Det har òg ei demografisk side. Medan flyttestraumen mot byane aukar, blir arbeidsinnvandringa stadig viktigare for å halde oppe busetnaden i distrikta. Avisa Nationen kunne tidlegare i år melde at medan folketalet gjekk ned i 115 kommunar, vart 118 kommunar redda frå nedgang i folketalet grunna utanlandsk innflytting i 2011. Denne problemstillinga er høgst aktuell for mange kommunar i Sogn og Fjordane, som over lengre tid har slitt med kraftig nedgang i folketalet.  Men takka vere innvandring har fylket dei siste fem åra opplevd vekst i folketalet.

- Dette er menneskeleg kapital som er heilt avgjerande for å oppretthalde arbeidsplassar, skular og andre offentlege velferdstilbod i distrikta, seier regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang.

Må løfte i flokk
Eit viktig mål framover blir difor å sørgje for at fleire av dei som kjem til fylket for å få arbeid, òg vel å busetje seg her. Ikkje minst må ein sørgje for at dei som buset seg her, blir verande. Men det er stor uvisse blant kommunane om korleis dei skal handtere arbeidsinnvandringa. Det kjem fram i Møreforsking sin rapport «De nye hendene», om arbeidsinnvandring på nordvestlandet. Fleire kommunar manglar ein heilskapleg strategi for arbeids- og familieinnvandring.

Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, meiner temaet er så viktig at det bør inn i dei kommunale planane. – Vi vil bli heilt avhengig av arbeidsinnvandring for å løyse dei oppgåvene som trengst både i det offentlege og i næringslivet. Ho meiner kvar kommune bør utvikle ein strategi for å leggje til rette for arbeidsinnvandring framover. – Det gjeld alt frå bustad og språkopplæring til integrering i barnehagar og skule. Følling peikar på at det er store variasjonar mellom kommunane i fylket, og at kommunar som har erfaring med å ta imot arbeidsinnvandrarar difor må utveksle kunnskap med kommunar som ikkje har det. – Vi i KS ønskjer å vere til hjelp og bidra med rettleiing og kompetanse der det trengs. Kommunane skal løyse veldig mange oppgåver, så eg trur mange strevar med dette. Difor er vi òg avhengig av eit tett samspel med næringslivet.

Følling får støtte frå NHO-sjefen. – Det må eit felles løft til, frå næringsliv, kommunar og frivillige organisasjonar, for å sikre at dei utanlandske arbeidstakarane blir ein integrert del av lokalsamfunnet. Hjelp til finansiering av bustad, rettleiing, og ikkje minst språkopplæring er nokre av tiltaka han trekkjer fram. – Språk må ikkje vere eit grunnlag for nei i utgangspunktet, meiner Stang, som mellom anna foreslår å tilby utanlandske arbeidstakarar intensive språkkurs mot at dei forpliktar seg til å jobbe i verksemda ei viss tid.

Språk er avgjerande
Språk er truleg den største utfordringa for arbeidsinnvandrarane som kjem hit. Skal ein dra full nytte av arbeidsinnvandrarane, er språkopplæring difor essensielt. Dette er noko Møreforsking trekkjer fram i sin rapport. I dag har arbeidsinnvandrarar frå EØS/EFTA-området verken rett på eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Blant dei polske arbeidskollegaene ved Florø Mekaniske Verft er det få som har hatt språkopplæring, trass i at dei har budd i kommunen i fleire år. - Eg har fått tilbod om språkkurs, og byrja på det. Men kurset var ikkje så godt organisert, med mange lærarbytte. Eg vil heller studere på eiga hand, seier Arkadiusz Toporska (32).  Dei kommunale språkkursa er ikkje skreddarsydd for arbeidsinnvandrarar, noko Hotel Alexandra i Loen har teke konsekvensen av. Her får dei tilsette tilbod om private språkkurs i hotellets regi. – Kommunen sine kurs er for seindrektige og fokuserer ikkje på det vi meiner er viktig, som er det munnlege, seier hotellsjef Rikard Grov.

Jobb til begge
«Derfor blir vi her - innvandrere i Distrikts-Norge» er tittelen på ein fersk rapport frå NIBR. I tillegg til språkopplæring, kjem rapporten med ei rekkje andre forslag til korleis kommunar kan sikre at innvandrarar blir ein varig ressurs i lokalsamfunnet. Oppretting av ei lokal rådgivingsteneste for alle tilflyttarar er eit tiltak som blir nemnd. Rapporten er delvis basert på innvandrarar sine eigne erfaringar, og avdekkjer at mange arbeidsinnvandrarar opplever manglande oppfølging frå kommunen si side. Dei etterlyser mellom anna meir informasjon og rettleiing om etablering i arbeids- og bustadmarknaden. NIBR peikar også på at sannsynet for at arbeidsinnvandrarar blir verande, er større dersom dei har familie. Difor er det avgjerande at kommunane legg til rette for at òg partnar finn arbeid lokalt. Kartlegging av ektefeller si utdanning og arbeidserfaring kan vere ein god start.