Sikrar mjølkeproduksjonen

Landbruk

Sikrar mjølkeproduksjonen

Unge som gjer mjølkeproduksjon til eit karriereval er sjeldan vare, òg i Sogn og Fjordane. Tor Anfinn Lillestøl frå Eid valde å følgje draumen. 

- Eg har vakse opp på gard og alltid likt å arbeide med dyr. Dessutan ønskte eg eit aktivt yrke, forklarar Lillestøl om kvifor han satsar på det krevjande tilveret som mjølkebonde. Sidan mars har han og sambuaren drive okse- og mjølkeproduksjon på foreldra sin gard i Eid. Dermed bidrog det unge paret til ei positiv utvikling i mjølkeproduksjonen i fylket. Før jul synte prognosar frå Tine Vest at produksjonen for 2012 låg an til å auke med ca. tre prosent samanlikna med 2011.

Lokalmiljø betyr alt
I ei næring som slit med å rekruttere ungdom, er den unge mjølkebonden frå Eid eit forfriskande døme på ein som går mot straumen. Men han er klar på at karrierevalet er for dei spesielt interesserte. – Dei første åra er knalltøffe, særleg sidan ein får lite tilskot og lever på inntekta frå produksjonen åleine. Så langt har Lillestøl skaffa seg 50 oksar og ein mjølkekvote på 180 tonn. Det krev sitt. – Det blir lange dagar, særleg når eg òg arbeider 60 prosent som tømrar. Det krev alvorleg mykje arbeid, ein sterk vilje og eit godt miljø av andre bønder for å lukkast. Eit godt nettverk lokalt er alfa og omega for ein som ønskjer å starte sin eigen gard, meiner Lillestøl.

Optimisme i Eid
Då er han truleg på rett stad. Eid bondelag vann i 2012 prisen for årets lokallag, mellom anna for sine sosiale aktivitetar, fagmøter og generelt godt organisasjonsarbeid. – Bondelaget arrangerer alt frå opne gardar til loppemarknad og kafé og er ei viktig drivkraft lokalt, seier Lillestøl. Støtta frå lokalmiljøet har vore viktig for å halde motivasjonen oppe. – Det er mange optimistiske bønder i Eid som ønskjer å oppretthalde matproduksjonen, og miljøet er ei god blanding av unge og eldre. 

Tollvernet ikkje avgjerande
Fleire gardbrukarar i Sogn og Fjordane deler optimismen frå Eid. Det syner tala frå Næringsbarometeret. 40 prosent ventar å auke omsetnaden i 2012 og 30 prosent ventar betra lønsemd. Resultata frå spørjeundersøkinga viser òg at bøndene i fylket jamt over er meir optimistiske enn i Hordaland.

Fleire vonar at omlegginga av tollvernet blir bra for framtida. Fire av ti gardbrukarar trur omlegginga av tollvernet vil vere svært viktig for den framtidige inntektsutviklinga. Samstundes trur seks av ti at tollvernet ikkje vil bli avgjerande.

Investerer i ny teknologi
Også investeringane er venta å auke. Vel ein tredel ventar høgare investeringar i 2013. Tor Anfinn Lillestøl er blant dei som har planar for det nye året. – Draumen er å byggje ny robotfjøs. Då er det mogleg å ha 40-50 kyr og likevel kunne ha ein normal arbeidsdag. Dessutan vil det gi meir mjølk.

Ny teknologi vil nå fleire fjøs det neste året, i følgje undersøkinga til Næringsbarometeret. Nær ei av fire verksemder planlegg å ta i bruk nye produksjonsmetodar i løpet av 2013. Det er nesten like mange som i 2012. Investeringane og nyskapinga skjer først og fremst i produksjonsprosessen. Langt færre har planar om å investere i utvikling av nye produkt og tenester (sjå figur 2).