Slit med å finne fagfolk

Arbeidskraft og rekruttering

Slit med å finne fagfolk

Næringslivet i Sogn og Fjordane manglar kring 800 kvalifiserte arbeidstakarar. Men i somme bransjar kan det bli vanskeleg å få tak i dei rette folka. Størst er utfordringa innan bygg og anlegg. 

– Det er eit nasjonalt problem. Heile bransjen har behov for fagfolk, seier Leif Arne Åsen. Som dagleg leiar i den største entreprenørverksemda i fylket, Åsen og Øvrelid, veit han kva han snakkar om. Bedriftsundersøkinga viser at 16 prosent av verksemdene i næringa opplever det same. Estimat frå NAV viser at bygg- og anleggsbransjen manglar kring 200 tilsette berre i Sogn og Fjordane.

Får ikkje søkjarar
Òg andre bransjar slit med å fylle ledige stillingar. Årsaka er stort sett den same: mangel på kvalifiserte søkjarar. Størst er utfordringa i transportnæringa, der nesten ei av fire verksemder melder at dei ikkje har klart å rekruttere arbeidskraft dei siste tre månadene. Også innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting og offentleg og privat tenesteyting står stillingar tomme grunna mangel på kvalifiserte søkjarar. Fleire av verksemdene har sett seg nøydde til å tilsetje søkjarar utan dei etterlyste kvalifikasjonane.

Saknar byggjearbeidarar og helsepersonell
Bedriftsundersøkinga viser at behovet og tilgangen på relevant kompetanse ikkje stemmer overeins. Forutan bygningsarbeidarar og handverkarar, er helsepersonell den største mangelvara. Utfordringa med å skaffe tilstrekkeleg helsepersonell til kommunane er ikkje ny. Somme løyser problemet gjennom auka bruk av ufaglærd arbeidskraft. 11 prosent av verksemdene innan offentleg og privat tenesteyting medgir at dei har måtta tilsette personar med annan eller lågare kompetanse.

Likevel er det relativt få som vender blikket utanlands. Av verksemdene som opplever rekrutteringsvanskar, er det berre 16 prosent som planlegg å rekruttere frå utlandet. I privat sektor er talet 18 prosent. Det er først og fremst verksemdene innanfor industrien, primærnæringane og bygg og anlegg som planlegg å rekruttere utanlands. 

Nøkterne optimistar
I ei tid der ekspertar og politikarar stridast om kva retning verdsøkonomien tar, vågar ikkje verksemdene i fylket å ta sjansen på storstilt rekruttering av nye medarbeidarar. Bedriftsundersøkinga viser at 22 prosent av verksemdene ventar å auke talet på tilsette i løpet av det neste året, medan 11 prosent ser for seg ein reduksjon i arbeidsstokken.

Men biletet er nyansert. I lokala til programvareselskapet Elis i Dale blir det trongare om plassen det komande året.  – Om planane våre skal realiserast må vi i gjennomsnitt rekruttere ein ny medarbeidar kvar fjerde veke resten av året, fortel administrerande direktør Edgeir Aksnes. Verksemda høyrer til ei næring prega av optimisme for det neste året. Heile 40 prosent av verksemdene innan informasjons- og kommunikasjonsbransjen ventar å auke talet på tilsette.
Aksnes ser heller ikkje noko problem med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. – Det er enklare å rekruttere høgt kompetent arbeidskraft til Dale enn det er i Oslo. I byane er det større kamp om arbeidskrafta. Mange av dei som jobbar hos oss er folk som vender heim til fylket, eller som har ei eller anna tilknyting, fortel Aksnes. Han meiner dette gir ein meir stabil arbeidsstyrke.

Eksportnæringa skjer ned
Utsiktene i eksportnæringa ber derimot preg av at mykje har hendt sidan mai i fjor. Situasjonen er kraftig forverra samanlikna med fjoråret. Då venta over halvparten av dei mest eksportretta verksemdene å auke arbeidsstokken. I dag trur nesten 40 prosent at dei kjem til å måtte redusere arbeidsstokken det neste året. Sjølv om eksportnæringa i fylket er liten i talet på verksemder, utgjer dei viktige arbeidsplassar for fylket. Utviklinga gir difor grunn til ei viss uro.