Skundar seg langsamt

Norsk og internasjonal økonomi

Skundar seg langsamt

Veksten i verdsøkonomien går tregare enn venta. Også her heime har aktivitetsnivået dalt det siste året. Det er likevel ikkje grunn til krisestemning. 

I haustmørket i november måtte OECD erkjenne at verdsøkonomien slett ikkje ser like ljos ut som den gjorde i mai. Då justerte dei ned sine vekstprognosar både for fjoråret og inneverande år. No ventar OECD 2,7 prosent vekst i 2013 og 3,6 prosent i 2014. Det er ein reduksjon på nesten 0,5 prosentpoeng for begge åra sidan prognosane i mai.
Årsaka til at verdsøkonomien veks mindre enn antatt, er i hovudsak lågare vekst i dei veksande økonomiane, der dei såkalla BRIICS landa (Brasil, Kina, India, Indonesia, Russland og Sør-Afrika) er sentrale. Sidan finanskrisa har den globale veksten først og fremst kome frå desse landa, som målt i BNP utgjer ca. 30 prosent av verdsøkonomien. Lågare vekst her påverkar dei etablerte økonomiane i større grad enn tidlegare. Ikkje minst har Kina vore ei viktig drivkraft. Før finanskrisa opplevde den kinesiske økonomien ein vekst på over 14 prosent. Dei siste åra er veksten redusert kraftig, og ligg i 2014 an til å bli 8,2 prosent. Trass i ei viss nedkjøling, har dei fleste BRIICS-landa likevel ein vekst langt over nivået i dei etablerte økonomiane.

Uvisse om USA
Fleire usikre faktorar i amerikansk økonomi medverkar også til at OECD justerer sine forventingar. Signala til den amerikanske sentralbanken om å trappe ned kjøpet av obligasjonar skapte stor uro i marknaden i fjor. Budsjettkrisa tidlegare i haust, som førte til at delar av offentleg sektor vart stengd, gjorde ikkje uroa mindre. OECD åtvarar mot eit bindande gjeldstak og understrekar at konsekvensane både for den amerikanske økonomien og verdsøkonomien kan bli store dersom USA når gjeldstaket, og ikkje får fleirtal i Kongressen om å heve det.

Samla sett bidrog uroa til at veksten i amerikansk økonomi blei langt lågare i 2013 enn året før. Anslaget for 2013 var på 1,7 prosent i følgje OECD. Dersom styresmaktene blir samde om ei  løysing, spår OECD at den amerikanske økonomien gradvis vil styrke seg gjennom 2014 og 2015. Anslaget for 2014 er førebels på 2,9 prosent og vil truleg auke til 3,4 prosent i 2015. Også den sterke veksten i sysselsettinga vil halde fram.

Treg euro-vekst
Veksten har no tatt seg opp i ei rekkje europeiske land. Men 2013 var likevel eit nytt år med økonomisk tilbakegang for euro-sona samla sett. OECD sine prognosar viser at økonomien i eurosona krympa med 0,4 prosent. I tillegg til Hellas og Spania opplevde Tsjekkia, Italia, Nederland og Slovenia  alle økonomisk tilbakegang i fjor. OECD peikar på utfordringane i banksektoren som det viktigaste hinderet for ny vekst i eurosona og understrekar behovet for å etablere ein fullverdig bankunion.

Sjølv for motoren i europeisk økonomi har det vore eit svakt år. Tyskland opplevde ein vekst på 0,5 prosent i 2013 i følgje OECD. Dette er lågare enn i 2012, då BNP auka med 0,9 prosent. Også Frankrike slit med ein økonomi på låggir. Veksten i 2013 var på svake 0,2 prosent. Storbritannia hadde eit betre økonomisk år. BNP auka med 1,4 prosent etter eit 2012 der økonomien nærmast hadde stått stille.

På veg ut av krisa
Men kanskje kjem alt til den som ventar. OECD sine prognosar tyder på at 2014 er året då euro-sona omsider vil vere på veg ut av krisa. Økonomien ligg an til å vekse med 1 prosent. Det er framleis svakt, men likevel eit teikn på at den negative trenden er i ferd med å snu. Den tyske og britiske økonomien ligg an til å vekse med høvesvis 1,7 og 2,4 prosent, medan Frankrike ser ut til å få ein vekst på 1 prosent. Dei hardast ramma økonomiane må tåle nok eit år med økonomisk nedgang. Det gjeld både Hellas, Nederland og Slovenia. Først i 2015 ser det ut til at alle euro-landa vil vere ute av resesjonen.

Høg arbeidsløyse til 2015
Det vil ta lenger tid å løyse problema i arbeidsmarknaden. Arbeidsløysa i euro-sona klorar seg fast på 12 prosent. I følgje OECD er det ikkje betring i vente før midtvegs i 2015. Verst er det framleis i Hellas og Spania, kor allereie meir enn ein av fire er utan arbeid. Arbeidsløysa vil halde seg på dette nivået også dei komande to åra.

Positive innkjøpssjefar
Medan OECD justerer ned sine vekstanslag, gjekk PMI-indeksen (purchasing managers index) derimot kraftig fram i ei rekkje land i november. Indeksen er basert på forventingane til innkjøpssjefar over heile verda og er slik sett ein god indikator på korleis aktiviteten i industrien vil utvikle seg framover. Ein sterkare PMI-indeks tyder på auka etterspurnad. Både i USA og Storbritannia auka desse indeksane til eit høgare nivå enn på lenge. Også i fleire andre europeiske land, der den økonomiske veksten elles er svak, viser PMI-indeksen teikn på auka aktivitet. Det gjeld m.a. Tyskland og Italia.

Lågare vekst heime
Også signala frå norske innkjøpssjefar er positive. PMI-indeksen viste i november teikn på auka aktivitet i industrien her heime. Ein indeks over 50 poeng viser auka aktivitet, og frå oktober til november auka denne frå 53,7 til 54,5 for norsk industri. Oppgangen skuldast først og fremst auke i talet på nye ordrar.

Det er med andre ord framleis vekst i norsk økonomi. Tal frå SSB viser likevel at fastlandsøkonomien samla sett utvikla seg svakare enn venta i 2013. Medan prognosane for mai viste ein vekst på 2,4 prosent, justerte SSB anslaga ned til 1,8 prosent i desember. Det er ein markert nedgang frå 2012, då fastlandsøkonomien vaks med 3,4 prosent. Svakare utvikling i bustadmarknaden og eit lågare privat konsum er hovudforklaringa. Men også låg etterspurnad frå utlandet gjer sitt til at aktiviteten blir lågare enn venta. Ein svekka kronekurs og auka investeringar i petroleumssektoren har ikkje vore nok til å vege opp for dei negative faktorane.

Dei same tendensane vil truleg gjere seg gjeldande også i 2014. Utsiktene er likevel noko lysare. SSB anslår ein vekst på 2,1 prosent. Styrka innanlands og internasjonal etterspurnad vil venteleg gi ytterlegare oppgang i 2015, med ein vekst på 2,5 prosent.

Rekord i utbyggingsinvesteringar
Investeringane i olje- og gassektoren held fram med å vekse. I fjor blei det investert 211,9 milliardar kroner i sektoren. Det var 31,3 milliardar meir enn året før. For 2014 anslår SSB at investeringane vil nå rekordhøge 223,3 milliardar kroner. Det er det høgste anslaget sidan SSB starta investeringsteljingane i 1985.  Det er først og fremst investeringar til utbygging av eksisterande felt som aukar. Utsetjing og framskunding av utbyggingsprosjekt kombinert med auka utbyggingskostnader bidrar til å auke investeringane. Investeringane til leiteaktivitet går derimot ned samanlikna med 2013. 

Kjelder
http://www.oecd.org/economy/outlook/Handout_English.pdf)
http://www.oecd.org/eco/outlook/macroeconomic_situation.pdf
http://www.dn.no/forsiden/borsMarked/article2728289.ece
http://stats.oecd.org/Index.aspx?DataSetCode=EO
http://www.dn.no/energi/article2727944.ece